FK Vang - MBK Domkirkeodden: 0-2 (0-1)
PUBLISERT 24. juni 2016
Tveit stadion kunstgras fredag 24 juni kl.20 00
Dommar: Jan Ole Skinnehaugen
Assistentar: Svenn Olav Fossholt og Knut Sørhusbakken
Speaker: Ordførar Vidar Eltun
Publikum: 10 stk.
MBK Domkirkeodden er eit av topplaga i avdelingen, men fekk god
motstand på Tveit i kveld.
Starten av kampen var heller ikkje i kveld særleg bra, då
heimelaget kom bakpå etter kun 3 minutt. FK Vang var godt med i
resten av oppgjeret og skapte fleire gode sjanser mot Munkene, mål
vart det ikkje for vertene sjølv om fleire av sjansene var
store.
Det er notert 4-5 i sjansestatistikken og 4-2 i cornerar
dei fyrste 45 minutta, men MBK hadde kanskje dei farlegaste
sjansene. Nummer 77 hos Munkene, Sigurd Ertsås er ein drivande god
spelar og nok ein av dei bedre som har gjesta Tveit stadion. Det
vart bedre deffensivt når FK Vang kom seg meir oppi denne
karen.
I pausa var fokuset at dette
virkeleg kunne bikke vår veg og starten av andre omgang var meget
god av FK Vang. To kjempesjanser blir skapt dei fyrste fem minutta
utan uttelling dessverre. FK Vang var bra med heile omgangen, berre
synd at me ikkje får uttelling på alle sjansene og cornerane me
skaper.
MBK hadde midtvegs også ein cornerbonanza med ti cornera på
rappen, men heimelaget sto godt i mot men klarerte alle til nye
cornera.
FK Vang kjørte opp fleire spelara på slutten av kampen for å få
utligninga, dette kan slå begge veger. Sigurd Ertsås fastsette
sluttresultatet til 0-2 på overtid, etter ein flott
enkeltmannsprestasjon.
Alt i alt ein god kamp av FK Vang, synd at me ikkje får ballen i
nota.
Jarle Haugrud er ein fantastisk keeper, han er uredd og reddar med
alle kroppsdeler. Eit hardt skudd rett i fleisen frå kort hald set
han heller ikkje ut. Jarle blir kåra til dagens mann med god
margin.
Thomas Hilmen tek andreplassen og Kasper Kjeldsen
kjem også på pallen poenget bak.
Laget: Jarle, Sverre, Kasper, Thomas, Håvard, Kai Arne K,
Øyvind, Kim K, Åsmund, Erik, Simen, Rudi, Eivind, Olav,
Eirik og Kjell Magne
Viktig att alle får med seg treninga kl. 19.30 på måndag.
God Jul og Godt Nyttår
PUBLISERT 26.12.2016
FK Vang takkar alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2017 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstid: Torsdag, fredag og nyttårseftan ca kl. 10.00 - 14.00
FK Vang - Vest Torpa: 3-2 (1-1)
PUBLISERT 09.10.2016
Tveit stadion kunstgras, søndag 9 oktober kl.15.00. Dommar: Kristoffer Nitter Leirdal. Assistentar: Svein Erik Slåttsveen og Finn Odvar Lebiko. Speaker: Kjell Magne Kvale. Publikum: ca. 20 stk. Fortjent seier til heimelaget i dag og godt med revansj frå våroppgjeret. Fyrste omgangen var jamn med seks sjanser til begge lag og 3-2 i FK Vang favør i cornerstatistikken. 1-1 var det også til pause og omgangens og kanskje kampen sitt høgdepunkt var Thomas Hilmen si perle frå 52 meter som gjekk i fin boge, og strauk akkurat under tverrliggaren og akkurat over Torpakeeperen si rekkevidde.
MBK - FK Vang: 7-1 (2-0)
PUBLISERT 01.10.2016
Børstad kunstgress laurdag 1 oktober kl. 13.00. Dommar: Nikolai Bratvold. Assistentar: Simen Storengen og Rolf Martinsen. Publikum: ca 20 stk. FK Vang reiste på kamp i dag med kun 11 mann. Kun 5 av dei som var med på forrige kamp var tilgjengelige i dag, så det vart mange endringar. Gjestene klarte seg rimeleg godt i fyrste del av kampen, sjølv om det var liten tvil om hvilke lag som var best. MBK har mange erfarne og gode spelara i stallen, fleire av dei med spel i høgre divisjonar i sekken. Marcus Thune Skeie og Jan Magne Almenning, begge guttespelara vart med til Hamar i dag, begge klarte seg godt sjølv om det også for dei blir vel tøft med 90 minutt.
FK Vang - Vind: 2-4 (1-2)
PUBLISERT 23.09.2016
Tveit stadion kunstgras fredag 23 september kl. 19.30. Dommar: Nils Arne Solberg. Assistentar: Finn Odvar Lebiko og Knut Sørhusbakken. Speaker: Ordfører Vidar Eltun. Publikum: ca 40 stk. FK Vang hadde ein god kamp i kveld, men brenner mange meget gode sjanser. Vind scorer alle sine fire mål etter slurv og dårlige avklaringer fra vår side. Sjansestatistikken vinn FK Vang klart, men det hjelper heller dårlig når måla uteblir.