Simen Strandbråten13 mål i 2016
Vegard Kjøs Egge4 mål i 2016
Kim Kveno3 mål i 2016
Ingen mål registrert
 

FK Vang - Lunner: 3-2 (0-0)

PUBLISERT 7. mai 2016

Tveit stadion kunstgras 7 mai kl. 15.00
Dommar: Terje Klungsøyr
Assistentar: Geir Erling Heien og Bjørn Dag Lundhaug
Speaker: Ordførar Vidar Eltun
Publikum: ca 40 stk.

Rimeleg jamnt dei fyrste 45 minutta på Tveit i dag. Lunner hadde ei stor sjanse og FK Vang to, gjestene ein corner mot heimelaget sine fem.
Det sto 0-0 til pause, men vertene var meget innbitt på og krige til seg alle tre poenga i dag, og det klarte FK Vang imponerande bra sjølv om det vart litt spenning heilt på slutten av kampen.

Kun 2 minutt var gått av andre omgang då Anders Skrebergene har innkast på vår venstre side, Simen Strandbråten får ballen og får det til å sjå ut som to statistar i Lunnerforsvaret då han forserar dei med fart og eleganse og smeller ballen utagbart til høgre for keeperen.
Samme Simen er frampå med assist til Vegard Kjøs Egge når det er gått 18 minutt av andre omgang. Vegard lurer to stk på mesterlig vis og set ballen nydeleg til venstre for keeperen og 2-0 til FK Vang.
Fire minutt etter dette får heimelaget frispark på høgre side i banen, Thomas Hilmen har ein meget god venstrefot og beviser dette. Eit pressa Lunner forsvar avklarer ballen rett i eige nett, og 3-0 til FK Vang.
3-0 er stillinga til det er at 8 minutt av kampen, Lunner reduserer til 3-1.
Lunner får energi av scoringa si og puttar ein til minuttet før slutt.
Tre poeng og fortjent 3-2 seier til FK Vang føles meget godt, all ære til gutane og ikkje minst Henrik Gjestvang som tok turen frå Elverum.

Laget: Jarle, Sverre, Øyvind, Thomas, Håvard, Kai Arne K, Kim B, Henrik, Olav, Vegard, Simen, Anders, Eirik og Tormod.

Vegard Kjøs Egge vart fortjent kåra til FK Vang sin beste i dag, 2-0 scoringa er vel vert turen til Tveit i dag.
Kim Bøland, Øyvind Kjøs Egge og Simen Strandbråten deler andre plassen i kåringa og Thomas Hilmen og Henrik Gjestvang deler tredje pallplassen.
Alt i alt ein herlig lagseier.

Trening i veka som kjem: Tysdag kl. 19.30 på Tveit 

 

 

 
 
 

God Jul og Godt Nyttår

PUBLISERT 26.12.2016

FK Vang takkar alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2017 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstid: Torsdag, fredag og nyttårseftan ca kl. 10.00 - 14.00

Les meir »

FK Vang - Vest Torpa: 3-2 (1-1)

PUBLISERT 09.10.2016

Tveit stadion kunstgras, søndag 9 oktober kl.15.00. Dommar: Kristoffer Nitter Leirdal. Assistentar: Svein Erik Slåttsveen og Finn Odvar Lebiko. Speaker: Kjell Magne Kvale. Publikum: ca. 20 stk. Fortjent seier til heimelaget i dag og godt med revansj frå våroppgjeret. Fyrste omgangen var jamn med seks sjanser til begge lag og 3-2 i FK Vang favør i cornerstatistikken. 1-1 var det også til pause og omgangens og kanskje kampen sitt høgdepunkt var Thomas Hilmen si perle frå 52 meter som gjekk i fin boge, og strauk akkurat under tverrliggaren og akkurat over Torpakeeperen si rekkevidde.

Les meir »

MBK - FK Vang: 7-1 (2-0)

PUBLISERT 01.10.2016

Børstad kunstgress laurdag 1 oktober kl. 13.00. Dommar: Nikolai Bratvold. Assistentar: Simen Storengen og Rolf Martinsen. Publikum: ca 20 stk. FK Vang reiste på kamp i dag med kun 11 mann. Kun 5 av dei som var med på forrige kamp var tilgjengelige i dag, så det vart mange endringar. Gjestene klarte seg rimeleg godt i fyrste del av kampen, sjølv om det var liten tvil om hvilke lag som var best. MBK har mange erfarne og gode spelara i stallen, fleire av dei med spel i høgre divisjonar i sekken. Marcus Thune Skeie og Jan Magne Almenning, begge guttespelara vart med til Hamar i dag, begge klarte seg godt sjølv om det også for dei blir vel tøft med 90 minutt.

Les meir »

FK Vang - Vind: 2-4 (1-2)

PUBLISERT 23.09.2016

Tveit stadion kunstgras fredag 23 september kl. 19.30. Dommar: Nils Arne Solberg. Assistentar: Finn Odvar Lebiko og Knut Sørhusbakken. Speaker: Ordfører Vidar Eltun. Publikum: ca 40 stk. FK Vang hadde ein god kamp i kveld, men brenner mange meget gode sjanser. Vind scorer alle sine fire mål etter slurv og dårlige avklaringer fra vår side. Sjansestatistikken vinn FK Vang klart, men det hjelper heller dårlig når måla uteblir.

Les meir »