Siste nytt

Sogndal3 - FK Vang: 2-4 (0-4)
PUBLISERT 17. mars 2025
Fosshaugane Stadion, 16.mars kl.15.00. Dommertrio. Storvegs å få spela kamp igjen på sjølvaste Fosshaugane Campus. Knallstart av gjestene fra Vang i Valdres i for vår del årets fyrste treningskamp. Heimelaget sleit stort før pause, men fekk meir orden på lagdelene etter pausa. Me takker og bukker for opplevelsen og tilrettelegginga frå Sogndal Fotball. Også stor takk til supporterane frå Vang som tok turen over fjellet.
Årsmøte FK Vang
PUBLISERT 28. februar 2025
Årsmøte FK Vang for 2024. Møtetype: Fysisk møte/Årsmøte. Dato: 27. mars 2025, 19.00. Sted: Tveit Stadion

Trippel serie også i 2025
PUBLISERT 5. februar 2025
Bagn, Fagernes Slidre/Røn, Øystre Slidre og FK Vang blir også dette året avdeling 3 i 6. divisjon. Det blir trippel serie der det blir spelt 12 kamper totalt. Dei andre laga i avdelinga var ikkje klare for å utvide horisonten derfor blir det kun kamper i Valdres også i år.
Sesongen 2025 er igang
PUBLISERT 28. januar 2025
FK Vang har styrka støtteapparatet. Terje Lauhaug er komen inn og skal styre gjengen saman med Ola Rogn Tveit. Terje har erfaring både frå banen og i trenerapparat frå før, og blir ein stor tilvekst for klubben. Velkommen til klubben Terje! Me har trenig i Valdres storhall tysdagar kl. 20.15 - 21.45 og der er både nye og nåverande spelara velkomne. FK Vang skal også besøke Sogndal før sesongen kjem igang og vil møte eit sognelag på Campus eller i Sognehallen i mars.