Simen Strandbråten13 mål i 2016
Vegard Kjøs Egge4 mål i 2016
Kim Kveno3 mål i 2016
Ingen mål registrert
 

FK Vang - Søndre Land: 3-0 (1-0)

PUBLISERT 5. august 2016

Tveit stadion kunstgras fredag 5 august kl.19.30.
Dommar: Arnfinn Botten.
Assistentar: Vebjørn Engeli og Knut Sørhusbakken.
Speaker: Nei.
Publikum: 15 stk.

Veldig godt med ein trepoenger for FK Vang. Søndre Land kjempa godt og var på ingen måte enkle og slå i kveld.
Kampen var jamn og spenninga var der fram til FK Vang putta sitt tredje 18 minutt ut i andre omgang.

FK Vang hadde fått heim fleire frå ferie til denne kampen og det er supert at Bjørn Tore Gundersen aksla FK Vang trøya igjen. Bjørn Tore skal i garden i oktober og blir med oss framover, han gjekk rett inn på stopparplass i kveld og klarte seg veldig godt.
Stilligskrig var det i starten av kampen utan dei heilt store sjansene.
Simen Strandbråten åpna scoringane i det 21. minutt etter å ha fått assisten frå Vegard Kjøs Egge. Simen scora med dette målet sitt åttande for sesongen og er klar toppscorar for klubben, han vart også valgt til kaptein på laget i kveld.
Søndre Land skapte ikkje så mange sjanser denne omgangen, men hadde tre cornera og fleire dødballar som heimelaget avklara mesterlig.
Andre omgang starter på samme måte som fyrste med stilligskrig. Det går 17 minutt før det løsnar for heimelaget med nydeleg spel og 2-0. Åsmund Bakkene har assisten til Vegard Kjøs Egge som scorar sikkert. Minuttet etterpå er heimelaget frampå igjen og punkterer kampen med nok ei nydeleg scoring. Simen Strandbråten scorar på suverent vis sitt niende og kampens tredje mål. Vegard Kjøs Egge har assisten på denne scoringa.
Søndre Land prøver og få utligning, men klarer det ikkje sjølv om eit par av sjansene dei har er store. Gjestene har også fleire cornera som blir godt avklara frå vår keeper og forsvar.

Alt i alt var dette ein god kamp av heimelaget med tanke på få samla treningstimar i summar.

Laget: Jarle, Sverre, Bjørn Tore, Kasper, Eirik, Vegard K E, Kim B, Øyvind, Åsmund, Kim K, Simen, Audun og Håvard.

Dagens mann på FK Vang vart nyvalgt kaptein og spiss Simen Strandbråten, Simen stiller opp frå kamp til kamp og kjører 20 mil på heimekamp og treningar. Det er berre og bøye seg i hatten, som det nye ordtaket lyder. Kasper Kjeldsen er også suveren på sin stopparplass og styrer bakre linjer godt. Kasper får sølvplassen i kåringa. Øyvind Kjøs Egge får tredjeplassen og spelar sin beste kamp for året etter mi meining. Også meget bra at Eirik lykkast så godt på sin nye backplass.
Heile 11 mann fekk stjerner i kåringa i kveld og det tyder på god jobbing av heile gjengen.

Trening i veka som kjem: Måndag kl. 19.00.  

 
 
    

God Jul og Godt Nyttår

PUBLISERT 26.12.2016

FK Vang takkar alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2017 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstid: Torsdag, fredag og nyttårseftan ca kl. 10.00 - 14.00

Les meir »

FK Vang - Vest Torpa: 3-2 (1-1)

PUBLISERT 09.10.2016

Tveit stadion kunstgras, søndag 9 oktober kl.15.00. Dommar: Kristoffer Nitter Leirdal. Assistentar: Svein Erik Slåttsveen og Finn Odvar Lebiko. Speaker: Kjell Magne Kvale. Publikum: ca. 20 stk. Fortjent seier til heimelaget i dag og godt med revansj frå våroppgjeret. Fyrste omgangen var jamn med seks sjanser til begge lag og 3-2 i FK Vang favør i cornerstatistikken. 1-1 var det også til pause og omgangens og kanskje kampen sitt høgdepunkt var Thomas Hilmen si perle frå 52 meter som gjekk i fin boge, og strauk akkurat under tverrliggaren og akkurat over Torpakeeperen si rekkevidde.

Les meir »

MBK - FK Vang: 7-1 (2-0)

PUBLISERT 01.10.2016

Børstad kunstgress laurdag 1 oktober kl. 13.00. Dommar: Nikolai Bratvold. Assistentar: Simen Storengen og Rolf Martinsen. Publikum: ca 20 stk. FK Vang reiste på kamp i dag med kun 11 mann. Kun 5 av dei som var med på forrige kamp var tilgjengelige i dag, så det vart mange endringar. Gjestene klarte seg rimeleg godt i fyrste del av kampen, sjølv om det var liten tvil om hvilke lag som var best. MBK har mange erfarne og gode spelara i stallen, fleire av dei med spel i høgre divisjonar i sekken. Marcus Thune Skeie og Jan Magne Almenning, begge guttespelara vart med til Hamar i dag, begge klarte seg godt sjølv om det også for dei blir vel tøft med 90 minutt.

Les meir »

FK Vang - Vind: 2-4 (1-2)

PUBLISERT 23.09.2016

Tveit stadion kunstgras fredag 23 september kl. 19.30. Dommar: Nils Arne Solberg. Assistentar: Finn Odvar Lebiko og Knut Sørhusbakken. Speaker: Ordfører Vidar Eltun. Publikum: ca 40 stk. FK Vang hadde ein god kamp i kveld, men brenner mange meget gode sjanser. Vind scorer alle sine fire mål etter slurv og dårlige avklaringer fra vår side. Sjansestatistikken vinn FK Vang klart, men det hjelper heller dårlig når måla uteblir.

Les meir »