Åsmund Bakkene8 mål i 2017
Morten Sønsteby7 mål i 2017
Kasper Kjeldsen2 mål i 2017
Ingen mål registrert
 

FK Vang - Hallingdal FK: 1-5 (0-1)

PUBLISERT 5. mars 2017

Treningskamp i Valdres storhall søndag 5 mars kl. 14.30
Dommar: Svenn Olav Fossholt
Publikum: ca 20 stk.
FK Vang fekk ei god og stri økt i årets fyrste treningskamp.
Hallingdal FK stilte opp med meget godt mannskap i og med att dei hadde fått avlyst ein kamp mot Årdal FK dagen før.
Me klarte oss godt mot dette sterke Hallinglaget, 3 mål i mot dei siste 10 minutta på slitne Valdriser fører til 1-5 tapet. Dei nye spelarane i FK Vang drakta kan væra stolt over god innsats.

Laget:
Jarle, Magnus, Kasper, Thomas, Jesper, Morten, Vemund, Kim B, Vegard, Marcus, Åsmund, Ola, Sander og Sivert

Hallingdal FK er eit godt spelande lag, og kom bra igang i dagens kamp. Seks minutt er gått av kampen då dei får frispark frå ca. 18 meter, frisparket blir satt i keeperhjørna og går i nota.
FK Vang er bra med i starten og får 2 cornera og ei halvsjanse, me ligg godt og kompakt og  Hallingane slit med å få dei heilt store sjansene. Utover i omgangen blir det mykje balltrilling på Buskerudlaget, dei har også fleire meget gode cornera som heldigvis blir avklara.

Andre omgang startar omtrent likt med den fyrste , mål nummer to til Hallingane etter 5 minutt. FK Vang slit med å få til det heilt store, men har eit par meget gode kontringar.
Hallingdal FK er klart best, men hardt arbeidande Valdriser avvergar på mesterlig vis.
Det blir nok litt slutt på kreftene i slutten av kampen og Hallingane puttar tre dei siste 10 minutta.
FK Vang får også sitt mål denne perioda, Åsmund Bakkene skrur frispark frå 20 meter rett i krysset, flott scoring.

Moro at det er så bra tæl i alle i dag, unggutane som alle får prøve seg gjer det meget bra og dette lover godt.
Hallingen Vemund Syversrud som også er ny i FK Vang i år hadde ein meget god kamp, han blir ein god og viktig midtbaneslitar i laget og var dagens mann i Vangslaget.

Trening tysdag kl. 20.00 i Valdres storhall. 
 

  


 





Vemund Syversrud (1)

PUBLISERT 20.01.2018

Årets spelar i FK Vang! Spelarane sjølve gjer poeng etter kvar seriekamp og poengfangsten tilslutt kårar årets spelar. Nykommaren Vemund Syversrud vant fortjent prisen for 2017, men hadde sterk konkuranse av Åsmund Bakkene og Kasper Kjeldsen. Vemund 104 poeng, Åsmund 101 og Kasper 99, desse tre var i ei særklasse. Toppscorarstatuetten fekk Åsmund Bakkene med sine 8 mål.

Les meir »

God jul og Godt Nytt År

PUBLISERT 24.12.2017

FK Vang takker alle for fotballåret som er gått, og ønsker ett nytt velkommen! A-laget har valgt å spille i 6. divisjon kommende år. Hvorfor vi velger dette er: Mange nye spillere, lange reiser, lang sesong og rett og slett tidsbruken på hobbyen. Vi har også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Utsalg 29, 30 og 31 desember kl. 10.00 - 15.00.

Les meir »

FK Vang - Dombås: 1-3 (1-2)

PUBLISERT 22.10.2017

Tveit stadion kunstgras søndag 22 oktober kl.15.00. Dommar: Tommy Frydenlund. Assistentar: Vidar Hilmen og Knut Anders Saglien. Speaker: Ordfører Eltun. Publikum: ca 20 stk. Avisa Valdres avslutta sesongen forrige helg for FK Vang, men Valdres laget hadde Dombås på besøk i dag i siste serierunde. Kampen var jamn frå start til slutt, men gjestene scora tre mål mot FK Vang sitt eine. FK Vang hadde tre avsluttningar i metallet, to av dei nær krysset. Tur og utur brukar å jamne seg ut i løpet av sesongen, men FK Vang har hatt mykje uttur i år. Heldigvis blir FK Vang nummer 9 på tabellen med god margin, lag nummer 10 Lunner rykker ned til 6.div.

Les meir »

Reinsvoll - FK Vang: 5-1 (4-1)

PUBLISERT 14.10.2017

Reinvsoll stadion 14.10 kl. 14.00. Dommar: Alier Ajak Wuol. Assistentar: Jan Erik Haugom og Ole Anders Ørbekk. Publikum: Jamn og tett start. Reinsvoll presser hardt i starten, men det FK Vang som går opp til leiing 0-1. Henrik Gjestvang sler fin ball frå høgre, Vegard Kjøs Egge er oppe med pannebrasken og set ballen fint til side for Reinsvoll sin keeper. Meget bra start av Valdreslaget men så kjem det ei dårlig periode siste 10 minutta før pause og vertene er oppe i 4-1 før dommaren bles inn til halvtid.

Les meir »