Simen Strandbråten13 mål i 2016
Vegard Kjøs Egge4 mål i 2016
Kim Kveno3 mål i 2016
Ingen mål registrert
 

Vest Torpa - FK Vang: 6-0 (2-0)

PUBLISERT 1. juli 2016

Lundemoen fredag 1 juli kl. 19.00.
Dommer: Samir Krndzija.
Assistentar: Geir Erling Heien og Alier Ajak Wuoi.
Speaker: Ja.
Publikum: 30 stk.

Merkeleg kamp! Vest Torpa leder 2-0 etter 1. omgang, FK Vang har flest sjanser og mest cornere denne omgangen men mål nei. Det virker som gjestene er vaksinert mot å score i denne kampen, vi skaper 12 bra sjanser totalt og bør få flere nettkjenninger.
Alt i alt vinner Vest Torpa fortjent, men resultatet er ikkje eit riktig bilde av kampen. 

FK Vang har store endringar i troppen i frå forrige kamp, det er rett og slett ikkje god lagånd med tanke på alle forfalla me fekk før denne kampen. All ære til spelarane som vart med til Torpa, med fullt mannskap hadde me plukka poeng i kveld.

Vest Torpa scorar sitt fyrste mål etter 8 minutt og det er ei perle, nydeleg passning på løp inn i bakrom og pang i mål. 2-0 kjem etter 23 minutt, litt sløvheit i våre bakre rekker men fint mål.
FK Vang har mange sjanser denne omgangen, den største i tverrliggaren av Åsmund. Me er også åleine mot keeperen 2 gonger.

I pausa har gjestelaget god tru på att dette er mulig å snu.
FK Vang prøver og kjøre på frå start, men lykkast ikkje særleg med det. Vest Torpa scorar på alt dei skaper dei fyrste 10 minutta av omgangen og kampen er pungtert når det er notert 5-0 på blokka.
Valdreslaget har også sine sjanser i denne omgangen, men maktar ikkje å omseta dei i mål.
Vest Torpa scorar eit til mot slutten og vinn kampen 6-0.

Laget: Jarle, Sverre, Øyvind, Anders, Håvard, Salar, Olav, Eivind, Eirik, Åsmund, Simen og Audun

Dagens mann på FK Vang vart Åsmund Bakkene, Åsmund lykkast ikkje med avsluttningane i kveldens kamp men er alltid ein trussel som det er vanskeleg og forsvara seg i mot. Olav Ulven får sølvplassen i kåringa, Olav gjer sine saker bra på sentral midtbane og vinn mykje av duellane i lufta. Simen Strandbråten får tredje plassen på pallen, Simen jobbar alltid godt og vil mykje, men heller ikkje han lykkast med avsluttningane i kveld.     

Treningsfri i veka som kjem, men neste måndag att blir det trening og spelarmøte kl. 19.30 på Tveit. 


 

God Jul og Godt Nyttår

PUBLISERT 26.12.2016

FK Vang takkar alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2017 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstid: Torsdag, fredag og nyttårseftan ca kl. 10.00 - 14.00

Les meir »

FK Vang - Vest Torpa: 3-2 (1-1)

PUBLISERT 09.10.2016

Tveit stadion kunstgras, søndag 9 oktober kl.15.00. Dommar: Kristoffer Nitter Leirdal. Assistentar: Svein Erik Slåttsveen og Finn Odvar Lebiko. Speaker: Kjell Magne Kvale. Publikum: ca. 20 stk. Fortjent seier til heimelaget i dag og godt med revansj frå våroppgjeret. Fyrste omgangen var jamn med seks sjanser til begge lag og 3-2 i FK Vang favør i cornerstatistikken. 1-1 var det også til pause og omgangens og kanskje kampen sitt høgdepunkt var Thomas Hilmen si perle frå 52 meter som gjekk i fin boge, og strauk akkurat under tverrliggaren og akkurat over Torpakeeperen si rekkevidde.

Les meir »

MBK - FK Vang: 7-1 (2-0)

PUBLISERT 01.10.2016

Børstad kunstgress laurdag 1 oktober kl. 13.00. Dommar: Nikolai Bratvold. Assistentar: Simen Storengen og Rolf Martinsen. Publikum: ca 20 stk. FK Vang reiste på kamp i dag med kun 11 mann. Kun 5 av dei som var med på forrige kamp var tilgjengelige i dag, så det vart mange endringar. Gjestene klarte seg rimeleg godt i fyrste del av kampen, sjølv om det var liten tvil om hvilke lag som var best. MBK har mange erfarne og gode spelara i stallen, fleire av dei med spel i høgre divisjonar i sekken. Marcus Thune Skeie og Jan Magne Almenning, begge guttespelara vart med til Hamar i dag, begge klarte seg godt sjølv om det også for dei blir vel tøft med 90 minutt.

Les meir »

FK Vang - Vind: 2-4 (1-2)

PUBLISERT 23.09.2016

Tveit stadion kunstgras fredag 23 september kl. 19.30. Dommar: Nils Arne Solberg. Assistentar: Finn Odvar Lebiko og Knut Sørhusbakken. Speaker: Ordfører Vidar Eltun. Publikum: ca 40 stk. FK Vang hadde ein god kamp i kveld, men brenner mange meget gode sjanser. Vind scorer alle sine fire mål etter slurv og dårlige avklaringer fra vår side. Sjansestatistikken vinn FK Vang klart, men det hjelper heller dårlig når måla uteblir.

Les meir »