Åsmund Bakkene8 mål i 2017
Morten Sønsteby7 mål i 2017
Kasper Kjeldsen2 mål i 2017
Ingen mål registrert
 

Dokka SK - FK Vang: 1-4 (1-1)

PUBLISERT 23. juni 2017

Dokka stadion fredag 23 juni kl. 19.00.
Dommar: Nils Arne Solberg.
Assistentar: Henrik Mathias Bjøratlien og Runar Brennerengen.
Speaker: Ja.
Publikum: 20 stk.

Godt med ein trepoenger att, Dokka var med til pause men då var det slutt for heimelaget. FK Vang har hatt fleire bra kampar i det siste og var til tider meget gode i kveld. Åsmund Bakkene ordnar 0-1 for gjestene etter 2 minutt etter att han snappar ballen frå Dokka sitt forsvar og sler ballen i ein fin boge over keeper og i lengste hjørna. God start med andre ord, Dokka kom litt meir med og utligna på si andre sjanse denne omgangen. Etter dette var det vel egentlig berre bortelaget som var farlege framover på banen, tre scoringar etter pause fortel kva som skjer resten av kampen.

Som beskrevet før scora Åsmund etter kun to minutt og FK Vang var i flyten i starten og skapte fleire muligheter utan att det vart fleire scoringar.
Dokka kom meir med, men hadde kun to sjanser denne omgangen, dei scora på den andre etter ca halvtimen. Bortelaget er notert med 5 sjanser denne omgangen men får berre scoringa etter 2 minutt.
I pausa føler vi nok att dette er ein kamp vi skal vinne om vi får spelet meir etter bakken og ikkje blir med på kun langballer. FK Vang spelar ein meget god omgang,bevegelsen, passningane og duellane sit bra og det flyter godt.
10 minutt ut i omgangen ordnar Morten Sønsteby lekkert 1-2 etter passning frå Åsmund Bakkene.  Seks minutt etter dette er det Vemund Syversrud som snappar ein ball frå Dokka sitt forsvar og skyt via ein Dokkaspelar og i nota 1-3 og jubel på bortebenken. Halvtimen av omgangen er gått når Åsmund Bakkene igjen er frampå og ordnar 1-4 til gjestelaget. Morten Sønsteby er notert med assisten.
FK Vang er det klart beste laget denne kampen og vinn meget fortjent.

Laget: Jarle, Ola, Kasper, Thomas, Trym, Jan Magne, Vemund, Kim B, Vegard, Åsmund, Morten, Mats, Tore og Magnus.

Åsmund Bakkene vart kåra til FK Vang sin klart beste spelar i kveld, han har dobbel pott i forhold til nummer to på kåringa som er Ola Hilmen Hovi, Ola har vore i Praha på "treningsleir", men presterte likevel meget bra i kveld. Vemund Syversrud kjem på tredje plass i kåringa og han er viktig for balansen i laget.
Ellers vil eg gje honnør til alle 14 som er med i kveldens kamp, me spelar bra som lag og eg synes det er moro med utviklinga som har skjedd med tanke på så mange nye som er komne inn i laget i år.

Trening i veka som kjem er tysdag kl. 20.00 og det etter ønske frå kaptein Bøland.

Vemund Syversrud (1)

PUBLISERT 20.01.2018

Årets spelar i FK Vang! Spelarane sjølve gjer poeng etter kvar seriekamp og poengfangsten tilslutt kårar årets spelar. Nykommaren Vemund Syversrud vant fortjent prisen for 2017, men hadde sterk konkuranse av Åsmund Bakkene og Kasper Kjeldsen. Vemund 104 poeng, Åsmund 101 og Kasper 99, desse tre var i ei særklasse. Toppscorarstatuetten fekk Åsmund Bakkene med sine 8 mål.

Les meir »

God jul og Godt Nytt År

PUBLISERT 24.12.2017

FK Vang takker alle for fotballåret som er gått, og ønsker ett nytt velkommen! A-laget har valgt å spille i 6. divisjon kommende år. Hvorfor vi velger dette er: Mange nye spillere, lange reiser, lang sesong og rett og slett tidsbruken på hobbyen. Vi har også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Utsalg 29, 30 og 31 desember kl. 10.00 - 15.00.

Les meir »

FK Vang - Dombås: 1-3 (1-2)

PUBLISERT 22.10.2017

Tveit stadion kunstgras søndag 22 oktober kl.15.00. Dommar: Tommy Frydenlund. Assistentar: Vidar Hilmen og Knut Anders Saglien. Speaker: Ordfører Eltun. Publikum: ca 20 stk. Avisa Valdres avslutta sesongen forrige helg for FK Vang, men Valdres laget hadde Dombås på besøk i dag i siste serierunde. Kampen var jamn frå start til slutt, men gjestene scora tre mål mot FK Vang sitt eine. FK Vang hadde tre avsluttningar i metallet, to av dei nær krysset. Tur og utur brukar å jamne seg ut i løpet av sesongen, men FK Vang har hatt mykje uttur i år. Heldigvis blir FK Vang nummer 9 på tabellen med god margin, lag nummer 10 Lunner rykker ned til 6.div.

Les meir »

Reinsvoll - FK Vang: 5-1 (4-1)

PUBLISERT 14.10.2017

Reinvsoll stadion 14.10 kl. 14.00. Dommar: Alier Ajak Wuol. Assistentar: Jan Erik Haugom og Ole Anders Ørbekk. Publikum: Jamn og tett start. Reinsvoll presser hardt i starten, men det FK Vang som går opp til leiing 0-1. Henrik Gjestvang sler fin ball frå høgre, Vegard Kjøs Egge er oppe med pannebrasken og set ballen fint til side for Reinsvoll sin keeper. Meget bra start av Valdreslaget men så kjem det ei dårlig periode siste 10 minutta før pause og vertene er oppe i 4-1 før dommaren bles inn til halvtid.

Les meir »