Vegard Kjøs Egge3 mål i 2015
Frank Skoglund2 mål i 2015
Erik Martinsen2 mål i 2015
Ingen mål registrert
 

FK Vang med treningskamp på Fosshaugane campus

PUBLISERT 22. mars 2015

FK Vang hadde ei flott treningshelg i Sogndal, sjølv om det gjekk litt på stumpane mot slutten av helga.
Stort var det for FK Vang og møte eit Sogndalslag på sjølvaste Fosshaugane Campus. Resultatet gjekk klart Sogningane sin veg, men opplevinga var stor like vel.

Samlinga vår starta fredag med 1,5 times trening i Sognehallen med vår 14 mann store tropp.
Erik starta dessverre helga med å bli sjuk, men kom seg delvis att til kampen mot Hordalandslaget Hordabø/Radøy/Mager på laurdagen.
Etter spelarmøte på laurdagen sto årets fyrste treningskamp inne i Sognehallen for tur mot sympatiske Radøyværingar. Vestlandslaget var ein ålreit motstander og kampen var jamn frå start til slutt. Kampen endte også 1-1 etter at Hordabø scora fyrst og FK Vang utlikna minuttet etter ved Sverre Melby.
Etter kampen var det nedsykkling i Idrettssenteret med ei sprek Sognedame, nedsykkling eller rettar sagt ein rimeleg hard spinningtime der gutane tok ut resten etter 90 tøffe minutt på fotballbanen.
Spelarmøte og god mat på Sogndal Hotell avslutta laurdagen.

Søndagen og ny kamp kl. 11.45.
Overraskelsen var stor når me fekk beskjed om at kampen skulle spelast på Fosshaugane Campus. Dette i seg sjølv var ei oppleving som valdreslaget sette pris på. Rekruttane frå Sogndal var gode og bevegelige og hadde full kontroll frå midt i fyrste omgangen til dommaren bles for full tid.
Det var synd me ikkje klarte å gje meir motstand, men småskader og slitne spelara avslutta ei hard trenigshelg for FK Vang.
Sogndalslaget vant til slutt med siffera 6-0, 3 mål i slutten av dei fyrste 45 som alle tre er gåvepakker frå vårt forsvar og 3 mål i andre omgang.

Takk til Sogndal Fotball og Geir Inge Heggestad for bra opplegg og ei fin helg i nabofylket.
Lykke til i sesongen Hordabø og Sogndal!

Neste trening for FK Vang blir fredag 27 mars kl. 19.00 på Tveit.    
  
 

 

 

God Jul og Godt Nytt År (1)

PUBLISERT 27.12.2015

FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2016 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstider: Les meir

Les meir »

FK Vang A-lag 2016

PUBLISERT 14.12.2015

Ny sesong og nye muligheter i 4 div. for klubben i IØFK som ligger lengst mot vest. FK Vang fekk ein tøff start på 2015 sesongen, men avslutta rimeleg bra og fekk fleire lag bak seg når siste kamp var spelt. Vegard Kjøs Egge blir med i trenarduoen for sesongen 2016, saman med Ola Rogn Tveit.

Les meir »

Årets spelar 2015

PUBLISERT 13.12.2015

Jarle Haugrud vart årets spelar i FK Vang. Keeper Jarle har til tider storspelt i årets sesong, han har redda både straffer og andre meget store sjanser på mesterlig vis. Slidringen synest det vart lite arbeid som bakerste mann i 5. div. og rett og slett kjedelig. Jarle likar godt at det er mykje å gjera i kampane og er vel ein av fleire som har stortrivs med bedre motstand i årets 4. div. Meget fortjent at Jarle Haugrud fekk denne prisen i år.

Les meir »

Vind - FK Vang: 3-1 (2-1)

PUBLISERT 10.10.2015

Vind kunstgress 10 oktober 2015 kl. 15.00. Dommar: Arnfinn Botten. Assisentar: Vedbjørn Engeli og Martin Kraby Simenstad. Publikum: ca 50 stk. Og fleire av dei ivrige FK Vang supporterar frå Vestre Slidre. FK Vang hadde ein god serieavsluttning på burtebane i dagens oppgjer på Vind kunstgress. Gjestene var det førande laget mot eit heller svakt heimelag i store deler av dei fyrste 45. minutta. Frank Skoglund sendte FK Vang i føringa etter 20 minutt, laget fungerte meget godt og var veldig nære og dobble ledelsen ved to anledningar etterpå. Vind tok grep med eit bytte sentralt i slutten av omgangen og fekk ny giv. To heldige scoringar for heimelaget som kom med god hjelp frå oss heilt på slutten av omgangen førte til Vind ledelse ved pause.

Les meir »