Simen Strandbråten13 mål i 2016
Vegard Kjøs Egge4 mål i 2016
Kim Kveno3 mål i 2016
Ingen mål registrert
 

FK Vang - Kolbu KK: 1-4 (1-2)

PUBLISERT 22. april 2016

Tveit stadion kunstgras, fredag 22 april kl. 19.30
Dommar: Nils Arne Solberg
Assisentar: Svenn Olav Fossholt og Svein Erik Slåttsveen
Speaker: Ordfører i Vang, Vidar Eltun 
Publikum: 40 stk.

FK Vang er rimelig godt fornøyd med seriestarten der me møter Kolbu KK, som i 2015 spelte i 3. div., og i år er ein av favorittane i denne avdelinga.
Heimelaget er absolutt med og skaper 5-6 gode sjanser i løpet av kampen. 

Kolbu KK får sidevalget i kveldens flomlyskamp og får vinden med seg dei fyrste 45 minutta, det er stillingskrig store deler av denne omgangen sjølv om dei får mange cornera i medvinden.
12 minutt er gått av kampen då årets fyrste mål blir scora på Tveit stadion, det er Kolbu KK som går opp i leiing etter ein corner og litt klabb og babb i feltet.
Kun 2 minutt etter dette er Simen Strandbråten frampå og lurer midtforsvaret til gjestene og knaller inn 1-1. Supert mål, framspelet hadde Tore Gjevre Haugen.
Kolbu KK får si andre scoring når 33 minutt er gått, også denne etter ein corner.
Omgangen ebber ut med 1-2 til gjestene.

FK Vang legg opp til ein omgang med medvind i sin favør, men vinden roar seg i andre omgang så den blir ingen fordel.
Kolbu KK er best denne omgangen, sjølv om heimelaget har sine muligheter og er med.
Straffa som blir dømt mot oss kun 7 minutt ut i omgangen er vel heller tvisom, men dømt er dømt og mål blir det.
FK Vang har ei hedding i tverrliggaren og eit par andre gode muligheter, men scorar ikkje meir mål.
Kolbu KK får eit til like før slutt, også det etter ein corner.

Laget: Ivar, Håvard, Kasper, Thomas, Tore, Sverre, Øyvind, Vegard K, Kim B, Kim K, Simen, Eirik, Kai Arne S og Kai Arne K. 

Thomas Hilmen blir kåra til FK Vang sin beste spelar, Thomas styrer og les spelet godt og er ein stødig kaptein for FK Vang.
Simen Strandbråten får sølvplassen i kåringa, Simen er komen som bestilt til FK Vang og er ein trussel for Kolbu sitt forsvar heile kampen.
Slitaren Kim Bøland får bronse i kåringa, Kim har ikkje fått trena så mykje i vinter men viljen og innsatsen er der.
Ellers må Ivar Kamrud nevnas, han står godt i målet og gjer få feil. Godt me har Ivar nå i og med at Jarle Haugrud fekk ei skade rett før seriestart.

Trening framover: Tysdager kl. 19.30   

 

 
   

God Jul og Godt Nyttår

PUBLISERT 26.12.2016

FK Vang takkar alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2017 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstid: Torsdag, fredag og nyttårseftan ca kl. 10.00 - 14.00

Les meir »

FK Vang - Vest Torpa: 3-2 (1-1)

PUBLISERT 09.10.2016

Tveit stadion kunstgras, søndag 9 oktober kl.15.00. Dommar: Kristoffer Nitter Leirdal. Assistentar: Svein Erik Slåttsveen og Finn Odvar Lebiko. Speaker: Kjell Magne Kvale. Publikum: ca. 20 stk. Fortjent seier til heimelaget i dag og godt med revansj frå våroppgjeret. Fyrste omgangen var jamn med seks sjanser til begge lag og 3-2 i FK Vang favør i cornerstatistikken. 1-1 var det også til pause og omgangens og kanskje kampen sitt høgdepunkt var Thomas Hilmen si perle frå 52 meter som gjekk i fin boge, og strauk akkurat under tverrliggaren og akkurat over Torpakeeperen si rekkevidde.

Les meir »

MBK - FK Vang: 7-1 (2-0)

PUBLISERT 01.10.2016

Børstad kunstgress laurdag 1 oktober kl. 13.00. Dommar: Nikolai Bratvold. Assistentar: Simen Storengen og Rolf Martinsen. Publikum: ca 20 stk. FK Vang reiste på kamp i dag med kun 11 mann. Kun 5 av dei som var med på forrige kamp var tilgjengelige i dag, så det vart mange endringar. Gjestene klarte seg rimeleg godt i fyrste del av kampen, sjølv om det var liten tvil om hvilke lag som var best. MBK har mange erfarne og gode spelara i stallen, fleire av dei med spel i høgre divisjonar i sekken. Marcus Thune Skeie og Jan Magne Almenning, begge guttespelara vart med til Hamar i dag, begge klarte seg godt sjølv om det også for dei blir vel tøft med 90 minutt.

Les meir »

FK Vang - Vind: 2-4 (1-2)

PUBLISERT 23.09.2016

Tveit stadion kunstgras fredag 23 september kl. 19.30. Dommar: Nils Arne Solberg. Assistentar: Finn Odvar Lebiko og Knut Sørhusbakken. Speaker: Ordfører Vidar Eltun. Publikum: ca 40 stk. FK Vang hadde ein god kamp i kveld, men brenner mange meget gode sjanser. Vind scorer alle sine fire mål etter slurv og dårlige avklaringer fra vår side. Sjansestatistikken vinn FK Vang klart, men det hjelper heller dårlig når måla uteblir.

Les meir »