Tobias Kassel9 mål i 2022
Åsmund Bakkene5 mål i 2022
Eivind Bakkene4 mål i 2022
Ingen mål registrert
 

FK Vang - Slidre/Røn: 7-0 (4-0)

PUBLISERT 20. mai 2022

Tveit stadion 20 mai kl. 19.00.
Dommer: Frank Evertsen, Øystre Slidre IL.
Speaker: Vidar Kassel.
Kampvert: Kjell Otto Framstad.
Publikum: 100 stk.

Seier i årets fyrste kamp med store siffer. Slidre/Røn klarte ikkje å stå opp mot eit meget godt FK Vang i kveld. Når heimelaget klarte å trille ballen fort med stor bevegelse i laget vart gjestene statister.
Vi håper at Slidre/Røn kjem sterkar utover sesongen, det har eg stor tru på. 

FK Vang var bestemt på å gå ut i høgt tempo og dette vart gjennomført som tenkt. 
Tobias Kassel måtte desverre ut etter kun 9. minutt etter overtråkk, men Emran kom inn og gjorde sine saker bra.
Femten minutt ut i kampen kom fyrste scoringa, vår nye mann Piotrek Waclawski fekk sitt fyrste mål i Vangstrøya etter assist frå Jan Magne Almenning. 2-0 kom etter innlegg frå Kim Bøland som gjekk direkte i mål, kampuret viste då 23 minutt. Så var det Eivind Bakkene show på dei to neste måla, den fyrste etter assist frå Olav Almenning og den andre etter assist frå Emran Ahmadzai og den siste var ei perle! Måla kom i det 30. og det 33. minutt.
I pausa var FK Vang meget godt tilfreds med kampen så langt, Andris og Haakon som hadde små kjenningar fekk fri og Even Neshagen og Kai Arne Kvale kom inn. Even fekk sin deby på A-laget i seriespill og Kai Arne kom inn til sin kamp nummer ......?

Andre omgangen starter med litt mindre tempo, men FK Vang kjører på. 11. minutt ut i omgangen er det Jan Magne Almenning raid, han går forbi 4 mann og set kula utagbart for Slidre/Røn sin keeper. Neste scoringa er ei Åsmund til Åsmund scoring, Åsmund Lindvik Råbøl har assisten til navnebror Åsmund Bakkene som puttar det 6. målet i kveld.
Piotrek Waclawski scora sitt andre og kampens siste mål etter assist frå Eivind Bakkene.

Moro å sjå innhopp av tidligere storheter på FK Vang. Både Anders Skrebergene, Kai Arne Kvale og Thomas Hilmen fekk vist fram sine kunster. FK Vang er heldig stilt med at mange som har spelt for klubben fortsatt slenger seg med noen treninger og kan bidra når det trengs.  

Eivind Bakkene vart dagenes mann på Tveit stadion, Åsmund Lindvik Råbøl som nummer 2 og Åsmund Bakkene som nummer 3. Ungguten Even Neshagen tok 4. plassen i kåringa, sterkt av Even som jobber som ein helt.

Laget: Haakon, Olav, Kasper, Andris, Åsmund L.R, Jan Magne, Kim, Åsmund B, Eivind, Tobias, Piotrek, Emran, Even, Kai Arne, Anders og Thomas. 

Fotballfest FK Vang 2022

PUBLISERT 30.10.2022

Klubbhuset på Tveit Stadion laurdag 29.10.2022 Tobias Kassel, årets spelar, toppscrar og assistkonge FK Vang A-lag sesongen 2022! Slå den!

Les meir »

Nye karer i stallen

PUBLISERT 29.09.2022

Kristian Thunshelle, Gard Berge Kvien, Sebastian Kvale og Eskil Kjøs ønskes velkomne i stallen til A-laget. Alle fra Vang og alle har også gått gradene i FK Vang.

Les meir »

FK Vang - Bagn: 1-2 (1-1)

PUBLISERT 17.09.2022

Tveit stadion kunstgras, lørdag 17. september kl. 15.00. Dommer: Frank Evertsen, Øystre Slidre IL. Speaker: Ordfører Vidar Eltun. Kampvert: Kjell Otto Framstad. Publikum: 74 stk. Bagn drog det lengste strået i dag og fikk med seg 3 poeng i ei jamn batalje på Tveit stadion. Heimelaget var svekka etter skada til Andris og forfall frå brødrene Bakkene, Kasper, Marcus samt att Piotrek måtte ut etter kun 10 minutt med ei skade i leggen. FK Vang starta bra med frisparket frå Åsmund Lindvik Råbøl som går inn via Bagn sin keeper, dette skjer etter 1. minutt. Bagn scora sine 2 mål i slutten, etter at FK Vang har nokre megasjanser. Hallgrim Rogn som ikkje har spelt aktivt på fleire år, blir dagens FK Vang mann med god margin.

Les meir »

Vest Torpa - FK Vang: 2-3 (1-2)

PUBLISERT 10.09.2022

Lundemoen grasbane lørdag 10. september kl. 13.00. Dommer: Frank Evertsen, Øystre Slidre IL. Speaker: Ja. Publikum: 67 stk. Ole Andreas har full kontroll på telling, 5 frå Vang. Andris Løken Helle vart dessverre skadet tidlig i kampen og måtte ta turen til Gjøvik i ambulanse. Laget spilte for Andris resten av kampen og klarte fortjent 3 poeng mot en motstander som er tøffe å møte i Torpa. Andris fekk ei kneskade, men etter rapporten fra han selv fra sykehuset høres det ut som det har gått rimelig bra selv om kneet var ute av ledd. Andris fortjener virkelig bilde på nettsida etter denne kampen.

Les meir »