Simen Strandbråten13 mål i 2016
Vegard Kjøs Egge4 mål i 2016
Kim Kveno3 mål i 2016
Ingen mål registrert
 

Søndre Land - FK Vang: 2-4 (0-1)

PUBLISERT 29. april 2016

Søndre Land Idrettspark kunstgress kl. 19.00
Dommar: Lars Gustavsen
Assistentar: Svenn Olav Fossholt og Mauricio Riquelme
Publikum: ca. 20 stk.

Godt med seier og 3 poeng for FK Vang i kveldens oppgjer på Hov.
Vertene starta kampen best i god medvind og kaldt og surt regn, men Kim Kveno ordna ledelse til gjestene etter 8 minutt. Kim fekk passningen frå Simen Strandbråten og sette ballen elegant til side for S. Land sin keeper.
Begge lag hadde sine muligheter utover dei fyrste 45 minutta, FK Vang var hakket kvassare i slutten av omgangen og hadde blandt anna eit skot i vinkelen men dessverre i metallet.
Søndre Land sine muligheter vart som oftast avblåst for offside, FK Vang sitt forsvar låg bra på linje og dommarane var bra oppe i situasjonane. Metallet stoppa også ei av vertene sine sjanser. 

I pausa var fokuset å halde trykket oppe og det lykkast meget bra i andre omgang.
Kim Bøland ordna 0-2 med ei fantastisk avsluttning nær krysset i frå ca 20 meter, Vegard Kjøs Egge hadde assisten 4 minutt ut i omgangen.
Tre minutter etterpå var Simen Strandbråten frampå og førte gjestene opp i 0-3, dette etter supert gjennomspel av Vegard Kjøs Egge.
Heimelaget reduserte til 1-3 etter markeringssvikt i FK Vang, det var då gått 10 minutt av omgangen.
Øyvind Kjøs Egge ordna 1-4 etter passning frå broren Vegard, elegant av kraftgutta i frå Ellestadbygda.
Søndre Land fekk ei redusering til 2-4 like før slutt.
Klar seier og alt i alt vel fortjent mot eit vel offensivt heimelag.

Laget: Ivar, Håvard, Kasper, Thomas, Tore, Sverre, Øyvind, Vegard K E, Kim K, Kim B, Simen, Olav, Kai Arne K og Eirik

Thomas Hilmen vart atter kåra til FK Vang sin beste spelar, Vegard Kjøs Egge blir kåra til sølvplassen og Kim Bøland på ein hederlig 3. plass.
Moro att Kim Bøland scorar, det er lenge siden, også meget bra at Vegard nærmar seg potensialet han kan ha på sitt beste.  
 
Trening tysdag kl. 19.30 på Tveit. 

     

God Jul og Godt Nyttår

PUBLISERT 26.12.2016

FK Vang takkar alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2017 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstid: Torsdag, fredag og nyttårseftan ca kl. 10.00 - 14.00

Les meir »

FK Vang - Vest Torpa: 3-2 (1-1)

PUBLISERT 09.10.2016

Tveit stadion kunstgras, søndag 9 oktober kl.15.00. Dommar: Kristoffer Nitter Leirdal. Assistentar: Svein Erik Slåttsveen og Finn Odvar Lebiko. Speaker: Kjell Magne Kvale. Publikum: ca. 20 stk. Fortjent seier til heimelaget i dag og godt med revansj frå våroppgjeret. Fyrste omgangen var jamn med seks sjanser til begge lag og 3-2 i FK Vang favør i cornerstatistikken. 1-1 var det også til pause og omgangens og kanskje kampen sitt høgdepunkt var Thomas Hilmen si perle frå 52 meter som gjekk i fin boge, og strauk akkurat under tverrliggaren og akkurat over Torpakeeperen si rekkevidde.

Les meir »

MBK - FK Vang: 7-1 (2-0)

PUBLISERT 01.10.2016

Børstad kunstgress laurdag 1 oktober kl. 13.00. Dommar: Nikolai Bratvold. Assistentar: Simen Storengen og Rolf Martinsen. Publikum: ca 20 stk. FK Vang reiste på kamp i dag med kun 11 mann. Kun 5 av dei som var med på forrige kamp var tilgjengelige i dag, så det vart mange endringar. Gjestene klarte seg rimeleg godt i fyrste del av kampen, sjølv om det var liten tvil om hvilke lag som var best. MBK har mange erfarne og gode spelara i stallen, fleire av dei med spel i høgre divisjonar i sekken. Marcus Thune Skeie og Jan Magne Almenning, begge guttespelara vart med til Hamar i dag, begge klarte seg godt sjølv om det også for dei blir vel tøft med 90 minutt.

Les meir »

FK Vang - Vind: 2-4 (1-2)

PUBLISERT 23.09.2016

Tveit stadion kunstgras fredag 23 september kl. 19.30. Dommar: Nils Arne Solberg. Assistentar: Finn Odvar Lebiko og Knut Sørhusbakken. Speaker: Ordfører Vidar Eltun. Publikum: ca 40 stk. FK Vang hadde ein god kamp i kveld, men brenner mange meget gode sjanser. Vind scorer alle sine fire mål etter slurv og dårlige avklaringer fra vår side. Sjansestatistikken vinn FK Vang klart, men det hjelper heller dårlig når måla uteblir.

Les meir »