Simen Strandbråten13 mål i 2016
Vegard Kjøs Egge4 mål i 2016
Kim Kveno3 mål i 2016
Ingen mål registrert
 

FK Vang - Dokka SK: 2-0 (0-0)

PUBLISERT 10. juni 2016

Tveit stadion kunstgras fredag 10 juni kl. 19.30.
Dommar: Adrianus Teunis Nugteren.
Assistentar: Ali Al-Hatem og Knut Sørhusbakken.
Speaker og innbyttar: Kjell Magne Kvale.
Publikum: ca 15 stk + Oppland Arbeiderblad (lokalavisa til FK Vang)

FK Vang var det klart beste laget i kveld og vant meget fortjent på Tveit i kveld.
Flest sjanser var det dei fyrste 45 minutta, men måla kom i andre omgang.
Sjanse og cornerstatistikken var 9-3 og 8-3 i FK Vang sin favør.

Kampen i kveld starta med ei fin minnemarkering og sørgebånd på høgre arm etter at Harald Rogn Tveit gjekk bort og vart gravlagt i dag.
Harald var far til trenaren til FK Vang og var også ein ivrig dugnadsdeltakar ved utbyggingane på stadion. Han har også sponsa fleirfoldige liter med diesel og mange traktortimar på dette.

FK Vang hadde fleire gode perioder i fyrste omgangen og skapte 6 gode sjanser.
Dei største sjansene heimelaget har bør det scorast på, den eine gjekk over mål og den andre til siden for mål. Dokka hadde også ei stor sjanse som gjekk til side for mål.
I pausa var vertene rimeleg sikre på at om laget fortsette slik ville me lykkast.
16 minutt ut i andre omgang kom sjansa som gav ledelse 1-0. Simen Strandbråten scora sikkert etter å ha fått assisten frå Åsmund Bakkene.
Dokka hadde ein heller svak omgang og fekk berre ei sjanse notert på blokka.
FK Vang hadde full kontroll og fekk uheldigvis ikkje dømt mål som var langt inne ifølge våre spissar og Dokka sin keeper. Kim Kveno sto for prestasjonen som var på Zlatan vis med hælspark som gjekk via tverrliggaren og som keeperen fisla ut etter at ballen hadde vore inne.
Betryggande 2-0 kom like før slutt etter fint spel og god prestasjon av Åsmund Bakkene som tråkkla seg forbi fleire og hadde assisten til Simen Strandbråten som scora sitt andre mål i kveld på lekkert vis.

Laget: Jarle, Sverre, Kasper, Thomas, Erik, Øyvind, Vegard K, Kim B, Åsmund, Kim K, Simen, Kai Arne K, Eivind, Anders, Rudi, Håvard og Kjell Magne.

Thomas Hilmen vart kåra til FK Vang sin beste, Thomas var solid i kveld og leder bakre rekka meget godt. Åsmund Bakkene blir kåra på sølvplassen, Åsmund jobbar fantastisk både framover og bakover på banen og har to viktige assistar i kveld. Nr. tre på lista blir Øyvind Kjøs Egge, Øyvind hadde ein meget god kamp i kveld på deffensiv midtbaneplass og er viktig for stabiliteten i laget.

Laget fungerer bra og alle bør nevnast, håper alle møter opp på trening måndag kl. 19.30.
   
 

   

  , 

God Jul og Godt Nyttår

PUBLISERT 26.12.2016

FK Vang takkar alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2017 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstid: Torsdag, fredag og nyttårseftan ca kl. 10.00 - 14.00

Les meir »

FK Vang - Vest Torpa: 3-2 (1-1)

PUBLISERT 09.10.2016

Tveit stadion kunstgras, søndag 9 oktober kl.15.00. Dommar: Kristoffer Nitter Leirdal. Assistentar: Svein Erik Slåttsveen og Finn Odvar Lebiko. Speaker: Kjell Magne Kvale. Publikum: ca. 20 stk. Fortjent seier til heimelaget i dag og godt med revansj frå våroppgjeret. Fyrste omgangen var jamn med seks sjanser til begge lag og 3-2 i FK Vang favør i cornerstatistikken. 1-1 var det også til pause og omgangens og kanskje kampen sitt høgdepunkt var Thomas Hilmen si perle frå 52 meter som gjekk i fin boge, og strauk akkurat under tverrliggaren og akkurat over Torpakeeperen si rekkevidde.

Les meir »

MBK - FK Vang: 7-1 (2-0)

PUBLISERT 01.10.2016

Børstad kunstgress laurdag 1 oktober kl. 13.00. Dommar: Nikolai Bratvold. Assistentar: Simen Storengen og Rolf Martinsen. Publikum: ca 20 stk. FK Vang reiste på kamp i dag med kun 11 mann. Kun 5 av dei som var med på forrige kamp var tilgjengelige i dag, så det vart mange endringar. Gjestene klarte seg rimeleg godt i fyrste del av kampen, sjølv om det var liten tvil om hvilke lag som var best. MBK har mange erfarne og gode spelara i stallen, fleire av dei med spel i høgre divisjonar i sekken. Marcus Thune Skeie og Jan Magne Almenning, begge guttespelara vart med til Hamar i dag, begge klarte seg godt sjølv om det også for dei blir vel tøft med 90 minutt.

Les meir »

FK Vang - Vind: 2-4 (1-2)

PUBLISERT 23.09.2016

Tveit stadion kunstgras fredag 23 september kl. 19.30. Dommar: Nils Arne Solberg. Assistentar: Finn Odvar Lebiko og Knut Sørhusbakken. Speaker: Ordfører Vidar Eltun. Publikum: ca 40 stk. FK Vang hadde ein god kamp i kveld, men brenner mange meget gode sjanser. Vind scorer alle sine fire mål etter slurv og dårlige avklaringer fra vår side. Sjansestatistikken vinn FK Vang klart, men det hjelper heller dårlig når måla uteblir.

Les meir »