Vegard Kjøs Egge3 mål i 2015
Frank Skoglund2 mål i 2015
Erik Martinsen2 mål i 2015
Ingen mål registrert
 

Nordre Land - FK Vang: 6-0 (3-0)

PUBLISERT 12. juni 2015

Brovold kunstgress fredag 12 juni kl. 19.00
Dommar: Lars Gustavsen
Assistentar: Geir Erling Heien og Mohammed Al-dekany
Publikum: ca. 40 stk.

FK Vang klarte ikkje å seta den tidlegare FK Haugesund keeperen på store prøver i kveldens oppgjer. Gjestene klarte heller ikkje å halde nullen dei fyrste 45 minutta, slik som plana var.
Nordre Land var klart best og vant meget fortjent.
FK Vang har så langt hatt ein tøff vårsesong som nyopprykka lag til 4. divisjon, men gjer på ingen måte opp. Nordre Land var det fyrste av tre topplag som me møter i helgene framover, Løten kjem til Tveit neste fredag og Gran står på motsatt side helga etter på Hadeland.

FK Vang karte å halde nullen til 34. minutt var gått av kveldens oppgjer. Nordre Land klarte ikkje å skapa dei heilt store sjansene, men putta to til i det 44. og det 45. minutt. Gjestene sto godt imot med tanke på 8 stk cornerar, sjølv om den siste scoringa kom på ein av dei.

I pausa var me enige om å prøve å fortsatt stå kompakt i sommarvarmen på Dokka, noko me klarte berre delvis. Nordre Land putta tre til i det 56, 68 og det 70. minutt.
FK Vang kom på nokre overgangar på slutten, men slurva med siste passningen fleire gonger.

Valdreslaget må trene meir for å henge med dei beste laga, så summaren må brukast godt.

Laget: Jarle, Henning, Øyvind, Tore, Thomas, Sverre, Anders, Kai Arne, Vegard K E, Kim K, Erik, Samuel, Håvard, Vegard E og Gunnar.(alle benytta)

Dagens mann i FK Vang vart Øyvind Kjøs Egge, han har vorte kåra til den beste i tre av seks kampar så langt i årets serie. Øyvind står på i 90 minutt og gjer skjeldan dårlege valg.
Anders Skrebergene kom på sølvplass, mens Thomas Hilmen, Tore G Haugen og Kai Arne Sandhaugo delte tredje plassen.

Trening mandag kl. 19.30, og det trengs!! 

God Jul og Godt Nytt År (1)

PUBLISERT 27.12.2015

FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2016 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstider: Les meir

Les meir »

FK Vang A-lag 2016

PUBLISERT 14.12.2015

Ny sesong og nye muligheter i 4 div. for klubben i IØFK som ligger lengst mot vest. FK Vang fekk ein tøff start på 2015 sesongen, men avslutta rimeleg bra og fekk fleire lag bak seg når siste kamp var spelt. Vegard Kjøs Egge blir med i trenarduoen for sesongen 2016, saman med Ola Rogn Tveit.

Les meir »

Årets spelar 2015

PUBLISERT 13.12.2015

Jarle Haugrud vart årets spelar i FK Vang. Keeper Jarle har til tider storspelt i årets sesong, han har redda både straffer og andre meget store sjanser på mesterlig vis. Slidringen synest det vart lite arbeid som bakerste mann i 5. div. og rett og slett kjedelig. Jarle likar godt at det er mykje å gjera i kampane og er vel ein av fleire som har stortrivs med bedre motstand i årets 4. div. Meget fortjent at Jarle Haugrud fekk denne prisen i år.

Les meir »

Vind - FK Vang: 3-1 (2-1)

PUBLISERT 10.10.2015

Vind kunstgress 10 oktober 2015 kl. 15.00. Dommar: Arnfinn Botten. Assisentar: Vedbjørn Engeli og Martin Kraby Simenstad. Publikum: ca 50 stk. Og fleire av dei ivrige FK Vang supporterar frå Vestre Slidre. FK Vang hadde ein god serieavsluttning på burtebane i dagens oppgjer på Vind kunstgress. Gjestene var det førande laget mot eit heller svakt heimelag i store deler av dei fyrste 45. minutta. Frank Skoglund sendte FK Vang i føringa etter 20 minutt, laget fungerte meget godt og var veldig nære og dobble ledelsen ved to anledningar etterpå. Vind tok grep med eit bytte sentralt i slutten av omgangen og fekk ny giv. To heldige scoringar for heimelaget som kom med god hjelp frå oss heilt på slutten av omgangen førte til Vind ledelse ved pause.

Les meir »