Vegard Kjøs Egge3 mål i 2015
Frank Skoglund2 mål i 2015
Erik Martinsen2 mål i 2015
Ingen mål registrert
 

FK Vang - Ridabu: 1-5 (1-2)

PUBLISERT 5. juni 2015

Tveit stadion kunstgras, fredag 5 juni kl. 20.00
Dommar: Samir Krndzija
Assisentar: Svein Erik Slåttsveen og Bjørn Dag Lundhaug 
Speaker: Vidar Eltun
Publikum: ca 30 stk.

Vår gode sponsor Vang Sparebank kom med hjertestarter som klubben fekk i gåve før kveldens kamp på Tveit. FK Vang takker og bukker og håpar at gåva får minimalt med oppgåver, men at den kan væra god å ha om uhellet skulle oppstå på arenaen.

Så til kveldens kamp:
Ridabu vant fortjent og var det beste laget i begge omgangane.
FK Vang scora fyrst, men leia kun i 3 minutt. Gjestene var eit av dei bedre laga vi har møtt så langt, med få svake punkt.

FK Vang hadde kun ei endring i start-elleveren etter forrige kamp, Kasper hadde meldt forfall og Kai Arne S kom inn på midtstopparplassen.
Heimelaget kan bedre enn dei fekk vist i fyrste omgangen, men fyrste scoringa i kampen den var det Erik Martinsen Dalåker som sto for. Erik vart spelt gjennom av Vegard Kjøs Egge og fossa fram og scora sikkert i det 21. minutt.
Kun 3 minutt etter dette så var det Ridabu sin tur, gjestene gjekk også opp i leing i det 33. minutt.
1-2 til pause og kampen var slettes ikkje kjørt, sjølv om heimelaget skapte veldig lite.

Ny giv etter pausa og FK Vang var meir med utan å skapa så mykje. Ridabu scorar sitt tredje 15 minutt ut i omgangen og denne stillinga står seg til det står igjen 10 minutt. FK Vang har to stk cornera og ei stor sjanse, men klarer ikkje å redusere stillinga.
Ridabu scorar 2 mål til dei siste 10 minutta og kan reise heim til Mjøsas bredder med 3 poeng og 5 i sekken for oss.

FK Vang må berre stå på vidare, nivået er høgt i divisjonen med mange gode lag.
Målet vårt er å koma over streken, og då må prestasjonen opp nokre hakk.    

Laget: Jarle, Sverre, Øyvind, Kai Arne S, Henning, Kim K, Kim B, Anders, Vegard K, Samuel, Erik M D, Thomas, Ole Eirik, Gunnar, Eirik, Vegard E, Håvard og Dardan.

Dagens mann: Øyvind Kjøs Egge med Samuel Tekle og Erik Martinsen Dalåker på delt andre.

Trening måndag kl. 19.30 
 
  

God Jul og Godt Nytt År (1)

PUBLISERT 27.12.2015

FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2016 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstider: Les meir

Les meir »

FK Vang A-lag 2016

PUBLISERT 14.12.2015

Ny sesong og nye muligheter i 4 div. for klubben i IØFK som ligger lengst mot vest. FK Vang fekk ein tøff start på 2015 sesongen, men avslutta rimeleg bra og fekk fleire lag bak seg når siste kamp var spelt. Vegard Kjøs Egge blir med i trenarduoen for sesongen 2016, saman med Ola Rogn Tveit.

Les meir »

Årets spelar 2015

PUBLISERT 13.12.2015

Jarle Haugrud vart årets spelar i FK Vang. Keeper Jarle har til tider storspelt i årets sesong, han har redda både straffer og andre meget store sjanser på mesterlig vis. Slidringen synest det vart lite arbeid som bakerste mann i 5. div. og rett og slett kjedelig. Jarle likar godt at det er mykje å gjera i kampane og er vel ein av fleire som har stortrivs med bedre motstand i årets 4. div. Meget fortjent at Jarle Haugrud fekk denne prisen i år.

Les meir »

Vind - FK Vang: 3-1 (2-1)

PUBLISERT 10.10.2015

Vind kunstgress 10 oktober 2015 kl. 15.00. Dommar: Arnfinn Botten. Assisentar: Vedbjørn Engeli og Martin Kraby Simenstad. Publikum: ca 50 stk. Og fleire av dei ivrige FK Vang supporterar frå Vestre Slidre. FK Vang hadde ein god serieavsluttning på burtebane i dagens oppgjer på Vind kunstgress. Gjestene var det førande laget mot eit heller svakt heimelag i store deler av dei fyrste 45. minutta. Frank Skoglund sendte FK Vang i føringa etter 20 minutt, laget fungerte meget godt og var veldig nære og dobble ledelsen ved to anledningar etterpå. Vind tok grep med eit bytte sentralt i slutten av omgangen og fekk ny giv. To heldige scoringar for heimelaget som kom med god hjelp frå oss heilt på slutten av omgangen førte til Vind ledelse ved pause.

Les meir »