Vegard Kjøs Egge3 mål i 2015
Frank Skoglund2 mål i 2015
Erik Martinsen2 mål i 2015
Ingen mål registrert
 

Stange - FK Vang: 1-3 (1-0)

PUBLISERT 29. august 2015

Stange ipk, frenningbana, fredag 28 august kl.19.30
Dommar: Jonas Fuglum Hovden
Asistentar: Arnstein Imerslund Stafsberg og Nicolai Bratvold
Publikum: 30 stk og Bjørn Thomas og bisken frå Vang

Tre poeng smaker godt, og særlig etter årets lengste reise på kamp.
Seieren var fortjent, Stange var best før pause og FK Vang var klart best etter hvilen.

Gjestene fekk ikkje meir enn passe med oppvarming før kampen. Det er langt til Stange og eit par stopp på vegen førte til att det vart dårlig tid til oppvarming.
FK Vang bar preg av dette fyrste omgangen og var ikkje med slik me kan.
Stange på si side øyna årets fyrste poeng og var skikkeleg på høgget.
Den unge, men gode dommartrioen lot seg heldigvis ikkje påvirke av tidvis stor innblanding i dømminga av både spelara og benk på heimelaget.
Det var sjanser til begge lag, og mange tøffe duellar. Stange var nærast, men stanga stoppa den største muligheita. Rett før pause får vertane slått ein ball i bakrommet og den raske spissen kjem åleine mot mål og scorar sikkert.
I pausa er det fokus på å brette opp ermane og ta tak i kampen igjen. Dette lykkast meget bra og Stange har vel ikkje ei einaste stor muligheit den siste omgangen.
Henrik Gjestvang frå Hedemark som spelte for oss i 2014 og som fortsatt står i klubben, tok turen frå Elverum der han bur no. Henrik er i god form og spelte heile kampen for FK Vang med stor innsats.
Henrik og Øyvind tok tak på midtbanen etter pause og laget var ikkje til å kjenne att. Berre 4 minutt var gått av omgangen då Sverre Melby setter ballen over keeperen og i lengste hjørna. Henrik Gjestvang har den befriande passningen.
Ti minutt ut i omgangen går FK Vang opp i leiing, Kim Kveno sler ballen og Vegard Kjøs Egge avsluttar elegant i mål. Gjestene skapar ein to tre store sjanser utan uttelling, 1 minutt ut i overtida sler Samuel Girmay Tekle passningen til Øyvind Kjøs Egge som får krangla ballen inn.
1-3 og fortjent borteseier til FK Vang, men Stange har forsterka laget mykje og kan kapre poeng utover hausten.

Laget: Jarle, Håvard, Kasper, Tore, Henning, Sverre. Øyvind, Henrik, Vegard K E, Kim K, Erik, Frank, Vegard E, Eirik og Samuel, alle med speletid.

Vegard Kjøs Egge vart kåra til FK Vang sin beste i kveld, Vegard er ein stor trussel dei gongene han får med seg ballen forbi, og er ikkje lett og stoppe. Sverre Melby og Øyvind Kjøs Egge deler sølvplassen, alle tre scorar mål og mål er viktig om fotballkampar skal vinnast. Kasper Kjeldsen tek tredjeplassen og Henrik Gjestvang er like bak der igjen.
Alt i alt god innsats på heile gjengen.

NB!!
Trening i veka som kjem: Tysdag kl.19.30, Møt opp!!  

God Jul og Godt Nytt År (1)

PUBLISERT 27.12.2015

FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2016 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstider: Les meir

Les meir »

FK Vang A-lag 2016

PUBLISERT 14.12.2015

Ny sesong og nye muligheter i 4 div. for klubben i IØFK som ligger lengst mot vest. FK Vang fekk ein tøff start på 2015 sesongen, men avslutta rimeleg bra og fekk fleire lag bak seg når siste kamp var spelt. Vegard Kjøs Egge blir med i trenarduoen for sesongen 2016, saman med Ola Rogn Tveit.

Les meir »

Årets spelar 2015

PUBLISERT 13.12.2015

Jarle Haugrud vart årets spelar i FK Vang. Keeper Jarle har til tider storspelt i årets sesong, han har redda både straffer og andre meget store sjanser på mesterlig vis. Slidringen synest det vart lite arbeid som bakerste mann i 5. div. og rett og slett kjedelig. Jarle likar godt at det er mykje å gjera i kampane og er vel ein av fleire som har stortrivs med bedre motstand i årets 4. div. Meget fortjent at Jarle Haugrud fekk denne prisen i år.

Les meir »

Vind - FK Vang: 3-1 (2-1)

PUBLISERT 10.10.2015

Vind kunstgress 10 oktober 2015 kl. 15.00. Dommar: Arnfinn Botten. Assisentar: Vedbjørn Engeli og Martin Kraby Simenstad. Publikum: ca 50 stk. Og fleire av dei ivrige FK Vang supporterar frå Vestre Slidre. FK Vang hadde ein god serieavsluttning på burtebane i dagens oppgjer på Vind kunstgress. Gjestene var det førande laget mot eit heller svakt heimelag i store deler av dei fyrste 45. minutta. Frank Skoglund sendte FK Vang i føringa etter 20 minutt, laget fungerte meget godt og var veldig nære og dobble ledelsen ved to anledningar etterpå. Vind tok grep med eit bytte sentralt i slutten av omgangen og fekk ny giv. To heldige scoringar for heimelaget som kom med god hjelp frå oss heilt på slutten av omgangen førte til Vind ledelse ved pause.

Les meir »