Ole Eirik Syversen13 mål i 2014
Sverre Melby10 mål i 2014
Henrik Gjestvang10 mål i 2014
Ingen mål registrert
 

FK Vang - Etnedal: 4-1 (2-0)

PUBLISERT 8. mai 2014

Tveit stadion 8 mai kl. 19.30
Dommar: Svenn Olav Fossholt
Speaker: Vidar Eltun
Publikum: 30 stk

FK Vang starta sesongen med seier i kveldens oppgjer på Tveit.
Heimelaget hadde mage sjanser dei fyrste 45 minutta og var klart best.
I andre omgangen jamna det seg meir ut, Etnedal pressa høgt og dette medførte meir lange ballar og mindre spel.
Alt i alt ein grei seriestart.

Kvarteret var gått då Kim Kveno smeller til frå ca. 17 meter, Etnedalskeeperen klarer ikkje å holde skuddet og ballen rullar over streken. FK Vang har nokre fleire sjanser etter dette, men scoring blir det ikkje igjen før halvtimen er gått. Vegard Kjøs Egge sler eit overlegg til Kim Kveno som dundrar ballen nettet via tverrliggeren.
Meir mål blir det ikkje den fyrste omgangen, sjølv om FK Vang har nokre store sjanser i tillegg til dei måla kom på.

Me er enige om å kjøre på etter pausa og dette ser ut til å lykkast då Erik Sanne prikkar inn eit skudd via stanga kun 3 minutt ut i omgangen, Anders Skrebergene har assisten. Etnedal er meir med etter dette og pressar høgt, dette gjer at FK Vang kjem ut av rytmen og kampen blir jamnare. Etnedal ved Tommy Øybakken får sitt mål i det 58. minutt på eit langskudd.
Kveldens debutant i FK Vang trøya og midtbaneslitar Henrik Gjestvang bryter eit oppspel frå Etnedal og fører ballen nokre meter før han elegant lobbar ballen i lengste hjørna for Etnedalskeeperen, kampuret viser 65 minutt. Meir scoringar blir det ikkje, 4-1 til FK Vang går inn i historiebøkene. 

Dagens menn i FK Vang blir Anders Skrebergene og Henrik Gjestvang med delt første plass, Frank Skoglund er like bak og inntek pallen i kåringa. Anders får prege nettsida etter kampen i kveld.  
Kai Arne Sandhaugo spelar midtstoppar for fyrste gong i si fotballkarriere i FK Vang og gjer dette meget bra, ellers er det bra laginnsats og troppen bør være godt fornøyd med kvelden.

Laget: Jarle, Henning, Frank, Kai Arne S, Tore, Anders, Sverre, Erik S, Henrik, Vegard K E, Kim K, Erik M, Håvard og Kai Arne K.

Trening i veka som kjem: måndag og fredag kl. 19.30.

   

 

     

 

God Jul og Godt nytt År

PUBLISERT 27.12.2014

FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2015 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstider: Les meir

Les meir »

Treningsstart i kveld

PUBLISERT 01.12.2014

FK Vang starter trening inne i hallen på Beitostølen helseportsenter i kveld. Støtteapparatet for sesongen 2015 blir: Anders Skrebergene, Henrik Gjestvang, Jostein Solsten og Ola Rogn Tveit. Jostein er med som keepertrener etter behov, mens trioen Anders, Henrik og Ola tar seg av resten.

Les meir »

4.divisjon menn i 2015

PUBLISERT 31.10.2014

FK Vang er sett opp i avdeling 2 for 4. divisjon 2015. Desse laga blir motstanderar i 2015: Dokka, Gran, Lunner, Løten, Nordre Land, Ridabu, Stange, Søndre Land, Toten, Varde og Vind.

Les meir »

Opprykk

PUBLISERT 30.10.2014

FK Vang har fått tilbud om å rykke opp i 4. divisjon i sesongen 2015. Klubben vart som kjent nr. 2 i si avdeling i 5. divisjon, men var klart best av dei nest beste laga i dei 7 avdelingane i 5. divisjon og fekk difor tilbudet fyrst. FK Vang bestemte i kveld at dei vil prøve seg i 4. divisjon i 2015, om spelarstall og alt rundt blir som me håpar.

Les meir »