Ole Eirik Syversen13 mål i 2014
Sverre Melby10 mål i 2014
Henrik Gjestvang10 mål i 2014
Ingen mål registrert
 

FK Vang - Søndre Land 2:2-1(1-0)

PUBLISERT 16. august 2014

Tveit stadion laurdag 16 august kl. 13.30.
Dommer Tom-Erik Brenden Våtsveen.
Speaker: Vidar Eltun.
Publikum ca. 15 stk.

FK Vang med ein meget fortjent seier, sjølv om Søndre Land 2 fekk sitt trøstemål minuttet før slutt. Med 13-5 i målsjanser og 4-0 i cornerstatistikken burde heimelaget putta nokre fleire mål.

Haustsesongen har så langt vore prega av mange endringar i troppen og laget frå kamp til kamp. Dagens lag hadde mange nye fjes i forhold til forrige kamp, men dei som kom inn klarte seg godt.
Kampen starta rimeleg jamnt, men ingen av laga hadde dei heilt store sjansene den fyrste halvtimen. Ole Eirik Syversen får ballen på midtstreken og kjempar seg forbi begge stopparane og avsluttar frå ca. 20 meter til høgre for S.Land sin keeper, nydeleg 1-0 scoring, 35 minutt ut i omgangen.
FK Vang er ikkje særleg godt fornøygde med fyrste omgangen, men er bestemt på å starte andre omgang som laget avsutta dei fyrste 45. minutta.
Andre omgangen vart mykje bedre av heimelaget, men sjansene og mange av dei store vart sløsa burt ei etter ei.
FK Vang får sin 3. corner i det 68. minutt, Erik Sanne tek corneren som dagens mann Frank Melchior Skoglund nikkar inn og 2-0 til vertene.
FK Vang har etter dette fleire store sjanser som ikkje lykkast å bli omsett til mål, derimot så scorar Søndre Land 2 sitt mål minuttet før slutt.    
Hallgim Rogn har trena ein del med laget i år, og i dag vart det comeback for ein stødig og god fotballspelar frå Torpegardane, moro og sjå han i aksjon att på Tveit stadion.

Frank Melchior Skoglund har starta haustsesongen meget godt og har vorte kåra til dagens spelar to gonger på rad nå, meget bra Frank. Anders Skrebergene og Ole Eirik Syversen fekk sølvplassen i kåringa i dag og Erik Sanne fekk  bronseplassen på pallen. 

Laget: Jarle, Bjørn Tore, Anders, Frank, Vegard E, Vegard K E, Kai Arne S, Erik S, Sverre, Tore, Ole Eirik, Kai Arne K, Hallgrim og Habi.

Treningene i vekene som kjem: Måndagar kl. 19.30
   

God Jul og Godt nytt År

PUBLISERT 27.12.2014

FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2015 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstider: Les meir

Les meir »

Treningsstart i kveld

PUBLISERT 01.12.2014

FK Vang starter trening inne i hallen på Beitostølen helseportsenter i kveld. Støtteapparatet for sesongen 2015 blir: Anders Skrebergene, Henrik Gjestvang, Jostein Solsten og Ola Rogn Tveit. Jostein er med som keepertrener etter behov, mens trioen Anders, Henrik og Ola tar seg av resten.

Les meir »

4.divisjon menn i 2015

PUBLISERT 31.10.2014

FK Vang er sett opp i avdeling 2 for 4. divisjon 2015. Desse laga blir motstanderar i 2015: Dokka, Gran, Lunner, Løten, Nordre Land, Ridabu, Stange, Søndre Land, Toten, Varde og Vind.

Les meir »

Opprykk

PUBLISERT 30.10.2014

FK Vang har fått tilbud om å rykke opp i 4. divisjon i sesongen 2015. Klubben vart som kjent nr. 2 i si avdeling i 5. divisjon, men var klart best av dei nest beste laga i dei 7 avdelingane i 5. divisjon og fekk difor tilbudet fyrst. FK Vang bestemte i kveld at dei vil prøve seg i 4. divisjon i 2015, om spelarstall og alt rundt blir som me håpar.

Les meir »