Simen Strandbråten13 mål i 2016
Vegard Kjøs Egge4 mål i 2016
Kim Kveno3 mål i 2016
Ingen mål registrert
 

Lunner - FK Vang 2-2 (1-1)

PUBLISERT 13. august 2016

Frøystad kunstgress fredag 12. august kl. 20.00
Dommer: Mohammed Hafezi
Assistentar: Tron Brænden og Jan Erik Bjørnstad
Publikum 10 stk.

FK Vang hadde fortjent bedre, heimelaget scora 25 sekund før tillagt tid var over. Lagene hadde kvar sin omgang på Frøystad kunstgress. Valdres-laget kunne avgjort oppgjeret med uttelling på eit par feite sjanser i andre omgang. 

Det har alltid vore jamne kampar mellom desse to laga, og det var det også i kveld.
FK Vang var det beste laget utover i kampen og begge trenerene var enige om at det var litt utur at FK Vang ikkje fekk med alle 3 poenga. 
Lunner starta som nemnt best og skapte mest i starten, dei fekk frispark frå ca 25 meter 10. minutt ut i kampen. Årets mål for bortelaget då skyttaren fekk kjempetreff og sender ballen med jamn stigning knallhardt rett i krysset, utagbart for vår keeper. FK Vang kom meir inn i kampen etter dette og utlignar med ei fin scoring av Kim Kveno når kvartereret er gått. Simen Strandbråten har assisten på scoringa frå vår venstre side med innlegg som Kim avsluttar direkte i mål. Gjestene har også to cornera utan att desse blir særleg farlige og får også to gule kort denne omgangen.
1-1 til pause er greit nok, men FK Vang føler dei har meir og gå på. Siste omgangen er vår og leiing i kampen kjem når kampuret viser 73 minutt. Nok ei gong er det Simen Strandbråten som har assisten nå i frå vår høgre side, Åsmund Bakkene får ballen og set den sikkert i mål til høgre for Lunner sin keeper. FK Vang skaper to kjempesjanser etter dette og kan punktere oppgjeret, vi har også fleire gode muligheter + 3 cornera som det ikkje blir noko ut av.
Heimelaget skuffer på med folk framover på slutten og får utligning 25 sekund før dommaren bles i fløyta, halvt Valdres gutt Fredrik Løken Tvenge scorar dette for Lunner. Stor jubel i Lunner sine rekker sjølvsagt og litt nedtrykkt stemning i FK Vang. Alt i alt var det ein god og spennande kamp, og ein av dei bedre bortekampane frå gjestene sin side på lenge.

Laget: Jarle, Sverre, Bjørn Tore, Tore, Eirik, Olav, Kim K, Kim B, Åsmund, Vegard K E, Simen, Anders, Morten, Audun og Salar.       

Simen Strandbråten vart atter kåra til dagens mann i FK Vang. Kapteinen går foran som ein bauta i angrep og skaper trøbbel for motstanderlagene. Teknikker Åsmund Bakkene blir kåra til sølvplass, Åsmund blir bedre og bedre fra kamp til kamp og blir nesten matchvinner i dag. Kim Kveno får tredje plassen i kåringa, Kim er viktig med passningsfoten og sin avsluttningsteknikk.
Heile laget er bra i dag, ny spelar i klubben med navn Morten Sønsteby har også eit godt innhopp og scorar nesten i debyen.

Trening i veka som kjem: Måndag kl. 19.30 

God Jul og Godt Nyttår

PUBLISERT 26.12.2016

FK Vang takkar alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2017 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstid: Torsdag, fredag og nyttårseftan ca kl. 10.00 - 14.00

Les meir »

FK Vang - Vest Torpa: 3-2 (1-1)

PUBLISERT 09.10.2016

Tveit stadion kunstgras, søndag 9 oktober kl.15.00. Dommar: Kristoffer Nitter Leirdal. Assistentar: Svein Erik Slåttsveen og Finn Odvar Lebiko. Speaker: Kjell Magne Kvale. Publikum: ca. 20 stk. Fortjent seier til heimelaget i dag og godt med revansj frå våroppgjeret. Fyrste omgangen var jamn med seks sjanser til begge lag og 3-2 i FK Vang favør i cornerstatistikken. 1-1 var det også til pause og omgangens og kanskje kampen sitt høgdepunkt var Thomas Hilmen si perle frå 52 meter som gjekk i fin boge, og strauk akkurat under tverrliggaren og akkurat over Torpakeeperen si rekkevidde.

Les meir »

MBK - FK Vang: 7-1 (2-0)

PUBLISERT 01.10.2016

Børstad kunstgress laurdag 1 oktober kl. 13.00. Dommar: Nikolai Bratvold. Assistentar: Simen Storengen og Rolf Martinsen. Publikum: ca 20 stk. FK Vang reiste på kamp i dag med kun 11 mann. Kun 5 av dei som var med på forrige kamp var tilgjengelige i dag, så det vart mange endringar. Gjestene klarte seg rimeleg godt i fyrste del av kampen, sjølv om det var liten tvil om hvilke lag som var best. MBK har mange erfarne og gode spelara i stallen, fleire av dei med spel i høgre divisjonar i sekken. Marcus Thune Skeie og Jan Magne Almenning, begge guttespelara vart med til Hamar i dag, begge klarte seg godt sjølv om det også for dei blir vel tøft med 90 minutt.

Les meir »

FK Vang - Vind: 2-4 (1-2)

PUBLISERT 23.09.2016

Tveit stadion kunstgras fredag 23 september kl. 19.30. Dommar: Nils Arne Solberg. Assistentar: Finn Odvar Lebiko og Knut Sørhusbakken. Speaker: Ordfører Vidar Eltun. Publikum: ca 40 stk. FK Vang hadde ein god kamp i kveld, men brenner mange meget gode sjanser. Vind scorer alle sine fire mål etter slurv og dårlige avklaringer fra vår side. Sjansestatistikken vinn FK Vang klart, men det hjelper heller dårlig når måla uteblir.

Les meir »