Ringebu-Fåvang - FK Vang: 3-0 (2-0)
PUBLISERT 19. august 2017
Fåvang kunstgress laurdag 19.8.2017 kl.17.00.
Dommar: Ottar Randgaard.
Assistentar: Egil Morten Løvli og Bård Løvli Haugen.
Speaker: Nei.
Publikum: 30 stk.
Store endringar i sentrallinja hos gjestelaget til denne kampen,
men me klarte å få med 14 mann til Gudbrandsdalen.
Karantene på vår faste keeper, midtstopparane på ferie og jobb, to
sentrale på midtbanen på jobb og spissen halvskadet seier
sitt.
Robuste og store spelara på Ringebu-Fåvang vart hakket for tøfft
for vårt unge lag i dag.
17 åringen Magnus Kjøs vokta buret denne kampen, Magnus vart kåra
til FK Vang sin beste og redda blandt anna ei straffe i 1.
omgangen.
FK Vang låg under med to mål til pause, men også gjestene var
farleg frampå eit par gonger og det kunne fort ha vorte mål på eit
par av sjansene våre.
I pausa var Valdreslaget ikkje tilfreds med prestasjonen så
langt og dølene var klart best denne omgangen.
Det vart litt bedre av oss etter pause, men R/F var også
denne omgangen det beste laget.
Scoringane kom etter 13, 40 og den siste i det 60. minutt.
FK Vang må heim og øve, serieledaren kjem på besøk til
Tveit neste kamp.
Laget: Magnus, Mats, Trym, Ola, Eirik, Jan M, Anders,
Vegard, Åsmund, Henrik, Sivert, Morten, Sander og
Limar
Magnus Kjøs vart som beskrevet kåra til FK Vang sin beste
med god margin, Magnus er uredd og reddar blandt anna ei
straffe.
Åsmund Bakkene får sølvplassen og Trym Løseth
Nordtorp bronseplassen.
Stor takk til Henrik Gjestvang som stiller opp når forfallet
er som det er denne kampen.
Det er også positivt at fleire unge spelara får prøvd seg, 7 av
dagens tropp er i alderen 17 til 19 år. Av dei unge er det
Magnus og Sivert som klarer seg best synes eg.
Dei spelarane med litt fleire år på baken går heller ikkje
foran slik dei burde i denne kampen, og då blir det
vanskeleg.
Trening tysdag kl. 20.00
Vemund Syversrud (1)
PUBLISERT 20.01.2018
Årets spelar i FK Vang! Spelarane sjølve gjer poeng etter kvar seriekamp og poengfangsten tilslutt kårar årets spelar. Nykommaren Vemund Syversrud vant fortjent prisen for 2017, men hadde sterk konkuranse av Åsmund Bakkene og Kasper Kjeldsen. Vemund 104 poeng, Åsmund 101 og Kasper 99, desse tre var i ei særklasse. Toppscorarstatuetten fekk Åsmund Bakkene med sine 8 mål.
God jul og Godt Nytt År
PUBLISERT 24.12.2017
FK Vang takker alle for fotballåret som er gått, og ønsker ett nytt velkommen! A-laget har valgt å spille i 6. divisjon kommende år. Hvorfor vi velger dette er: Mange nye spillere, lange reiser, lang sesong og rett og slett tidsbruken på hobbyen. Vi har også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Utsalg 29, 30 og 31 desember kl. 10.00 - 15.00.
FK Vang - Dombås: 1-3 (1-2)
PUBLISERT 22.10.2017
Tveit stadion kunstgras søndag 22 oktober kl.15.00. Dommar: Tommy Frydenlund. Assistentar: Vidar Hilmen og Knut Anders Saglien. Speaker: Ordfører Eltun. Publikum: ca 20 stk. Avisa Valdres avslutta sesongen forrige helg for FK Vang, men Valdres laget hadde Dombås på besøk i dag i siste serierunde. Kampen var jamn frå start til slutt, men gjestene scora tre mål mot FK Vang sitt eine. FK Vang hadde tre avsluttningar i metallet, to av dei nær krysset. Tur og utur brukar å jamne seg ut i løpet av sesongen, men FK Vang har hatt mykje uttur i år. Heldigvis blir FK Vang nummer 9 på tabellen med god margin, lag nummer 10 Lunner rykker ned til 6.div.
Reinsvoll - FK Vang: 5-1 (4-1)
PUBLISERT 14.10.2017
Reinvsoll stadion 14.10 kl. 14.00. Dommar: Alier Ajak Wuol. Assistentar: Jan Erik Haugom og Ole Anders Ørbekk. Publikum: Jamn og tett start. Reinsvoll presser hardt i starten, men det FK Vang som går opp til leiing 0-1. Henrik Gjestvang sler fin ball frå høgre, Vegard Kjøs Egge er oppe med pannebrasken og set ballen fint til side for Reinsvoll sin keeper. Meget bra start av Valdreslaget men så kjem det ei dårlig periode siste 10 minutta før pause og vertene er oppe i 4-1 før dommaren bles inn til halvtid.