Åsmund Bakkene8 mål i 2017
Morten Sønsteby7 mål i 2017
Kasper Kjeldsen2 mål i 2017
Ingen mål registrert
 

Faaberg 2 - FK Vang: 2-0 (2-0)

PUBLISERT 30. mai 2017

Jorekstad kunstgress 30 mai kl. 19.30.
Dommar: Svenn Olav Fossholt.
Assistentar: Bernt Johan Harjo og Ivan Zhukov.
Publikum: 10 stk.

Surt tap for FK Vang i kveld. Faaberg 2 scora to mål i starten (6 og 11 minutt), gjestene sto med lua i hånda og vertene fekk fri bane. Etter dette var FK Vang rimelig bra, men mål nei det var umulig å få inn i kveld. Faaberg brukte sin fyrstekeeper i kampen, han skapte ro i sine bakre rekker og var viktig for heimelaget.

Ein dårleg start der vi er meget passive øydelegg kampen for vår del. Faaberg sin spelar får gå gjennom fleire ledd og scorar etter 6 minutt. Scoring nummer to til Faaberg er vel ikkje ei sjanse eigong, men mål blir det etter eit skudd som går mellom fleire spelara og forbi ein dekka keeper som ikkje ser utgangen.
Etter dette er FK Vang med og skaper fleire store sjanser, men vi mangler target mannen vi hadde i fjor. Når det ikkje blir scora på så store sjanser blir det vanskelig å vinne fotballkampar.
Gjestene har absolutt trua i pausa, og er det førande laget siste omgangen men makter ikkje å få ballen i mål.

Laget: Jarle, Ola, Kasper, Tore, Magnus, Vegard, Vemund, Kim B, Eivind, Åsmund, Morten, Sivert, Jan Magne, Eirik, Mats og Tobias, alle med speletid.  

Kasper Kjeldsen blir kåra til FK Vang sin beste i kveld, han er poenget før Kim Bøland. Begge desse reiste kjerringa i dag etter at dei var litt under pari i forrige match. Ola Hilmen Hovi blir nummer tre i kåringa, Ola er ein friskus og formen blir bedre og bedre etter ei tøff russefeiring denne våren.

Neste trening blir fredag kl. 19.30 på Tveit.
Søndag er det Lillehammer 2 som står for tur på heimebane kl. 15.00.
   

Vemund Syversrud (1)

PUBLISERT 20.01.2018

Årets spelar i FK Vang! Spelarane sjølve gjer poeng etter kvar seriekamp og poengfangsten tilslutt kårar årets spelar. Nykommaren Vemund Syversrud vant fortjent prisen for 2017, men hadde sterk konkuranse av Åsmund Bakkene og Kasper Kjeldsen. Vemund 104 poeng, Åsmund 101 og Kasper 99, desse tre var i ei særklasse. Toppscorarstatuetten fekk Åsmund Bakkene med sine 8 mål.

Les meir »

God jul og Godt Nytt År

PUBLISERT 24.12.2017

FK Vang takker alle for fotballåret som er gått, og ønsker ett nytt velkommen! A-laget har valgt å spille i 6. divisjon kommende år. Hvorfor vi velger dette er: Mange nye spillere, lange reiser, lang sesong og rett og slett tidsbruken på hobbyen. Vi har også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Utsalg 29, 30 og 31 desember kl. 10.00 - 15.00.

Les meir »

FK Vang - Dombås: 1-3 (1-2)

PUBLISERT 22.10.2017

Tveit stadion kunstgras søndag 22 oktober kl.15.00. Dommar: Tommy Frydenlund. Assistentar: Vidar Hilmen og Knut Anders Saglien. Speaker: Ordfører Eltun. Publikum: ca 20 stk. Avisa Valdres avslutta sesongen forrige helg for FK Vang, men Valdres laget hadde Dombås på besøk i dag i siste serierunde. Kampen var jamn frå start til slutt, men gjestene scora tre mål mot FK Vang sitt eine. FK Vang hadde tre avsluttningar i metallet, to av dei nær krysset. Tur og utur brukar å jamne seg ut i løpet av sesongen, men FK Vang har hatt mykje uttur i år. Heldigvis blir FK Vang nummer 9 på tabellen med god margin, lag nummer 10 Lunner rykker ned til 6.div.

Les meir »

Reinsvoll - FK Vang: 5-1 (4-1)

PUBLISERT 14.10.2017

Reinvsoll stadion 14.10 kl. 14.00. Dommar: Alier Ajak Wuol. Assistentar: Jan Erik Haugom og Ole Anders Ørbekk. Publikum: Jamn og tett start. Reinsvoll presser hardt i starten, men det FK Vang som går opp til leiing 0-1. Henrik Gjestvang sler fin ball frå høgre, Vegard Kjøs Egge er oppe med pannebrasken og set ballen fint til side for Reinsvoll sin keeper. Meget bra start av Valdreslaget men så kjem det ei dårlig periode siste 10 minutta før pause og vertene er oppe i 4-1 før dommaren bles inn til halvtid.

Les meir »