Åsmund Bakkene8 mål i 2017
Morten Sønsteby7 mål i 2017
Kasper Kjeldsen2 mål i 2017
 

FK Vang - Lunner: 3-2 (3-2)

PUBLISERT 21. mai 2017

Tveit stadion søndag 21 mai kl. 12.00.
Dommar: Adrianus Teunis Nugteren.
Assistentar: Ingen.
Speaker: Ordfører Eltun
Publikum: ca 35 stk.

FK Vang var det klart beste laget og burde avgjort kampen tidlig. Heimelaget hadde 2-0 etter 12 minutt, men var litt sløve og gav gjestene gåvepakker slik at det vart spenning heile kampen.
Kampen i dag vart flytta pga at Lunner ikkje klarte å stille mannskap laurdag 20 mai på terminfesta tidspunkt, derfor kl.12.00 pga guttekamp på Tveit kl.15.00 i dag. Dette kunne sjå ut til å væra litt tidlig på dagen for begge lag.  

FK Vang kom som sagt bra igang i dag, kun 4 minutt er gått når Jan Magne Almenning får tak i ein retur frå Lunner sin keeper, Jan Magne rundar 1 mann og scorar sitt fyrste mål for A-laget på ein flott måte.
Det er kun heimelaget denne perioda og 2-0 står det etter 12 minutt når Åsmund Bakkene rundar to mann på vår høgreside og får passninga inn til Morten Sønsteby som scorar sikkert.

Sløvheit sentralt fører til ballmiss og Lunner scoring etter 16 minutt.
Åsmund Bakkene rundar atter 2 mann og scorar nydelig 3-1 frå ca 25 meter i det 24. minutt, langskuddet går i fin stigning over Lunner sin unge keeper, assisten får Jan Magne Almenning.
Sløvheit igjen og Lunner får si andre scoring 5 minutt før pause og det er igjen spenning i kampen.

I pausa er FK Vang berre delvis nøgd med det som har skjedd, uttelling på sjansene er heller dårlig dei fyrste 45 minutta og duell og passningskvaliteten må opp på det nivået laget brukar å væra på.
Det blir stillingskrig halve andre omgang utan dei heilt store sjansene. Mot slutten skapar vertene fleire gode sjanser, langskudd i tverrliggar og ned frå Eivind Bakkene.  Straffemiss, stang-stang og ut i det 87. minutt fortel litt om uttellinga hjå FK Vang i dag. Lunner har også nokre sjanser, men kampen går ut med seier 3-2 til FK Vang som totalt sett er veldig fortjent.
15 - 6 i sjanser og 7-3 i cornera i fordel heimelaget fortel kampbildet.

Åsmund Bakkene vart kåra til FK Vang sin beste i dag med meget god margin, Åsmund er ein ballvirituos av dei skjeldne og kan gjera motstanderene både øre og i villrede hvor ballen er. Thomas Hilmen kjem på sølvplass og Vemund Syversrud og Jarle Haugrud deler den tredje plassen på pallen. Unggutane Jan Magne og Magnus får også denne gongen skryt av trenaren, dei høyrer etter og presterer meget bra.

Laget: Jarle, Ola, Kasper, Thomas, Magnus, Jan Magne, Vemund, Kim B, Mats, Åsmund, Morten, Anders, Eivind, Marcus, Sivert og Sander. 

Trening i veka som kjem: Tysdag og fredag kl. 19.30. Møt opp!!        

Vemund Syversrud (1)

PUBLISERT 20.01.2018

Årets spelar i FK Vang! Spelarane sjølve gjer poeng etter kvar seriekamp og poengfangsten tilslutt kårar årets spelar. Nykommaren Vemund Syversrud vant fortjent prisen for 2017, men hadde sterk konkuranse av Åsmund Bakkene og Kasper Kjeldsen. Vemund 104 poeng, Åsmund 101 og Kasper 99, desse tre var i ei særklasse. Toppscorarstatuetten fekk Åsmund Bakkene med sine 8 mål.

Les meir »

God jul og Godt Nytt År

PUBLISERT 24.12.2017

FK Vang takker alle for fotballåret som er gått, og ønsker ett nytt velkommen! A-laget har valgt å spille i 6. divisjon kommende år. Hvorfor vi velger dette er: Mange nye spillere, lange reiser, lang sesong og rett og slett tidsbruken på hobbyen. Vi har også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Utsalg 29, 30 og 31 desember kl. 10.00 - 15.00.

Les meir »

FK Vang - Dombås: 1-3 (1-2)

PUBLISERT 22.10.2017

Tveit stadion kunstgras søndag 22 oktober kl.15.00. Dommar: Tommy Frydenlund. Assistentar: Vidar Hilmen og Knut Anders Saglien. Speaker: Ordfører Eltun. Publikum: ca 20 stk. Avisa Valdres avslutta sesongen forrige helg for FK Vang, men Valdres laget hadde Dombås på besøk i dag i siste serierunde. Kampen var jamn frå start til slutt, men gjestene scora tre mål mot FK Vang sitt eine. FK Vang hadde tre avsluttningar i metallet, to av dei nær krysset. Tur og utur brukar å jamne seg ut i løpet av sesongen, men FK Vang har hatt mykje uttur i år. Heldigvis blir FK Vang nummer 9 på tabellen med god margin, lag nummer 10 Lunner rykker ned til 6.div.

Les meir »

Reinsvoll - FK Vang: 5-1 (4-1)

PUBLISERT 14.10.2017

Reinvsoll stadion 14.10 kl. 14.00. Dommar: Alier Ajak Wuol. Assistentar: Jan Erik Haugom og Ole Anders Ørbekk. Publikum: Jamn og tett start. Reinsvoll presser hardt i starten, men det FK Vang som går opp til leiing 0-1. Henrik Gjestvang sler fin ball frå høgre, Vegard Kjøs Egge er oppe med pannebrasken og set ballen fint til side for Reinsvoll sin keeper. Meget bra start av Valdreslaget men så kjem det ei dårlig periode siste 10 minutta før pause og vertene er oppe i 4-1 før dommaren bles inn til halvtid.

Les meir »