Simen Strandbråten13 mål i 2016
Vegard Kjøs Egge4 mål i 2016
Kim Kveno3 mål i 2016
Ingen mål registrert
 

FK Vang - Toten: 0-3 (0-1)

PUBLISERT 3. juni 2016

Tveit stadion kunstgras 3 juni kl. 20.00.
Dommar: Tommy Frydenlund.
Assistentar: Knut Anders Saglien og Svenn Olav Fossholt.
Publikum: 25 stk.

Toten var det beste laget i kveld, men meir enn godkjent innsats av FK Vang som var berre 11 stk. til kampstart.
Sjansestatistikken viser 5 - 11, vertene var farleg frampå med store sjanser og kunne fort ha utligna i oppgjeret på Tveit.

Det var store problem med å stille mannskap til denne kampen, fleire på skadelista og sjukdom med forfall like inntil kampstart gjorde det ikkje lett for FK Vang.
Heldige var me att heile 4 debutantar var klare for klubben i kveld, av desse er det 2 stk som har spelt for klubben for nokre år tilbake, Åsmund Bakkene og Kjell Magne Kvale. Eivind Bakkene og Rudi Lambrechts er begge nye i klubben, Eivind er kanskje best kjent frå sprintløypa med ski på beina der han er i Norgestoppen, Rudi kjem frå Jørpeland og klubben Staal og er for tida snikkar i Vang.
Alle desse bidrog sterkt til eit hederlig resultat mot serieledar Toten.

Det er notert 5 sjanser til Toten dei fyrste 45 minutta, forsvaret og ikkje minst Jarle avverga alle unntatt sjansa til gjestene som kom etter 20 minutt der dei fekk for god plass i midten.
FK Vang hadde 2 store sjanser, den eine fekk Toten sin keeper så vidt hånda på og redda ut til corner.
FK Vang var absolutt med og fokuset i pausa var å halde oppe trykket. Sjansene ville by seg også i andre omgang, så dette var på ingen måte kjørt.
Det skjedde ikkje all verden før etter ca 10 minutt, då ein god Toten skuespiller lurer ein ellers god dommertrio til å dømme straffe. God straffe heilt borte ved metallet og 0-2 til gjestene.
FK Vang hadde 3 store sjanser denne omgangen, men klarte ikkje å overliste Toten sin keeper. Toten fekk si tredje scoring 5 minutt før slutt og det skal seiast at ein småskadet Jarle i FK Vang sitt bur var rett og slett i det umulige hjørnet i kveld.

Laget: Jarle, Sverre, Rudi, Thomas, Håvard, Audun, Øyvind, Vegard K, Henning, Åsmund, Eivind, Kjell Magne og Kai Arne K. 

Alt i alt ein stor opptur for FK Vang etter tre meget svake opptredener dei siste kampane.
Jarle Haugrud vinn suverent kåringa av FK Vang sin beste med over dobbelt så mange poeng som neste mann på lista. Godt å sjå Jarle i dette lunet att, håper han får lega skada som han slit med raskt. Debutant Åsmund Bakkene kjem på ein god andreplass i kåringa, det blir moro og sjå han framover. Kaptein Thomas Hilmen tek tredje plassen i kåringa, Thomas er taktisk meget god og avvergar mange situasjoner som kan bli farlige. Ellers er lagmoralen slik den bør væra, laget ligg godt og kompakt og innsatsen er meget god over heile linja.

Trening i vekene som kjem: Måndagar kl. 19.30.    

 


  
  

  

God Jul og Godt Nyttår

PUBLISERT 26.12.2016

FK Vang takkar alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2017 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstid: Torsdag, fredag og nyttårseftan ca kl. 10.00 - 14.00

Les meir »

FK Vang - Vest Torpa: 3-2 (1-1)

PUBLISERT 09.10.2016

Tveit stadion kunstgras, søndag 9 oktober kl.15.00. Dommar: Kristoffer Nitter Leirdal. Assistentar: Svein Erik Slåttsveen og Finn Odvar Lebiko. Speaker: Kjell Magne Kvale. Publikum: ca. 20 stk. Fortjent seier til heimelaget i dag og godt med revansj frå våroppgjeret. Fyrste omgangen var jamn med seks sjanser til begge lag og 3-2 i FK Vang favør i cornerstatistikken. 1-1 var det også til pause og omgangens og kanskje kampen sitt høgdepunkt var Thomas Hilmen si perle frå 52 meter som gjekk i fin boge, og strauk akkurat under tverrliggaren og akkurat over Torpakeeperen si rekkevidde.

Les meir »

MBK - FK Vang: 7-1 (2-0)

PUBLISERT 01.10.2016

Børstad kunstgress laurdag 1 oktober kl. 13.00. Dommar: Nikolai Bratvold. Assistentar: Simen Storengen og Rolf Martinsen. Publikum: ca 20 stk. FK Vang reiste på kamp i dag med kun 11 mann. Kun 5 av dei som var med på forrige kamp var tilgjengelige i dag, så det vart mange endringar. Gjestene klarte seg rimeleg godt i fyrste del av kampen, sjølv om det var liten tvil om hvilke lag som var best. MBK har mange erfarne og gode spelara i stallen, fleire av dei med spel i høgre divisjonar i sekken. Marcus Thune Skeie og Jan Magne Almenning, begge guttespelara vart med til Hamar i dag, begge klarte seg godt sjølv om det også for dei blir vel tøft med 90 minutt.

Les meir »

FK Vang - Vind: 2-4 (1-2)

PUBLISERT 23.09.2016

Tveit stadion kunstgras fredag 23 september kl. 19.30. Dommar: Nils Arne Solberg. Assistentar: Finn Odvar Lebiko og Knut Sørhusbakken. Speaker: Ordfører Vidar Eltun. Publikum: ca 40 stk. FK Vang hadde ein god kamp i kveld, men brenner mange meget gode sjanser. Vind scorer alle sine fire mål etter slurv og dårlige avklaringer fra vår side. Sjansestatistikken vinn FK Vang klart, men det hjelper heller dårlig når måla uteblir.

Les meir »