Jan Magne Almenning4 mål i 2021
Ola Hilmen Hovi4 mål i 2021
Mats Veisene3 mål i 2021
 

FK Vang - Vest Torpa: 2-1 (2-0)

PUBLISERT 20. august 2021

Tveit stadion kunstgras fredag 20.08.2021.
Dommer: Arvid Holmlund.
Speaker: Ordfører Vidar Eltun.
Publikum: ca 35 stk.
Veldig fint med seriestart igjen og kamp i flomlyset på Tveit etter denne koronapausa på 1 år og 5 mnd.
FK Vang var virkelig påskrudd i 1. omgangen, 8 store sjanser og 12 cornere seier sitt mot Vest Torpa si eine sjanse. Jan Magne Almenning scora etter kun 45 sekund og Åsmund Lindvik Råbøl scora Vang sitt andre mål etter 32 minutt. Uttellinga var heller dårleg, men fantastisk spel til tider der Vest Torpa virkeleg vart statistar. 
Mål nummer 1 kom etter litt klabb og babb der Sondre Aslaksby har assiten til Jan Magne som får ballen over målstreken og i nettet.
FK Vang skaper sjanser og cornera på løpende bånd, bevegelsen, pasningene og framdrifta er av høg klasse.
Åsmund si scoring er ein avsluttning som går via ein Torping i fin boge rett i mål.
Veldig god fyrste omgang av vårt unge mannskap, gutta kan være stolt av den, sjølv om den nok tæra på kreftene.

Andre omgang vart meir stillingskrig og jamnare.
Målet til Mats Veisene vart dessverre ikkje godkjent frå dommaren, målet kom etter corner og den godeste Mats svevde i feltet og hedda ballen i tverrliggar og ned bak målstreken med skru slik at den spratt fram igjen. Trur vel alle ser at den ballen er inne borsett frå ein mann.   
Torpa kom med ein sluttspurt og scora sitt mål i det 87. minutt.
Det hadde vore eit ran om FK Vang hadde gjett bort poeng i denne kampen, men 3 poeng vart det. 

Laget: Rokas, Andreas, Håvard, Eskil, Tobias, Åsmund, Teodor, Sondre, Jan Magne, Ola, Haakon, Andris, Emran, Anders og Lukas

Dagens mann vart Sondre Walter Aslaksby med god margin, Rokas og Åsmund deler andreplassen og Tobias får den siste pallplassen.
Ellers god innsats og tæl på heile hurven.   

 

 

Slidre/Røn - FK Vang: 1-4 (1-0)

PUBLISERT 20.09.2021

Tveit stadion mandag 20. september kl. 20.00. Dommer: Nils Jørgen Forreløkken, Øystre Slidre IL. Speaker: Nei Publikum: 100 stk. Røn stadion vart bytta ut mot flomlys kveldskamp på Tveit. Naboane klart ikkje å stille mannskap på laurdag og klubbane vart enige om å flytte den til Tveit i kveld. FK Vang var heller skrøpelige dei fyrste 45 minutta og Slidre/Røn gjekk til pause med fortjent 1-0 ledelse. Pausepraten gjorde godt og FK Vang spelte opp mot sitt beste i 2. omgang og vant meget fortjent med 4-1. Tre gutter frå Vang på pallen i kåringa etter bataljen. Nr 1 Tobias, nr. 2 Teodor og nr. 3 Jan Magne, som alle scora. Teodor Kværna med kveldens perle.

Les meir »

FK Vang - Hed/Begnad: 2-2 (0-1)

PUBLISERT 10.09.2021

Tveit stadion kunstgras fredag 10. september kl 19.30. Dommer: Tommy Frydenlund, SK Gjøvik-Lyn. Speaker: Haakon Wahlquist. Publikum: ca 80 stk. Spennende kamp ifra start til slutt. FK Vang skapte mest både sjanser og cornere og burde ha vunnet, men gjestene kriger godt og scorer dessverre to mål som begge burde vært avverget. Ola Hilmen Hovi blir kåret til dagens mann for FK Vang, meget god kamp av Ola, synd han blir skadet i sluttminutta. Håper det ikke er langvarig og at forsvarskjempen snart er klar igjen.

Les meir »

FK Vang - Bagn: 2-0 (1-0)

PUBLISERT 03.09.2021

Tveit stadion kunstgras 3. september kl.19.30. Dommer: Geir Erling Heien, Redalen. Speaker: Ordfører Eltun. Publikum: ca 30 stk. FK Vang har startet meget bra denne sesongen, det er virkelig moro å sjå gutta i aksjon. Første omgangen var atter topp klasse, også slutten av kampen var stor av FK Vang sitt unge mannskap. Vi måtte ty til noen tidligere stjerner i kveldens kamp pga forfall og skader på sentrale spillere. Kvalegutta og Kim Bøland kunne heldigvis bli med, og alle tre gjorde en formidabel innsats med minimalt med treningstid. Kasper Kjeldsen vart kåra til kampens store spiller, hans første mål 35 minutter ut i kampen var ei perle av ei scoring og er ein sterk kandidat til årets mål. Kampens dommer var også meget god, bevegelig og oppe i situasjonene.

Les meir »

Etnedal 9er - FK Vang: 2-10 (1-5)

PUBLISERT 27.08.2021

Mosletta stadion kl.18.30, 27.08.2021. Dommar: Kristoffer Solheimsnes. Publikum: Ca 20 stk. 9-er fotball i Etnedal i kveld med spel frå 16 til 16 meter, som medfører mange sjanser og mange mål. Etnedal åpna friskt og gjekk opp i leiing etter 6 minutt, det var vel sjansa som vart notert på dei i 1. omgang. Gjestene tok over og Jan Magne scorar FK Vang sitt fyrste mål som i sist kamp, Ola har assisten. Til pause sto det 1-5 på blokka og etter full tid 2-10. FK Vang var det klart beste laget, men Etnedal vil koma sterkare tilbake trur eg.

Les meir »