Simen Strandbråten13 mål i 2016
Vegard Kjøs Egge4 mål i 2016
Kim Kveno3 mål i 2016
Ingen mål registrert
 

Nordre Land - FK Vang: 6-0 (3-0)

PUBLISERT 28. mai 2016

Brovold kunstgress 27 mai kl. 19.00.
Dommar: Samir Krndzija.
Assist: Svein Erik Slåttsveen og Andrè Kvernlien Sveen.
Publikum: 30 stk.

Treningstimar og duellstyrke skil laga på Brovold i kveld. FK Vang missar for mange enkle passningar og spelar ingen stor kamp. Skadesituasjonen i troppen bedra seg heller ikkje, då uheldige Salar, som spelar sin fyrste kamp for FK Vang får brudd i kragebeinet etter å ha landa på skulderen etter ein duell.  

12 - 5 i sjanser og 4 - 2 i cornere syner at gjestene ikkje er heilt borte, men det blir litt få med fram når sjansene byr seg.
Nordre Land er meget gode på lange krosspassningar og vinn mange hodeduellar i kampen. 
Scoringane til heimelaget kjem i det 14, 26, 42, 53, 63 og 75. minutt, fleire av desse er av det enkle slaget og bør avvergast.
FK Vang må heim og trene, neste kamp er mot serieledar Toten på Tveit.

Salar måtte i retur til Gjøvik igjen etter att 113 ikkje kunne sende han direkte til Gjøvik frå Dokka. Han måtte bli med oss den humpette vegen over Tonsåsen til legevakta på Fagernes for så å bli sendt over humpette Tonsåsen ein gong til.

Laget:  Jarle, Sverre, Kasper, Thomas, Tore, Håvard, Øyvind, Kim B, Vegard, Henning, Simen,  Audun, Kim K, Eirik og Salar 

Dagens mann på FK Vang vart Simen Stransbråten og Kim Bøland, Simen trakk det lengste strået og får bilde på nettsida.
Jarle Haugrud og Sverre Melby deler andre plassen og Kasper Kjeldsen tek bronsa.

Trening tirsdag kl.19.30. Møt opp!   

God Jul og Godt Nyttår

PUBLISERT 26.12.2016

FK Vang takkar alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2017 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstid: Torsdag, fredag og nyttårseftan ca kl. 10.00 - 14.00

Les meir »

FK Vang - Vest Torpa: 3-2 (1-1)

PUBLISERT 09.10.2016

Tveit stadion kunstgras, søndag 9 oktober kl.15.00. Dommar: Kristoffer Nitter Leirdal. Assistentar: Svein Erik Slåttsveen og Finn Odvar Lebiko. Speaker: Kjell Magne Kvale. Publikum: ca. 20 stk. Fortjent seier til heimelaget i dag og godt med revansj frå våroppgjeret. Fyrste omgangen var jamn med seks sjanser til begge lag og 3-2 i FK Vang favør i cornerstatistikken. 1-1 var det også til pause og omgangens og kanskje kampen sitt høgdepunkt var Thomas Hilmen si perle frå 52 meter som gjekk i fin boge, og strauk akkurat under tverrliggaren og akkurat over Torpakeeperen si rekkevidde.

Les meir »

MBK - FK Vang: 7-1 (2-0)

PUBLISERT 01.10.2016

Børstad kunstgress laurdag 1 oktober kl. 13.00. Dommar: Nikolai Bratvold. Assistentar: Simen Storengen og Rolf Martinsen. Publikum: ca 20 stk. FK Vang reiste på kamp i dag med kun 11 mann. Kun 5 av dei som var med på forrige kamp var tilgjengelige i dag, så det vart mange endringar. Gjestene klarte seg rimeleg godt i fyrste del av kampen, sjølv om det var liten tvil om hvilke lag som var best. MBK har mange erfarne og gode spelara i stallen, fleire av dei med spel i høgre divisjonar i sekken. Marcus Thune Skeie og Jan Magne Almenning, begge guttespelara vart med til Hamar i dag, begge klarte seg godt sjølv om det også for dei blir vel tøft med 90 minutt.

Les meir »

FK Vang - Vind: 2-4 (1-2)

PUBLISERT 23.09.2016

Tveit stadion kunstgras fredag 23 september kl. 19.30. Dommar: Nils Arne Solberg. Assistentar: Finn Odvar Lebiko og Knut Sørhusbakken. Speaker: Ordfører Vidar Eltun. Publikum: ca 40 stk. FK Vang hadde ein god kamp i kveld, men brenner mange meget gode sjanser. Vind scorer alle sine fire mål etter slurv og dårlige avklaringer fra vår side. Sjansestatistikken vinn FK Vang klart, men det hjelper heller dårlig når måla uteblir.

Les meir »