Varde - FK Vang: 2-1 (0-0)
PUBLISERT 5. juli 2013
Varde idrettsplass fredag 5 juli kl. 19.00.
Dommar: Darko Zugor, Lillehammer
Publikum: 2 stk.
FK Vang gjekk på eit meget ufortjent tap i kveld, ballen ville
ikkje inn for gjestene som måtte ta den tunge vegen heim med 0
poeng.
Varde hadde 2 sjanser i kampen og scora utagbart på begge.
Slik kan dessverre fotball vera inniblandt, synd for oss, men
bra for Varde.
FK Vang hadde totalt 13 cornera og Varde hadde ingen, gjestene
hadde også 8 sjanser mot Varde sine 2. Nokre av våre
sjanser var meget store, men Varde rydda opp i stor stil sogar på
målstreken.
Det er fyrste gong eg har opplevd at dommaren må blåse av kampen
for at heimelaget og gjestelaget må finne att ballar i
skog og kratt. Varde har pussa fint opp klubbhuset sitt, vel
og bra det, men fotballar er det manko på i Hunndalen.
Varde sine scoringar kom i det 55 minutt og 65 minutt, FK Vang
prøvde og prøvde og klarte å få inn sitt mål i det 90-ende minutt.
Bjørnar Hermundstad hadde assisten då Eirik Presthegge scora sitt
fyrste for året.
Ein liten refs på nettsia til dei som ikkje vart med til Gjøvik i
kveld, store forandringar i laget frå kamp til kamp er
ikkje til det beste alltid.
Laget: Jarle H, Kristoffer Kvale, Bjørnar, Øyvind, Kasper,
Fredrik, Kim B, Anders, Kai Arne S, Vegard K E, Sverre og
Eirik.
Dagens mann vart Kim Bøland med Anders og Øyvind på plassane
bak.
Trening neste veke: Tysdag og torsdag kl. 19.30
Beitostølen cup 2014
PUBLISERT 17.01.2014
FK Vang stiller med to lag på årets Beitstølen cup. Turneringa er flytta fram eit par helger i forhold til før, men mange dame og herrelag stiller opp. Les meir!
God Jul og Godt Nytt År
PUBLISERT 27.12.2013
FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2014 sesongen står for døra, Viva FK Vang. Dette bør feirast med salutt! FK Vang har også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin. Åpningstider: Les meir
Erik Sanne med i støtteapparatet
PUBLISERT 08.12.2013
Ola Rogn Tveit og Erik Sanne har ansvaret for FK Vang sitt A-lag i 2014. Erik Sanne kom til klubben i august 2013 og spelte haustsesongen i FK Vang. Klubben er meget godt tilfreds med at Erik også kjem inn i støtteapparatet.
Årets spelar 2013
PUBLISERT 20.10.2013
Kim Bøland vart årets spelar i FK Vang. Kim bur og jobbar i Oslo, det er ein meget stor prestasjon å vinne kåringa etter å ha spelt kun 9 kampar i årets serie. Det er tredje gongen Kim vinn denne prisen, Bøland har eit godt fotballhovud og dette i saman med tæl og innsats gjer Kim til ein særs viktig spelar for klubben.