Dokka SK 2 - FK Vang: 1-7(1-4)
PUBLISERT 27. august 2014
Dokka stadion tysdag 26 august kl. 19.00
Dommar: Geir Erling Heien
Publikum: ca.20 stk.
FK Vang reiste heim med tre poeng og ein klar seier mot Dokka 2 i
kveld. Heimelaget var bra med og hadde sine sjanser, men lykkast
kun å få sitt eine mål.
Kun 2 minutt viste kampuret når Ole Eirik Syversen vart spelt
gjennom av Frank Skoglund og sette ballen elegant til side for
Dokka sin keeper.
Sverre Melby styrer inn 0-2 etter corner i det 15.minutt, assisten
på denne får Kasper Kjeldsen.
Dokka scorar sitt mål i det 22. minutt, og det er ny spenning i
kampen. Spenninga varer ikkje veldig lenge, for etter halvtimen er
Henrig Gjestvang framme og nikkar inn 1-3 for FK Vang, Tore G
Haugen har innlegget. Erik Martinsen Dalåker blir spelt gjennom 5
minutt før pause og blir felt like utanfor 16 meteren.
Frisparkskyttar Henrik Gjestvang sett ballen direkte i krysset,
meget godt gjort og ei nydeleg scoring.
I pausa er FK Vang ikkje imponert over alt me har prestert dei
fyrste 45 minutta og brettar opp ermane for ein ny omgang.
Nesten reprise frå den fyrste omgangen når Sverre Melby scorar kun
3 minutt ut i andre halvlek, Henrik Gjestvang har assisten. Sverre
Melby kjem med si tredje scoring i det 61. minutt og melder seg på
i toppscorar kampen, keeper Jarle Haugerud har assisten. Ole Eirk
Syversen puttar kampens siste mål i det 72. minutt etter litt klabb
o babb etter ein corner, Frank Skoglund får assisten.
Alt i alt ein bra prestasjon av gutane i kveld etter å væra kun 12
mann, bra at Robert Christensen vart med i kveld, utan at han har
så alt for mange treningstimar denne sesongen.
Anders Skrerbergene vart kåra til dagens FK Vang spelar tett
framfør Frank Skoglund, keeper Jarle Haugrud fekk
tredjeplassen.
Laget: Jarle, Vegard Eltun, Frank, Kasper, Tore, Erik M, Anders,
Kim K, Henrik, Sverre, Ole Eirik og Robert.
Kamp igjen på fredag, heime mot Ringelia i flomlys på Tveit stadion kl. 19.30.
God Jul og Godt nytt År
PUBLISERT 27.12.2014
FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2015 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstider: Les meir
Treningsstart i kveld
PUBLISERT 01.12.2014
FK Vang starter trening inne i hallen på Beitostølen helseportsenter i kveld. Støtteapparatet for sesongen 2015 blir: Anders Skrebergene, Henrik Gjestvang, Jostein Solsten og Ola Rogn Tveit. Jostein er med som keepertrener etter behov, mens trioen Anders, Henrik og Ola tar seg av resten.
4.divisjon menn i 2015
PUBLISERT 31.10.2014
FK Vang er sett opp i avdeling 2 for 4. divisjon 2015. Desse laga blir motstanderar i 2015: Dokka, Gran, Lunner, Løten, Nordre Land, Ridabu, Stange, Søndre Land, Toten, Varde og Vind.
Opprykk
PUBLISERT 30.10.2014
FK Vang har fått tilbud om å rykke opp i 4. divisjon i sesongen 2015. Klubben vart som kjent nr. 2 i si avdeling i 5. divisjon, men var klart best av dei nest beste laga i dei 7 avdelingane i 5. divisjon og fekk difor tilbudet fyrst. FK Vang bestemte i kveld at dei vil prøve seg i 4. divisjon i 2015, om spelarstall og alt rundt blir som me håpar.