Søndre Land - FK Vang: 6-1 (3-0)
PUBLISERT 13. mai 2017
Søndre Land Idrettspark kunstgress fredag 12 mai kl. 19.30
Dommer: Svenn Olav Fossholt.
Assistenter: Iver Rise Thorstad og Vebjørn Hagberg Sveum.
Speaker: Ja
Publikum: ca 50 stk.
Mange forfall til kveldens kamp førte til store endringer i
gjestelaget og det bar laget preg av i starten. 2-0 til
heimelaget etter 11 minutter, begge måla laaaangpassninger som
midtforsvaret vårt taper duellene i og ingen sikkrer bak. Etter
dette er FK Vang det beste laget denne omgangen, berre synd vi ikke
klarer og score på fleire bra sjanser. Det gjer derimot Leon
Lynard som scorer sitt tredje denne omgangen, like før
pause.
Dette sler nok litt lufta ut av FK Vang selv om vi har trua i
pausa.
Andre omgang starter dårlig og 3 minutter ut i
omgangen går S. Land opp i 4-0 etter ett knalltreff fra 25
meter.
FK Vang reduserer ved Morten Sønsteby i det 55. minutt,
passningen har Sivert Bakkene.
Åsmund Bakkene har eit meget bra frispark frå 25 meter
som smell i tverrliggar og ned.
Søndre Land scorer 2 til, det siste i det 92. minutt.
Savnet av våre faste i midtforsvaret vart nok litt større en
vi trudde, Søndre Land utnytta dette til det fulle.
Deler av kampen er vi godt tilfreds med, 11-6 i sjansestatistikken
fortel det.
Vemund Syversrud vart atter kåra til dagens mann i FK Vang, Åsmund
Bakkene kjem på ein god andre plass. Keeper Jarle Haugrud inntek
også pallen som tredje best på gjestelaget.
Laget: Jarle, Mats, Vegard, Tore, Magnus, Jan Magne,
Vemund, Kim B, Sivert, Åsmund, Morten, Sander og
Ola.
Trening måndag 15. mai kl. 20.00 på Tveit.
Neste kamp mot Lunner på Tveit er flytta frå laurdag til søndag 21
mai kl. 12.00.
Vemund Syversrud (1)
PUBLISERT 20.01.2018
Årets spelar i FK Vang! Spelarane sjølve gjer poeng etter kvar seriekamp og poengfangsten tilslutt kårar årets spelar. Nykommaren Vemund Syversrud vant fortjent prisen for 2017, men hadde sterk konkuranse av Åsmund Bakkene og Kasper Kjeldsen. Vemund 104 poeng, Åsmund 101 og Kasper 99, desse tre var i ei særklasse. Toppscorarstatuetten fekk Åsmund Bakkene med sine 8 mål.
God jul og Godt Nytt År
PUBLISERT 24.12.2017
FK Vang takker alle for fotballåret som er gått, og ønsker ett nytt velkommen! A-laget har valgt å spille i 6. divisjon kommende år. Hvorfor vi velger dette er: Mange nye spillere, lange reiser, lang sesong og rett og slett tidsbruken på hobbyen. Vi har også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Utsalg 29, 30 og 31 desember kl. 10.00 - 15.00.
FK Vang - Dombås: 1-3 (1-2)
PUBLISERT 22.10.2017
Tveit stadion kunstgras søndag 22 oktober kl.15.00. Dommar: Tommy Frydenlund. Assistentar: Vidar Hilmen og Knut Anders Saglien. Speaker: Ordfører Eltun. Publikum: ca 20 stk. Avisa Valdres avslutta sesongen forrige helg for FK Vang, men Valdres laget hadde Dombås på besøk i dag i siste serierunde. Kampen var jamn frå start til slutt, men gjestene scora tre mål mot FK Vang sitt eine. FK Vang hadde tre avsluttningar i metallet, to av dei nær krysset. Tur og utur brukar å jamne seg ut i løpet av sesongen, men FK Vang har hatt mykje uttur i år. Heldigvis blir FK Vang nummer 9 på tabellen med god margin, lag nummer 10 Lunner rykker ned til 6.div.
Reinsvoll - FK Vang: 5-1 (4-1)
PUBLISERT 14.10.2017
Reinvsoll stadion 14.10 kl. 14.00. Dommar: Alier Ajak Wuol. Assistentar: Jan Erik Haugom og Ole Anders Ørbekk. Publikum: Jamn og tett start. Reinsvoll presser hardt i starten, men det FK Vang som går opp til leiing 0-1. Henrik Gjestvang sler fin ball frå høgre, Vegard Kjøs Egge er oppe med pannebrasken og set ballen fint til side for Reinsvoll sin keeper. Meget bra start av Valdreslaget men så kjem det ei dårlig periode siste 10 minutta før pause og vertene er oppe i 4-1 før dommaren bles inn til halvtid.