Åsmund Bakkene8 mål i 2017
Morten Sønsteby7 mål i 2017
Kasper Kjeldsen2 mål i 2017
Ingen mål registrert
 

Dombås - FK Vang: 2-0 (2-0)

PUBLISERT 5. august 2017

Snipen stadion laurdag 5 august kl. 15.00.
Dommar: Samir Krndzija.
Assistentar: Jehans Storvik og Egil Morten Løvli.
Publikum: 40 stk.

Dårlig start på kampen for gjestene frå Valdres. Me vart pressa bakpå og kom ikkje raskt nok oppi dølene, dette førte til nokre sjanser for Dombås utan uttelling.
Etter ca. 20 minutt er Jarle uheldig med ei avklaring 1 mot 1 utanfor 16 meteren, vår gode keeper er i ubalanse når han møter Dombåsspelaren som heller ikkje er heilt i balanse i duellen som oppstår.
Jarle får direkte raudt kort, dette er etter vårt syn rimeleg strengt dømt slik vi ser situasjonen.
Dømt er dømt, Jarle må ut og Vegard stepper inn i mål. Dombås scorer på det direkte frisparket frå ca 17 meter og FK Vang får dobbel straff. Med 10 mann blir det tøft, men kampen jamnar seg ut og andre omgangen er godkjent av FK Vang.

Som beskrevet skaper Dombås nokre sjanser i starten, men det er utvisinga som gjer kampen vanskelig for FK Vang.
Etter halvtimen den fyrste omgangen kjem scoring nummer to for vertene frå nord i Gudbrandsdalen. Dombås sin spiss får framspelet på høgresia og set ballen fint i det lengste hjørna for vår "nye" keeper.
Etter dette skjer det ikkje så mykje, ei sjanse og to cornera for FK Vang er vel beholdningen etter dei fyrste 45 minutta.
I pausa er vi enige om å tette bakover, dette klarer vi bra men skaper vel heller ikkje det heilt store. To sjanser til begge lag blir fasitten etter andre omgang, FK Vang flytter opp fleire på slutten men scoringane uteblir.
Alt i alt ein fortent heimeseier, men kampen vart vanskelig etter utvisninga.

Kasper Kjeldsen blir kåra til FK Vang sin beste i dag, Kasper les spelet godt og rydder opp i stor stil.
Vemund Syversrud er poenget bak Kasper og spelar ein god kamå på midten. Kim Bøland tek tredje plassen i kåringa.

Trening i veka som kjem: Tysdag kl. 20.00    

Vemund Syversrud (1)

PUBLISERT 20.01.2018

Årets spelar i FK Vang! Spelarane sjølve gjer poeng etter kvar seriekamp og poengfangsten tilslutt kårar årets spelar. Nykommaren Vemund Syversrud vant fortjent prisen for 2017, men hadde sterk konkuranse av Åsmund Bakkene og Kasper Kjeldsen. Vemund 104 poeng, Åsmund 101 og Kasper 99, desse tre var i ei særklasse. Toppscorarstatuetten fekk Åsmund Bakkene med sine 8 mål.

Les meir »

God jul og Godt Nytt År

PUBLISERT 24.12.2017

FK Vang takker alle for fotballåret som er gått, og ønsker ett nytt velkommen! A-laget har valgt å spille i 6. divisjon kommende år. Hvorfor vi velger dette er: Mange nye spillere, lange reiser, lang sesong og rett og slett tidsbruken på hobbyen. Vi har også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Utsalg 29, 30 og 31 desember kl. 10.00 - 15.00.

Les meir »

FK Vang - Dombås: 1-3 (1-2)

PUBLISERT 22.10.2017

Tveit stadion kunstgras søndag 22 oktober kl.15.00. Dommar: Tommy Frydenlund. Assistentar: Vidar Hilmen og Knut Anders Saglien. Speaker: Ordfører Eltun. Publikum: ca 20 stk. Avisa Valdres avslutta sesongen forrige helg for FK Vang, men Valdres laget hadde Dombås på besøk i dag i siste serierunde. Kampen var jamn frå start til slutt, men gjestene scora tre mål mot FK Vang sitt eine. FK Vang hadde tre avsluttningar i metallet, to av dei nær krysset. Tur og utur brukar å jamne seg ut i løpet av sesongen, men FK Vang har hatt mykje uttur i år. Heldigvis blir FK Vang nummer 9 på tabellen med god margin, lag nummer 10 Lunner rykker ned til 6.div.

Les meir »

Reinsvoll - FK Vang: 5-1 (4-1)

PUBLISERT 14.10.2017

Reinvsoll stadion 14.10 kl. 14.00. Dommar: Alier Ajak Wuol. Assistentar: Jan Erik Haugom og Ole Anders Ørbekk. Publikum: Jamn og tett start. Reinsvoll presser hardt i starten, men det FK Vang som går opp til leiing 0-1. Henrik Gjestvang sler fin ball frå høgre, Vegard Kjøs Egge er oppe med pannebrasken og set ballen fint til side for Reinsvoll sin keeper. Meget bra start av Valdreslaget men så kjem det ei dårlig periode siste 10 minutta før pause og vertene er oppe i 4-1 før dommaren bles inn til halvtid.

Les meir »