Simen Strandbråten13 mål i 2016
Vegard Kjøs Egge4 mål i 2016
Kim Kveno3 mål i 2016
Ingen mål registrert
 

Kolbu KK - FK Vang: 6-0 (5-0)

PUBLISERT 3. august 2016

Kolbukam ip, tysdag 2 august kl. 19.00.
Dommer: Mirsad Vranesi.
Assistentar: Finn Odvar Lebiko og Dag Englund.
Speaker: Ja.
Publikum: 104 stk.

Ingen god start på kampen for gjestene fra Valdres. Ein del att og fram på Totenåsen før me fant stadion førte til dårlig tid til oppvarming. FK Vang var fortsatt i feriemodus til 15 minutt ut i kampen, og med kun 11 mann er det umulig å koma tilbake mot eit godt samspelt heimelag som scorar 4 mål fyrste kvarteret.

Me er berre 10 stk. spelara 2 timar før avreise fra Ryfoss. Mange forfall er rett og slett unødvendige med litt planlegging av tia. All ære til Frank Skoglund som knyter på seg fotballskoa igjen slik et me blir 11. Frank klarer seg utmerket i kampen og eg håpar han blir å sjå i FK Vang drakta meir utover hausten.
Som bekrevet vart det ein begredelig start for bortelaget på Kolbukam idretsplass i kveld. Laget var ikkje påskrua før kvarteret var gått, me var ikkje oppi og duellkrafta var lik null.
Etter denne kalddusjen i starten kom FK Vang delvis opp på det nivået dei bør væra på utan å skapa det heilt store.
Kolbu KK scorar 5 mål 1. omgang og er notert med 6 sjanser, den siste scoringa kjem like før pause.
Duellkrafta, bakrom og dobblinga på kantane er fokuset deffensivt i pausa, og dette blir bedre dei siste 45 minutta. FK Vang er meir med i kampen sjølv om Kolbu har det spelemessige overtaket. FK Vang har ei god sjanse frå Salar som dessverre går i nettveggen, cornerane me får blir også perfekt slått men desverre utan uttelling.
Kolbu scorar sitt siste, men finaste mål halvegs ut i omgangen.

Dagens mann på FK Vang blir Kasper Kjedsen, midtstopparkolega Thomas Hilmen får andreplassen og Simen Strandbråten og Jarle Haugrud deler tredjeplassen i kåringa.

Laget: Jarle, Sverre, Kasper, Thomas, Eirik, Salar, Øyvind, Simen, Vegard K E, Audun og Frank.     


 
 

God Jul og Godt Nyttår

PUBLISERT 26.12.2016

FK Vang takkar alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2017 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstid: Torsdag, fredag og nyttårseftan ca kl. 10.00 - 14.00

Les meir »

FK Vang - Vest Torpa: 3-2 (1-1)

PUBLISERT 09.10.2016

Tveit stadion kunstgras, søndag 9 oktober kl.15.00. Dommar: Kristoffer Nitter Leirdal. Assistentar: Svein Erik Slåttsveen og Finn Odvar Lebiko. Speaker: Kjell Magne Kvale. Publikum: ca. 20 stk. Fortjent seier til heimelaget i dag og godt med revansj frå våroppgjeret. Fyrste omgangen var jamn med seks sjanser til begge lag og 3-2 i FK Vang favør i cornerstatistikken. 1-1 var det også til pause og omgangens og kanskje kampen sitt høgdepunkt var Thomas Hilmen si perle frå 52 meter som gjekk i fin boge, og strauk akkurat under tverrliggaren og akkurat over Torpakeeperen si rekkevidde.

Les meir »

MBK - FK Vang: 7-1 (2-0)

PUBLISERT 01.10.2016

Børstad kunstgress laurdag 1 oktober kl. 13.00. Dommar: Nikolai Bratvold. Assistentar: Simen Storengen og Rolf Martinsen. Publikum: ca 20 stk. FK Vang reiste på kamp i dag med kun 11 mann. Kun 5 av dei som var med på forrige kamp var tilgjengelige i dag, så det vart mange endringar. Gjestene klarte seg rimeleg godt i fyrste del av kampen, sjølv om det var liten tvil om hvilke lag som var best. MBK har mange erfarne og gode spelara i stallen, fleire av dei med spel i høgre divisjonar i sekken. Marcus Thune Skeie og Jan Magne Almenning, begge guttespelara vart med til Hamar i dag, begge klarte seg godt sjølv om det også for dei blir vel tøft med 90 minutt.

Les meir »

FK Vang - Vind: 2-4 (1-2)

PUBLISERT 23.09.2016

Tveit stadion kunstgras fredag 23 september kl. 19.30. Dommar: Nils Arne Solberg. Assistentar: Finn Odvar Lebiko og Knut Sørhusbakken. Speaker: Ordfører Vidar Eltun. Publikum: ca 40 stk. FK Vang hadde ein god kamp i kveld, men brenner mange meget gode sjanser. Vind scorer alle sine fire mål etter slurv og dårlige avklaringer fra vår side. Sjansestatistikken vinn FK Vang klart, men det hjelper heller dårlig når måla uteblir.

Les meir »