Even Neshagen5 mål i 2023
Åsmund Bakkene4 mål i 2023
Kasper Kjeldsen3 mål i 2023
Ingen mål registrert
 

Ø.Slidre/Rogne - FK Vang: 0-2 (0-0)

PUBLISERT 16. mai 2023

Rogne stadion 16 mai 2023, kl. 19.30
Dommere: Jan Erik Haugom, Frank Evertsen og Nils Jørgen Forreløkken.
Publikum: ca. 100 stk., kanskje ikkje ny rekord, men mange på ein hustrande og kald 16. mai kveld. Fint med så mange russ!

FK Vang vant fortjent i seriestarten på bortebane i Rogne. Gjestene sto på til krampa tok dei og hadde ein forykande 2. omgang.
15. åringen Even Neshagen sto for begge scoringane i kampen og vart kveldens FK Vang spelar. Storvegs av ungguten som fortjener både is og pølser på nasjonaldagen!

Heile laget får godkjent og me spelar til tider fin fotball og gjer stort sett fornuftige valg i situasjonane som oppstår i kampen.
Moro at det også er dommartrio, og trioen gjer ein utmerka jobb!

Kampen starta med stillingskrig, Ø.Slidre fekk sidevalget og valgte medvinden før pause. 
Heimelaget var også best denne omgangen, og hadde to sjanser som vår gode keeper Kjell Magne Kvale redda mesterlig. FK Vang var med også denne omgangen men skaper ikkje sjanser. Det er notert 4 cornere og ei halvsjanse på gjestene før pause.

I pausa er eg godt tilfreds med det eg har sett, det er store endringer i lagdelene. I midtforsvaret debuterer Markus Kjensrud og Håvard Frøyen med bravur, det er også endringar i andre deler av laget som fungerer godt.

Andre omgangen blir FK Vang sin med 5 store målsjanser og 6. cornere, heimelaget har ingen av delene denne omgangen. Gjestene er gode stort sett heile denne omgangen og har vel to i metallet i tillegg til scoringane.
Even Neshagen scorer 0-1 målet etter gjennomspel frå Tobias Kassel, nydeleg mål og fyrste scoringa til Even på A-laget i det 80. minutt.
Fem minutter etterpå er han frampå igjen og puttar sitt og FK Vang sitt mål nummer to etter assist frå Jan Magne Almenning. 

Dagens mann i FK Vang vart Even Neshagen tett fulgt av Tobias Kassel, nummer tre i kåringa vart Kjell Magne Kvale og Håvard Frøyen. Ellers var det god prestasjon av heile gjengen og alle fekk speletid, sjølv om det vart få minutt for nokre med dei taktiske byttene på slutten.

Laget: Kjell Magne, Emran, Markus, Håvard, Olav, Jan Magne, Kim, Kristian, Eivind, Even, Tobias, Andris, Kai Arne, Kabid, Gard og Haakon 

Vårt trofaste publikum stiller opp og får fortjent bølgen etter kampslutt.
Vi takker og bukker!     

FK Vang - Vest Torpa: 0-1 (0-0)

PUBLISERT 25.02.2024

Valdres Storhall laurdag 24.februar 2024 kl. 14.00. Dommar: Morten Huset, Aurdal Leira IL. Fint å koma igang med årets fyrste treningskamp. Vest Torpa har ønsker om å være med i toppen i si avdeling i 6. divisjon og er slik sett ein fin motstander for oss som er med i Valdresavdelinga i 6. div. FK Vang spelar ein god kamp og kan fort vinne kampen med fleire mål om dei gedigne sjansene blir putta.

Les meir »

Avsluttning 2023

PUBLISERT 04.11.2023

Tveit stadion klubbhus laurdag 4. november 2023. Ein del av dei 30 spelarane som hadde speletid for FK Vang i 2023 møtte opp og hadde ei fin stund på klubbhuset. Man U og Man City vant begge sine kamper som gjekk på 65 tommer storskjerm lånt fra Monter på Kvismoen. Tobias Kassel vant suverent tittelen årets spelar, foran Kasper Kjeldsen og Markus Kjensrud. Tobias fekk også premie som assistkongen 2023. Evene Neshagen fekk toppscorarpokalen og Åsmund Bakkene fekk premie for årets mål

Les meir »

FK Vang - Bagn/Valdres2: 1-0 (1-0)

PUBLISERT 29.09.2023

Tveit stadion kunstgras fredag 29.9 kl. 20.00. Dommer: Frank Evertsen, Øystre Slidre IL. Ass.dommer1: Nils Jørgen Forreløkken, Øystre Slidre IL. Ass.dommer2: Niklas Lund Ulfstedt, Øystre Slidre IL. Speaker: Ordfører Vidar Eltun. Kampvert: Kai Rune Hemsing. Publikum: ca 60 stk ifølge kampvert. Herlig med seier mot eit godt kjempende Bagn/Valdres FK2 i flomlyset på Tveit stadion i kveld. FK Vang var meget gode før pause, tempoet var stort og passningane og bevegelsen var prima. Even Neshagen får bra treff etter ein retur frå forsvaret og fører FK Vang i ledelsen etter kun 7 minutt. Even som kun er 16. år blir toppscorer for FK Vang A-lag denne sesongen, med dette treffet og kampens einaste mål. Storvegs prestasjon av vårt unge talent.

Les meir »

Slidre/Røn - FK Vang: 4-2 (3-2)

PUBLISERT 16.09.2023

Røn stadion lørdag 16.september kl. 15.00. Dommer: Frank Evertsen, Øystre Slidre IL. Publikum: 50 stk. Slidre/Røn hadde mobilisert til dagens kamp og vant fortjent. FK Vang hadde kun 2 stk på benken og det vart tungt utover i kampen på ein blaut grasbane i Røn. Slidre/Røn kjempa best og fekk sin fyrste seier for sesongen, FK Vang er dessverre ute av seriemestertittelen etter tapet i dag. Tobias Kassel scora kampens fyrste mål etter 2 minutt, men Slidre/Røn kvitterte kun minutter seinare.

Les meir »