Tobias Kassel9 mål i 2022
Åsmund Bakkene5 mål i 2022
Eivind Bakkene4 mål i 2022
Ingen mål registrert
 

Bagn - FK Vang: 2-3 (1-0)

PUBLISERT 17. juni 2022

Fossevang Stadion kunstgress fredag 17. juni kl. 19.00.
Dommer: Jan Erik Haugom, Vardal IF.
Speaker: Ja.
Publikum: ca. 40 stk.

Gjestene drog det lengste strået i kveld etter ekte hattrick av Tobias Kassel i ei periode på 6 minutt i andre omngang. Bagn var påskrudd og scora dei to første måla i kampen.
Før pause var det stillingskrig, men Bagn hadde 1-0 denne omgangen.
FK Vang var det beste laget etter pause og det føles som ein fortjent seier nbår dommaren bles for full tid. 

FK Vang hadde kun 13 stk. tilgjengelege i kveld, så benken var heller tynn. Alle fekk speletid og alle presterte meget bra.
Som skrevet var 1. omgangen jamn, Bagn starta best og scora kampens første mål etter 13. minutt. FK Vang avslutta denne omgangen best men måla uteblei.

I pausa fokuserte vi på der vi skulle angripe vertene, og det starta ikkje bra. Kun 1. minutt ut i omgangen scorar nemelig Bagn igjen og dette etter klareringsvegring av FK Vang sine spelara. Dette målet burde vore unngått om me hadde klinka ballen ut. 
FK Vang er meir på etter dette og får fortjent straffe i det 8. minutt av omgangen. Jan Magne Almenning blir felt og Tobias Kassel er straffeskytter og set straffa til høgre og utagbart for keeper. 
Kun 3 minutt etter dette er den godeste Tobias frampå igjen og reduserer til 2-2. Framspelet er nydeleg fra Marcus Hermundstad. Det er liv i bortelaget denne perioda, kun 2 minutt etter forrige mål kjem Eivind Bakkene rundt på vår venstre side og sler nydelg inn i feltet der Tobias kjemper med ein Bagnspelar. FK Vang tilkjenner Tobias målet og hans ekte hattrick i kveld.

Bagn har også sine muligheter, men Kjell Magne Kvale rensker ypperleg opp og har stengt buret for kvelden. FK Vang har også fleire gedigne sjanser, men seier blir det og den føles både god og fortjent etter at det er over.

Laget: Kjell Magne, Andreas, Kasper, Marcus, Olav, Even, Kim, Åsmund, Eivind, Tobias, Jan Magne, Adrian og Lukas.

Kveldens FK Vang gutt vart Tobias Kassel med klaaaaaar margin, Tobias har tæl, vilje, fart og teknikk og alt dette viser han i kveld.
Kasper Kjeldsen blir nummer 2 i kåringa, Kasper er på høgt nivå og viser det hver kamp. Åsmund Bakkene og Kjell Magne Kvale deler tredje plassen i kåringa, rutinen og viljen til desse karane dreg resten med. Jan Magne Almenning er like bak desse på ein klar 4. plass, fint at han er skadefri sjølv om blodet rant i kveld. Ekstra moro at heile laget viser seg bra fram og viser det som må til i slike kamper.
No er det sommerferie, men treninger blir det kvar tirsdag.       

 

 

Fotballfest FK Vang 2022

PUBLISERT 30.10.2022

Klubbhuset på Tveit Stadion laurdag 29.10.2022 Tobias Kassel, årets spelar, toppscrar og assistkonge FK Vang A-lag sesongen 2022! Slå den!

Les meir »

Nye karer i stallen

PUBLISERT 29.09.2022

Kristian Thunshelle, Gard Berge Kvien, Sebastian Kvale og Eskil Kjøs ønskes velkomne i stallen til A-laget. Alle fra Vang og alle har også gått gradene i FK Vang.

Les meir »

FK Vang - Bagn: 1-2 (1-1)

PUBLISERT 17.09.2022

Tveit stadion kunstgras, lørdag 17. september kl. 15.00. Dommer: Frank Evertsen, Øystre Slidre IL. Speaker: Ordfører Vidar Eltun. Kampvert: Kjell Otto Framstad. Publikum: 74 stk. Bagn drog det lengste strået i dag og fikk med seg 3 poeng i ei jamn batalje på Tveit stadion. Heimelaget var svekka etter skada til Andris og forfall frå brødrene Bakkene, Kasper, Marcus samt att Piotrek måtte ut etter kun 10 minutt med ei skade i leggen. FK Vang starta bra med frisparket frå Åsmund Lindvik Råbøl som går inn via Bagn sin keeper, dette skjer etter 1. minutt. Bagn scora sine 2 mål i slutten, etter at FK Vang har nokre megasjanser. Hallgrim Rogn som ikkje har spelt aktivt på fleire år, blir dagens FK Vang mann med god margin.

Les meir »

Vest Torpa - FK Vang: 2-3 (1-2)

PUBLISERT 10.09.2022

Lundemoen grasbane lørdag 10. september kl. 13.00. Dommer: Frank Evertsen, Øystre Slidre IL. Speaker: Ja. Publikum: 67 stk. Ole Andreas har full kontroll på telling, 5 frå Vang. Andris Løken Helle vart dessverre skadet tidlig i kampen og måtte ta turen til Gjøvik i ambulanse. Laget spilte for Andris resten av kampen og klarte fortjent 3 poeng mot en motstander som er tøffe å møte i Torpa. Andris fekk ei kneskade, men etter rapporten fra han selv fra sykehuset høres det ut som det har gått rimelig bra selv om kneet var ute av ledd. Andris fortjener virkelig bilde på nettsida etter denne kampen.

Les meir »