Kai Arne Kvale12 mål i 2013
Sverre Melby11 mål i 2013
Ole Eirik Syversen5 mål i 2013
Ingen mål registrert
 

Vest Torpa 2 - FK Vang: 2-3 (1-3)

PUBLISERT 28. juni 2013

Lundemoen stadion 28 juni kl. 19.00
Dommar: Rolf Åge Smith.
Publikum: ca 20 stk.

FK Vang tok med alle poenga heim i kveldens kamp mot Vest Torpa.
Kampen var rimeleg jamn, men sjanse og cornerstatistikken var i gjestelagets favør. Gutane frå øvre Valdres klarer å henge med i kampen om heder og ære i årets serie sjølv om me er 6 poeng bak Dokka pr dags dato.

Vegard Kjøs Egge scorar kveldens fyrste mål med litt hjelp frå ein Torping, Vegard kjem rundt på vår venstre side og slær/skyt ballen i mål via ein Torping når 8 minutt er gått.
Kampen er 15 minutt gammal og FK Vang får corner frå vår høgre side, ballen blir klarert ut på ca. 25 meter. Bjørnar Nordsveen Hermundstad ladar slegga og ballen fyk inn ved motsatt stolperot.
Så er det Vest Torpa som får si scoring i fyrste omgang kun 2 minutt etter vår dobbling i målprotokollen. Ei klarering frå vårt forsvar treffer ein Torping i skolten og ballen går ein fin boge over vår keeper og i mål.
Så er det Syversen som er på tokt i bakrommet til Torpa og innanfor 16 meteren, Ole Eirik Syversen blir fellt og dommaren bles korrekt straffe. Vår straffeskytter Tor Andre Rakstad gjer ingen feil og FK Vang er i leiing 1-3. Resten av omgangen er så som så av begge lag, og fleire mål blir det ikkje.
I andre omgang er det stillingskrig og mange feil frå begge lag, på ein bane som absolutt burde ha fått ein stuss med grasklypparen før kveldens batalje. Ingen av laga skapar store sjanser i løpet av omgangen, men Vest Torpa klarer å få inn ett mål på langskudd like før full tid. 
FK Vang sine utvalgte står bra på og vinn fortjent.
Ein kamp til på burtebane gjennstår før laget kan ta ein fortjent ferie. Fem kampar på burtebane og tre heime er då stoa etter vårsesongen. Det kan bli ein spennande haustsesong der mange lag må møte oss på Tveit.
Dagens mann på FK Vang vart Kim Bøland med Kim Kveno hakk i hel. Anders Skrebergene inntok 3. plassen.

Laget: Jarle H, Kristoffer Kvale, Bjørnar, Anders, Kasper, Sverre, Kim B, Kim K, Tor Andre, Vegard K E, Ole Eirik, Eirik, Sondre, Vegard E og Fredrik 

Trening neste veke: Tysdag og torsdag kl. 19.30 

Beitostølen cup 2014

PUBLISERT 17.01.2014

FK Vang stiller med to lag på årets Beitstølen cup. Turneringa er flytta fram eit par helger i forhold til før, men mange dame og herrelag stiller opp. Les meir!

Les meir »

God Jul og Godt Nytt År

PUBLISERT 27.12.2013

FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2014 sesongen står for døra, Viva FK Vang. Dette bør feirast med salutt! FK Vang har også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin. Åpningstider: Les meir

Les meir »

Erik Sanne med i støtteapparatet

PUBLISERT 08.12.2013

Ola Rogn Tveit og Erik Sanne har ansvaret for FK Vang sitt A-lag i 2014. Erik Sanne kom til klubben i august 2013 og spelte haustsesongen i FK Vang. Klubben er meget godt tilfreds med at Erik også kjem inn i støtteapparatet.

Les meir »

Årets spelar 2013

PUBLISERT 20.10.2013

Kim Bøland vart årets spelar i FK Vang. Kim bur og jobbar i Oslo, det er ein meget stor prestasjon å vinne kåringa etter å ha spelt kun 9 kampar i årets serie. Det er tredje gongen Kim vinn denne prisen, Bøland har eit godt fotballhovud og dette i saman med tæl og innsats gjer Kim til ein særs viktig spelar for klubben.

Les meir »