FK Vang - Vest Torpa 2: 11-1(4-0)

PUBLISERT 20. september 2013
Tveit stadion kunstgras fredag 20 sept. 2013.
Dommar: Vidar Hilmen, Øystre Slidre.
Speaker: Vidar Eltun.
Publikum: ca 25 stk.
Det vart målfest i kveldens oppgjer på Tveit stadion.
Vest Torpa 2 var med dei fyrste 20 minutta både før og etter
pausen, men FK Vang var suverene i siste halvdel av begge
omgangane.
Det vart utklassing til slutt, og FK Vang avslutta sesongen
2013 til meget i stil.
Heimelaget hadde 16 spelara til disposisjon og alle fekk mykje
speletid. Kai Arne Kvale var meget god og scora heile 6 mål og vart
med dette årets toppscorar i FK Vang. Sverre Melby klarte ikkje å
halde unna, og vart 1 mål bak.
Måla:
1-0, 20 min. Kai Arne Kvale (Tor Andre Rakstad,
corner)
2-0, 30 min. Tor Andre Rakstad (Kai Arne Kvale)
3-0, 35 min. Eirik Presthegge
4-0, 40 min. Kai Arne Kvale
4-1, 65 min.
5-1, 66 min. Kai Arne Kvale (Kim Kveno)
6-1, 74 min. Sverre Melby (Erik Martinsen)
7-1, 76 min. Kai Arne Kvale (Erik Sanne)
8-1, 77 min. Sverre Melby (Kai Arne Kvale)
9-1, 80 min. Kai Arne Kvale (Sverre Melby)
10-1, 84 min. Kai Arne Kvale (Kai Arne Sandhaugo)
11-1, 86 min. Erik Martinsen (Erik Sanne)
Av desse var det mange fine mål, men 7-1 målet var ei perle frå Kai
Arne Kvale.
Målet kom etter fin passning frå Erik Sanne, Kai Arne Kvale tok
elegant ned passningen og banka ballen nesten heilt i krysset
frå ca 16 meter.
Det er mykje bra i årets FK Vang lag, med litt meir samtrening
og fleire treningar ville laget garantert kjempa om seieren i
årets 5 divisjon.
Kai Arne Kvale vart kåra til FK Vang sin beste spelar vel fortjent,
å score 6 mål i løpet av ein kamp er rett og slett meget
bra.
Kasper Kjeldsen vart nr. 2 i kåringa og Bjørnar Hermundstad nr
3.
Unggutane Vegard og Håvard hadde også gode omgangar i kveldens
kamp.
Laget:
Jarle, Kristoffer Kvale, Bjørnar,
Kasper, Vegard E, Eirik, Kai Arne S, Tor Andre, Sverre, Vegard K E,
Kai Arne K, Erik M, Erik S, Kim K, Håvard og Stein
Ivar.
FK Vang tek no ei treningspause fram til desember.
Håpar alle møter på fotballfesten 19 oktober, Runar S Gullhaug
har laga eit kjempeopplegg for gjengen.
Takk til alle som har stilt opp for oss i år.
Beitostølen cup 2014
PUBLISERT 17.01.2014
FK Vang stiller med to lag på årets Beitstølen cup. Turneringa er flytta fram eit par helger i forhold til før, men mange dame og herrelag stiller opp. Les meir!
God Jul og Godt Nytt År
PUBLISERT 27.12.2013
FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2014 sesongen står for døra, Viva FK Vang. Dette bør feirast med salutt! FK Vang har også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin. Åpningstider: Les meir
Erik Sanne med i støtteapparatet
PUBLISERT 08.12.2013
Ola Rogn Tveit og Erik Sanne har ansvaret for FK Vang sitt A-lag i 2014. Erik Sanne kom til klubben i august 2013 og spelte haustsesongen i FK Vang. Klubben er meget godt tilfreds med at Erik også kjem inn i støtteapparatet.
Årets spelar 2013
PUBLISERT 20.10.2013
Kim Bøland vart årets spelar i FK Vang. Kim bur og jobbar i Oslo, det er ein meget stor prestasjon å vinne kåringa etter å ha spelt kun 9 kampar i årets serie. Det er tredje gongen Kim vinn denne prisen, Bøland har eit godt fotballhovud og dette i saman med tæl og innsats gjer Kim til ein særs viktig spelar for klubben.