Åsmund Bakkene8 mål i 2017
Morten Sønsteby7 mål i 2017
Kasper Kjeldsen2 mål i 2017
Ingen mål registrert
 

Lunner - FK Vang: 2-2 (1-1)

PUBLISERT 2. september 2017

Frøystad kunstgress fredag 1 september kl. 19.30.
Dommar: Vidar Hilmen.
Assistentar: Jan Erik Bjørnstad og Martin Hellerud.
Speaker: Nei.
Publikum: ca. 30 stk.

Som i borteoppgjeret i 2016 vart det også i år 2-2 etter full tid.
Kampen var spennande frå start til slutt, med sjanser til begge lag. Lunner scora sine mål fyrst i begge omganger, men gjestene kom tilbake. Godt for begge lag med poeng, FK Vang er 2 poeng framfør Lunner på tabellen så det var viktig med poeng for oss i kveld. I dei siste 6 kampane mot Lunner har FK Vang tre eitmåls seiera to uavgjort og eit eitmåls tap, rimeleg jamnt med andre ord.

Kampen starta som den slutta, med sjanser til begge lag. FK Vang har ei stor sjanse tidleg der me er åleine mot keeper, men denne blir avverga.
Lunner har nokre kjappe karar i front og med litt stort bakrom i vårt lag får dei nokre sjanser. Ei av desse sjansene får dei uttelling på etter 15 minutt, denne kjem frå Lunner si venstre side med gjennomløp og scoring i lengste hjørna. 
Gjestene er bra med og Morten bør ha straffe etter at Lunner sin keeper tar mannen og ikkje ballen på eit gjennomløp, men straffe blir det ikkje. Når det er sakt får heller ikkje Lunner straffe på ein situasjon i andre omgang, remis med andre ord.
Vemund Syversrud har ein meget god kamp, hallingen på FK Vang har ei ro med ballen sjølv om det er hektisk aktivitet rundt han. Dette er meget viktig på midtbanen og i det 35 minutt spelar Vemund gjennom Morten Sønsteby som set ballen utagbart til venstre for keeper.
I pausa er det fokus på å rette feila i pressledd og bakrom.
Kun 3 minutt ut i andre omgangen gjer me burt ei sjanse etter ein situasjon som kunne ha vore avklara. Etter klabb og babb kjem Lunner sin høgreving gjennom og set ballen kontant over vår keeper frå meget skrå vinkel. 
Kampen bølger, men FK Vang skaper mest etter dette. Eirik Presthegge kjem innpå 20 minutt ut i omgangen, 8 minutt etter dette scorar han eit veldig flott mål. Vegard Kjøs Egge har assisten då Eirik klemmer til frå ca 22 meter, ballen blir plassert nær den høgre vinkelen og er utagbar. 2-2 var alt i alt eit greit resultat på denne kampen, FK Vang fekk sitt fyrste poeng denne hausten og er på poengjakt i kampane som kjem.

Laget: Store endringar igjen, men kva får ein gjort med det?
Jarle, Ola, Kasper, Tore, Magnus, Jan Magne, Vemund, Trym, Vegard, Morten, Limar, Anders, Eirik, Sander og Tobias. 

Vemund Syversrud vart kåra til FK Vang sin beste, som beskrevet før er Vemund meget viktig på midtbanen. Jan Magne Almenning blir kåra til nummer to, Jan Magne har mykje fotball i seg og viser dette med kjemping og teknikk som overgår mange i vårt lag. Kasper og Trym får delt tredjeplass i stemminga, Kasper er sjef bakover og Trym går meget godt i par med Vemund på midtbanen.

For dei som lurer på dette:
Ryfoss-Lunner via Hadeland = 170 km
Lunner- Ryfoss via Hønefoss = 188,2 km 
 
Trening i veka som kjem: Tysdag kl.19.30 på Tveit.     
        
       

Vemund Syversrud (1)

PUBLISERT 20.01.2018

Årets spelar i FK Vang! Spelarane sjølve gjer poeng etter kvar seriekamp og poengfangsten tilslutt kårar årets spelar. Nykommaren Vemund Syversrud vant fortjent prisen for 2017, men hadde sterk konkuranse av Åsmund Bakkene og Kasper Kjeldsen. Vemund 104 poeng, Åsmund 101 og Kasper 99, desse tre var i ei særklasse. Toppscorarstatuetten fekk Åsmund Bakkene med sine 8 mål.

Les meir »

God jul og Godt Nytt År

PUBLISERT 24.12.2017

FK Vang takker alle for fotballåret som er gått, og ønsker ett nytt velkommen! A-laget har valgt å spille i 6. divisjon kommende år. Hvorfor vi velger dette er: Mange nye spillere, lange reiser, lang sesong og rett og slett tidsbruken på hobbyen. Vi har også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Utsalg 29, 30 og 31 desember kl. 10.00 - 15.00.

Les meir »

FK Vang - Dombås: 1-3 (1-2)

PUBLISERT 22.10.2017

Tveit stadion kunstgras søndag 22 oktober kl.15.00. Dommar: Tommy Frydenlund. Assistentar: Vidar Hilmen og Knut Anders Saglien. Speaker: Ordfører Eltun. Publikum: ca 20 stk. Avisa Valdres avslutta sesongen forrige helg for FK Vang, men Valdres laget hadde Dombås på besøk i dag i siste serierunde. Kampen var jamn frå start til slutt, men gjestene scora tre mål mot FK Vang sitt eine. FK Vang hadde tre avsluttningar i metallet, to av dei nær krysset. Tur og utur brukar å jamne seg ut i løpet av sesongen, men FK Vang har hatt mykje uttur i år. Heldigvis blir FK Vang nummer 9 på tabellen med god margin, lag nummer 10 Lunner rykker ned til 6.div.

Les meir »

Reinsvoll - FK Vang: 5-1 (4-1)

PUBLISERT 14.10.2017

Reinvsoll stadion 14.10 kl. 14.00. Dommar: Alier Ajak Wuol. Assistentar: Jan Erik Haugom og Ole Anders Ørbekk. Publikum: Jamn og tett start. Reinsvoll presser hardt i starten, men det FK Vang som går opp til leiing 0-1. Henrik Gjestvang sler fin ball frå høgre, Vegard Kjøs Egge er oppe med pannebrasken og set ballen fint til side for Reinsvoll sin keeper. Meget bra start av Valdreslaget men så kjem det ei dårlig periode siste 10 minutta før pause og vertene er oppe i 4-1 før dommaren bles inn til halvtid.

Les meir »