FK Vang - Nordre Land:: 2-5 (0-3)

PUBLISERT 18. september 2015
Tveit stadion kunstgras, fredag 18. september kl. 19.30
Dommar: Jan Ole Skinnehaugen
Assistentar: Nils Arne Solberg og Endre Fremstad
Speaker: Kjell Magne Kvale
Publikum: ca 25 stk.
Nordre Land var gode fyrste omgangen mot eit heller tafatt
heimelag.
Når 5 minutt var spelt av andre omgangen låg vertene under med
heile 5 mål, og det såg mørkt ut.
FK Vang heva seg kraftig etter dette og var det beste laget resten
av kampen.
Nordre Land hadde stor bevegelse i laget og fekk for store rom i
fleire situasjoner dei fyrste 45 minutta. Dette førte også til ekte
hat-trick for gjestenes gode avsluttar Leon Lynard, der måla kom
etter 13, 23 og 38. minutt.
FK Vang var for dårlige i presset denne omgangen og gav bort for
store rom.
Når det er sagt scora Nordre Land på halvparten av sjansene dei
hadde, FK Vang på si side hadde 3 sjanser og 3 cornera denne
omgangen utan uttelling.
Bedre i presset og ikkje pussletaklingar var fokuset i
pausa.
Oppskrifta vart bra den, men ikkje i starten av 2. omgang.
Nordre Land fekk corner etter 3. minutt, ballen vart skrudd
direkte i mål etter att vår keeper vart pakka inn. To minutt etter
dette kom scoring nr. 2, men så var det slutt for gjestene som
ikkje skapte særleg meir resten av kampen.
FK Vang fungerte mykje bedre og spelte seg til fleire småsjanser,
me var mykje bedre i presset og gjestene gjorde feil som førte til
at spelarane våre vant ballen høgt oppe i banen.
Kveldens finaste mål kom på årets flottaste scoring så langt for
FK Vang i det 73. minutt.
Erik Martinsen blir spelt på feilvendt, han flikkar ballen tilside
over midtstopparen til N. Land. Kim Kveno kjem på djupt løp og er
fri mot N. Land sin tidlegare tippeligakeeper som blir lurt av den
godeste Kim, stor prestasjon og nydeleg scoring.
FK Vang har fleire tilløp, men lykkast ikkje før det står att 4
minutt på kampuret. Frank Skoglund scorar etter klabb og babb etter
ein corner, Vegard Kjøs Egge får assisten på denne.
Synd hemelaget ikkje er med i fyrste del av kampen, FK Vang med
meir treningstimar samla kunne fort ha hevda seg i 4. divisjon i
år.
Laget: Jarle, Håvard, Thomas, Frank, Tore, Sverre, Kim B,
Øyvind, Vegard K E, Kim K, Erik, Kai Arne S, Kai Arne K og
Henning.
Kim Kveno vart kåra til FK Vang sin beste i kveld, Kim er
teknikkeren i laget og beviste dette med scoringa si i kveld.
Slitaren Øyvind Kjøs Egge tek andre plassen i kveld mens fire stk
deler siste pallplassen: Frank Skoglund, Jarle Haugrud, Thomas
Hilmen og Kim Bøland.
Tre kampar igjen i årets serie, viktig att alle prioriterer
desse.
Trening måndag kl. 19.30 på Tveit. Møt opp!!
God Jul og Godt Nytt År (1)
PUBLISERT 27.12.2015
FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2016 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstider: Les meir
FK Vang A-lag 2016
PUBLISERT 14.12.2015
Ny sesong og nye muligheter i 4 div. for klubben i IØFK som ligger lengst mot vest. FK Vang fekk ein tøff start på 2015 sesongen, men avslutta rimeleg bra og fekk fleire lag bak seg når siste kamp var spelt. Vegard Kjøs Egge blir med i trenarduoen for sesongen 2016, saman med Ola Rogn Tveit.
Årets spelar 2015
PUBLISERT 13.12.2015
Jarle Haugrud vart årets spelar i FK Vang. Keeper Jarle har til tider storspelt i årets sesong, han har redda både straffer og andre meget store sjanser på mesterlig vis. Slidringen synest det vart lite arbeid som bakerste mann i 5. div. og rett og slett kjedelig. Jarle likar godt at det er mykje å gjera i kampane og er vel ein av fleire som har stortrivs med bedre motstand i årets 4. div. Meget fortjent at Jarle Haugrud fekk denne prisen i år.
Vind - FK Vang: 3-1 (2-1)
PUBLISERT 10.10.2015
Vind kunstgress 10 oktober 2015 kl. 15.00. Dommar: Arnfinn Botten. Assisentar: Vedbjørn Engeli og Martin Kraby Simenstad. Publikum: ca 50 stk. Og fleire av dei ivrige FK Vang supporterar frå Vestre Slidre. FK Vang hadde ein god serieavsluttning på burtebane i dagens oppgjer på Vind kunstgress. Gjestene var det førande laget mot eit heller svakt heimelag i store deler av dei fyrste 45. minutta. Frank Skoglund sendte FK Vang i føringa etter 20 minutt, laget fungerte meget godt og var veldig nære og dobble ledelsen ved to anledningar etterpå. Vind tok grep med eit bytte sentralt i slutten av omgangen og fekk ny giv. To heldige scoringar for heimelaget som kom med god hjelp frå oss heilt på slutten av omgangen førte til Vind ledelse ved pause.