Vegard Kjøs Egge3 mål i 2015
Frank Skoglund2 mål i 2015
Erik Martinsen2 mål i 2015
Ingen mål registrert
 

FK Vang - Løten: 0-3 (0-0)

PUBLISERT 19. juni 2015

Tveit stadion kunstgras fredag 19 juni kl. 20.00

Dommar: Arnfinn Botten
Assistentar: Hans Petter Pettersen Kvalø og Geir Erling Heien
Speaker: Ingen dessverre
Publikum: Ca. 30 stk. 


FK Vang var veldig innstilt på å gje serieledaren kamp i kveldens oppgjer på Tveit. Ingen av laga hadde dei heilt store sjansene dei fyrste 45 minutta og det sto 0-0 til pause.
FK Vang låg kompakt og godt og hadde ein av sine beste omgangar deffensivt i år.
Tre feil i våre bakre rekker fyrste kvarteret i andre omgangen gav Løten sjansene dei scora på. Viktig at alle er konsentrert i 90 minutt og ikkje gjer bort slike gåvepakker.

Gjestene frå Løten hadde vel si lengste reise på burtekamp i kveld i årets 4. divisjonsavdeling.
Dette er det fyrste møte klubbane har på seniornivå og Løten reiste dessverre heim til Hedemark med alle poenga.
Heimelaget spelte til tider bra utan å skapa dei store sjansene, men fortsett gutane med kjemping som i kveldens oppgjer bør poenga koma snart.
Bedre utnytting av dødballar bør begge laga trene meir på.  
 

Laget: Dardan, Henning, Øyvind, Kasper, Thomas, Sverre, Kim B, Anders, Vegard K E, Kim K, Erik, Samuel, Eirik, Vegard E, Håvard og Gunnar.

Kim Kveno og Henning Grythe blir kåra til FK Vang sine beste i kveld. Kim får bilde på nettsia denne veka (pga Henning reiste før kåringa) Begge to spelar meget gode kampar og gjer motstandarane frustrerte, dette er godt tegn på god kamp.
Øyvind Kjøs Egge og Anders Skrebergene deler 2 plassen og Kasper Kjeldsen er like bak der igjen.

Trening i veka som kjem: Måndag kl. 19.30
 

 

   

God Jul og Godt Nytt År (1)

PUBLISERT 27.12.2015

FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2016 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstider: Les meir

Les meir »

FK Vang A-lag 2016

PUBLISERT 14.12.2015

Ny sesong og nye muligheter i 4 div. for klubben i IØFK som ligger lengst mot vest. FK Vang fekk ein tøff start på 2015 sesongen, men avslutta rimeleg bra og fekk fleire lag bak seg når siste kamp var spelt. Vegard Kjøs Egge blir med i trenarduoen for sesongen 2016, saman med Ola Rogn Tveit.

Les meir »

Årets spelar 2015

PUBLISERT 13.12.2015

Jarle Haugrud vart årets spelar i FK Vang. Keeper Jarle har til tider storspelt i årets sesong, han har redda både straffer og andre meget store sjanser på mesterlig vis. Slidringen synest det vart lite arbeid som bakerste mann i 5. div. og rett og slett kjedelig. Jarle likar godt at det er mykje å gjera i kampane og er vel ein av fleire som har stortrivs med bedre motstand i årets 4. div. Meget fortjent at Jarle Haugrud fekk denne prisen i år.

Les meir »

Vind - FK Vang: 3-1 (2-1)

PUBLISERT 10.10.2015

Vind kunstgress 10 oktober 2015 kl. 15.00. Dommar: Arnfinn Botten. Assisentar: Vedbjørn Engeli og Martin Kraby Simenstad. Publikum: ca 50 stk. Og fleire av dei ivrige FK Vang supporterar frå Vestre Slidre. FK Vang hadde ein god serieavsluttning på burtebane i dagens oppgjer på Vind kunstgress. Gjestene var det førande laget mot eit heller svakt heimelag i store deler av dei fyrste 45. minutta. Frank Skoglund sendte FK Vang i føringa etter 20 minutt, laget fungerte meget godt og var veldig nære og dobble ledelsen ved to anledningar etterpå. Vind tok grep med eit bytte sentralt i slutten av omgangen og fekk ny giv. To heldige scoringar for heimelaget som kom med god hjelp frå oss heilt på slutten av omgangen førte til Vind ledelse ved pause.

Les meir »