Ole Eirik Syversen13 mål i 2014
Sverre Melby10 mål i 2014
Henrik Gjestvang10 mål i 2014
Ingen mål registrert
 

FK Vang - Snertingdal: 1-3(1-2)

PUBLISERT 29. juni 2014

Tveit stadion kunstgras 29 juni kl. 17.00.
Dommar: Svein Erik Slåttsveen.
Speaker: Vidar Eltun.
Publikum: 40 stk.

Snertingdal drog det lengste strået og kan ta sommarferie med full pott etter vårsesongen. Kampen i dag var jamn og poenga kunne gått begge vegar.

Frank Skoglund scora etter frispark frå Bjørnar Hermundstad i det 18. minutt. Snertingdal sin keeper klarte ikkje å halde ballen i feltet og Frank var flott frampå og pirka ballen inn i nota.
Ole Eirik Syversen hadde også eit fint skudd fem minutter før denne situasjonen, men Snertingdal sin keeper fekk fisla den over tverrliggaren.
25 minutt ut i omgangen blir me straffa hart av ein god spiss hos gjestene, FK Vang har corner som blir avverga og Snertingdal set fort igang. Spissen (Grøterud) på Snertingdal har scora jamt og trutt og får ballen og ingen av våre er på han, han går nokre meter og ser at vår keeper også er langt ute og dermed remis med ein fin langlobb.
Tre minutt seinar er samme spissen framme og pressar fram feil i våre bakre rekker, Snertingdal er i leing og held unna inn til pause.
4-2 i sjanser og 4-1 i cornerar for heimelaget kan væra ei trøst når dei fyrste 45 minutta er spelt.

Andre omgangen blir ikkje god av heimelaget, gjestene er heller ikkje særleg gode men scorar eit mål 10 minutt ut i omgangen.
Kampen ebbar ut med 1-3 og sesongens fyrste tap.

Det var små marginer, men FK Vang hadde to tabber som gav to mål. Mål preger som kjent kamper og denne er no historie. FK Vang har hatt ein utmerket sesong om me ser bort frå denne kampen, me bretter opp ermene og kjem sterkt tilbake på burtebane i Snertingdal.

Laget: Jarle, Henning, Frank, Bjørnar, Kai Arne S, Sverre, Anders, Erik S, Henrik, Vegard K E, Ole Eirik, Kasper, Håvard, Eirik og Vegard E 

Dagens mann vart Anders Skrebergene med god margin. Målscorar Frank Skoglund vart kåra til sølvplass, mens Bjørnar Hermundstad og Erik Sanne delte tredjeplassen.

Laget bestemte å ta 14 dagers treningspause og starter trening igjen måndag 14 juli kl. 19.30. 

God Jul og Godt nytt År

PUBLISERT 27.12.2014

FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2015 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstider: Les meir

Les meir »

Treningsstart i kveld

PUBLISERT 01.12.2014

FK Vang starter trening inne i hallen på Beitostølen helseportsenter i kveld. Støtteapparatet for sesongen 2015 blir: Anders Skrebergene, Henrik Gjestvang, Jostein Solsten og Ola Rogn Tveit. Jostein er med som keepertrener etter behov, mens trioen Anders, Henrik og Ola tar seg av resten.

Les meir »

4.divisjon menn i 2015

PUBLISERT 31.10.2014

FK Vang er sett opp i avdeling 2 for 4. divisjon 2015. Desse laga blir motstanderar i 2015: Dokka, Gran, Lunner, Løten, Nordre Land, Ridabu, Stange, Søndre Land, Toten, Varde og Vind.

Les meir »

Opprykk

PUBLISERT 30.10.2014

FK Vang har fått tilbud om å rykke opp i 4. divisjon i sesongen 2015. Klubben vart som kjent nr. 2 i si avdeling i 5. divisjon, men var klart best av dei nest beste laga i dei 7 avdelingane i 5. divisjon og fekk difor tilbudet fyrst. FK Vang bestemte i kveld at dei vil prøve seg i 4. divisjon i 2015, om spelarstall og alt rundt blir som me håpar.

Les meir »