Åsmund Bakkene8 mål i 2017
Morten Sønsteby7 mål i 2017
Kasper Kjeldsen2 mål i 2017
Ingen mål registrert
 

FK Vang - Kolu KK 2: 3-6 (3-2)

PUBLISERT 18. juni 2017

Tveit stadion kunstgras søndag 18 juni kl. 15.00.
Dommer: Tommy Frydenlund.
Assistentar: Jan Erik Haugom og Svenn Olav Fossholt.
Speaker: Ordfører Eltun.
Publikum: 35 stk.

FK Vang var meget gode fyrste omgangen og skulle ha hatt større leiing ved pause. Det vart ein fartsfylt og god omgang mot eit godt gjestelag som mønstra Tveit stadion med 6 spelara++ som er faste på sitt fyrstelag i fjerde divisjon. Åsmund Bakkene hadde ein mega avsluttning frå 25 meter som smalt i stanga og inn i banen igjen like før pause, 4-2 hadde då stillinga vært ved halvtid.

FK Vang var som sagt gode, men det var Kolbu som scora det fyrste målet etter 6 minutt. Målet var gåvepakke frå vårt forsvar. Kun 2 minutt etter dette var det remis då Vegard Kjøs Egge har passningen ut til Åsmund Bakkene som vakkert sett scoringa til høgre for Kolbu sin gode keeper.
2 minutt etter dette er det atter Vegard Kjøs Egge som har den utløysande passningen, måltjuven Morten Sønsteby ordnar leiing 2- 1 til vertene og stor jubel både på tribuna og på benken.
Kolbu KK utlignar igjen etter halvtimen og laga er like langt, miss sentralt i banen frå FK Vang straffar oss på denne scoringa. Morten Sønsteby er frampå igjen etter 35 minutt og ordnar 3-2 til heimelaget, Vegard Kjøs Egge har også denne gongen mykje av æra for målet men blir notert med assisten.
Pause og leiing til FK Vang og det er vel fortjent.

Andre omgangen starter også bra frå heimelaget si side, me har to bra avsluttningar ved Åsmund og Vemund som Møllerhaugen i Kolbu sitt mål så vidt får avverga. Kolbu har også ei lignande sjanse som Jarle i vårt mål får fingrane på slik at den går over.
Kolbu KK får si utligning etter 10 minutt av omgangen, komunikasjonssvikt keeper/midtforsvar straffar oss hardt når gode spelara er på besøk.
Når så Kolbu KK får mål igjen etter ein corner der me ikkje får ballen bort frå feltet og ein Totning scorar frå sin bakre posisjon virkar det som me er kjørte.
Gjestene scorer to til før det heile er over.
Alt i alt meget bra i 55 minutt i dag, men synd me gjer dei så mange gåvepakker bakover, dette øydelegg resultatet. 
Forsvaret til FK Vang var meget ungt i dag, gutta presterer meget bra og vil bli mega framover med litt meir speletid og øving, så stå på.

Laget: Jarle, Mats, Trym, Thomas, Magnus, Jan Magne, Vemund, Åsmund, Eivind, Vegard, Morten, Torstein, Eirik, Marcus og Sander.

Dagens mann i FK Vang vart kaptein Vemund Syversrud, Vemund er ein god midtbanemotor og styrer skuta med makker Åsmund Bakkene som er ein god nummer to i dagens kamp. Assistkongen Vegard Kjøs Egge får tredje plassen på pallen.

Trening tysdag kl. 19.30                  

Vemund Syversrud (1)

PUBLISERT 20.01.2018

Årets spelar i FK Vang! Spelarane sjølve gjer poeng etter kvar seriekamp og poengfangsten tilslutt kårar årets spelar. Nykommaren Vemund Syversrud vant fortjent prisen for 2017, men hadde sterk konkuranse av Åsmund Bakkene og Kasper Kjeldsen. Vemund 104 poeng, Åsmund 101 og Kasper 99, desse tre var i ei særklasse. Toppscorarstatuetten fekk Åsmund Bakkene med sine 8 mål.

Les meir »

God jul og Godt Nytt År

PUBLISERT 24.12.2017

FK Vang takker alle for fotballåret som er gått, og ønsker ett nytt velkommen! A-laget har valgt å spille i 6. divisjon kommende år. Hvorfor vi velger dette er: Mange nye spillere, lange reiser, lang sesong og rett og slett tidsbruken på hobbyen. Vi har også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Utsalg 29, 30 og 31 desember kl. 10.00 - 15.00.

Les meir »

FK Vang - Dombås: 1-3 (1-2)

PUBLISERT 22.10.2017

Tveit stadion kunstgras søndag 22 oktober kl.15.00. Dommar: Tommy Frydenlund. Assistentar: Vidar Hilmen og Knut Anders Saglien. Speaker: Ordfører Eltun. Publikum: ca 20 stk. Avisa Valdres avslutta sesongen forrige helg for FK Vang, men Valdres laget hadde Dombås på besøk i dag i siste serierunde. Kampen var jamn frå start til slutt, men gjestene scora tre mål mot FK Vang sitt eine. FK Vang hadde tre avsluttningar i metallet, to av dei nær krysset. Tur og utur brukar å jamne seg ut i løpet av sesongen, men FK Vang har hatt mykje uttur i år. Heldigvis blir FK Vang nummer 9 på tabellen med god margin, lag nummer 10 Lunner rykker ned til 6.div.

Les meir »

Reinsvoll - FK Vang: 5-1 (4-1)

PUBLISERT 14.10.2017

Reinvsoll stadion 14.10 kl. 14.00. Dommar: Alier Ajak Wuol. Assistentar: Jan Erik Haugom og Ole Anders Ørbekk. Publikum: Jamn og tett start. Reinsvoll presser hardt i starten, men det FK Vang som går opp til leiing 0-1. Henrik Gjestvang sler fin ball frå høgre, Vegard Kjøs Egge er oppe med pannebrasken og set ballen fint til side for Reinsvoll sin keeper. Meget bra start av Valdreslaget men så kjem det ei dårlig periode siste 10 minutta før pause og vertene er oppe i 4-1 før dommaren bles inn til halvtid.

Les meir »