Etnedal - FK Vang: 0-7(0-1)
PUBLISERT 7. august 2014
Mosletta stadion 7. august kl. 19.00.
Dommar: Svenn Olav Fossholt.
Publikum: Ca 10 stk.
Etnedal var bra med den fyrste omgangen, men det vart tungt for
dei utover i kampen.
Måla til gjestene kom som perler på ei snor siste 15 minutta av
oppgjeret.
Mosletta er drenert og kosta på denne summaren, Etnedal har ein
mykje bedre arena for kampane som skal spelast utover
hausten.
FK Vang mangla fleire av sine sentrale spelara, men mønstra eit
bra mannskap til kveldens kamp. Styrka til klubben er at vi har ein
stor og jamn stall, laget blir ikkje særleg svekka om sentrale
spelara ikkje er med. Kai Arne Kvale måtte ta keeperhanskene og
Frank tok kapteinsbindet då både keeperen og kapteinen vår er på
ferie.
Etnedal mangla også sentrale spelara, men sto bra på og var godt
med til ut i andre omgang men då var det også slutt for
heimelaget.
Den fyrste omgangen var ikkje særleg god av FK Vang, sjølv om FK
Vang scora tidleg.
Henrik Gjestvang fekk innlegg frå Kasper Kjeldsen etter 10 minutt
som han elegant sette til side for Etnedal sin keeper.
Gjestene var for seint opp i duellane og tapte fleire av desse den
fyrste halvtimen, siste kvarteret av fyrste omgangen var litt bedre
av FK Vang. 5-1 i sjanser vart notert i FK Vang sin favør etter 1
omgang, men kun 0-1 i målprotokollen.
Andre omgangen var meget god av FK Vang, laget vannt duellane og
andre ballane og var meir på i alle situasjonar. Åtte minutt ut i
omgangen er dagens mann på FK Vang, Frank Melchior Skoglund på raid
frå sin midtstopparposisjon og scorar vakkert.
Erik Sanne har assisten på mål nr. 3 for FK Vang, Kim Kveno scorar
sitt fjerde mål for sesongen i det 67. minutt.
Ole Eirik Syversen melder seg på toppscorartittelen, men er
fortsatt 1 mål bak Henrik etter si scoring i det 77. minutt. Vegard
Kjøs Egge har assisten. Vegard Kjøs Egge er frampå 2 minutt seinare
og puttar 0-5 for gjestene, Erik Sanne har sin andre assist i
kampen. Midtbaneanker Kai Arne Sandhaugo har teknikk og balanse
oppvisning 2. minutt etter dette igjen då han går åleine forbi
fleire etnedøler og scorar i lengste hjørna utagbart for
keeperen(kveldens perle).
Sverre Melby fekk sitt mål og FK Vang sitt sjuende når 90. minutt
sto på kampuret, Kasper Kjeldsen hadde sin andre assist.
Frank Melchior Skoglund vart kåra til FK Vang sin beste, Frank var
eit poeng framfør Bjørn Tore Gundersen som hadde sin FK Vang deby i
kveldens oppgjer. Meir om han kjem i eige sak på nettsida. Henrik
Gjestvang og Kai Arne Sandhaugo delte tredjeplassen i
kåringa.
Laget: Kai Arne K, Bjørn Tore, Bjørnar, Frank, Kasper, Sverre, Kai
Arne S, Henrik, Erik S, Ole Eirik, Kim K, Vegard K E, Vegard E og
Eirik P.
Trening neste veke: Måndag og torsdag kl. 19.30.
God Jul og Godt nytt År
PUBLISERT 27.12.2014
FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2015 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstider: Les meir
Treningsstart i kveld
PUBLISERT 01.12.2014
FK Vang starter trening inne i hallen på Beitostølen helseportsenter i kveld. Støtteapparatet for sesongen 2015 blir: Anders Skrebergene, Henrik Gjestvang, Jostein Solsten og Ola Rogn Tveit. Jostein er med som keepertrener etter behov, mens trioen Anders, Henrik og Ola tar seg av resten.
4.divisjon menn i 2015
PUBLISERT 31.10.2014
FK Vang er sett opp i avdeling 2 for 4. divisjon 2015. Desse laga blir motstanderar i 2015: Dokka, Gran, Lunner, Løten, Nordre Land, Ridabu, Stange, Søndre Land, Toten, Varde og Vind.
Opprykk
PUBLISERT 30.10.2014
FK Vang har fått tilbud om å rykke opp i 4. divisjon i sesongen 2015. Klubben vart som kjent nr. 2 i si avdeling i 5. divisjon, men var klart best av dei nest beste laga i dei 7 avdelingane i 5. divisjon og fekk difor tilbudet fyrst. FK Vang bestemte i kveld at dei vil prøve seg i 4. divisjon i 2015, om spelarstall og alt rundt blir som me håpar.