Kai Arne Kvale12 mål i 2013
Sverre Melby11 mål i 2013
Ole Eirik Syversen5 mål i 2013
Ingen mål registrert
 

FK Vang - Varde: 5-1 (3-1)

PUBLISERT 3. mai 2013

Tveit stadion kunstgras 3 mai kl.19.30
Dommar: Svein Erik Slåttsveen.
Speaker: Vidar Eltun
Publikum: 15 stk.

FK Vang starta sesongen bra, med klar seier over Varde.
Dei fyrste 45 minutta hadde heimelaget mange sjanser og scora på ein tredjedel av dei.
I andre omgang hadde FK Vang ballen mest, men kom ikkje til så mange store sjanser utanom dei som måla vart scora på.
FK Vang scora også Varde sitt mål.
Frank Skoglund scora det fyrste målet i årets serie etter ein corner frå Tor Andre Rakstad. Mål nr. 2 var det også FK Vang som ordna, men desverre i eige mål.
Heimelaget gjekk opp i leiing etter halvtimen, etter god innsats av spiss Sverre Melby. Samme Melby putta også sikkert mål nr. 3 for FK Vang, etter passning frå Kim Kveno.
Femten minutt ut i andre omgang var Ole Eirik Syversen frampå og scora vakkert på eit langskudd nesten i vinkelen. Samme Syversen kom 7 minutt seinare rundt på vår høgrekant og la god passning til Sverre Melby som scora sitt tredje for kvelden. 
FK Vang hadde 16 spelara i troppen til kveldens oppgjer og alle fekk mykje speletid. God innsats av alle, og mykje bra spel. Moro at Kai Arne Kvale er tilbake, han er vel den i klubben som har scora flest mål gjennom tidene og fleire vil det koma.
Sverre Melby vart kåra til kveldens gigant. Anders Skrebergene og Tor Andre Rakstad delte andre plassen i kåringa.

Laget: Jarle H, Tore, Frank, Bjørnar, Anders, Kristoffer, Tor Andre, Kai Arne S, Kim K, Sverre, Kim B, Kai Arne K, Kasper, Vegard Eltun og Ole Eirik.

Kampen:
1-0, 6 min. Frank Skoglund (Tor Andre Rakstad)
1-1, 15 min. Selvmål
2-1, 30 min. Sverre Melby
3-1, 35 min. Sverre Melby (Kim Kveno)
4-1, 60 min. Ole Eirik Syversen
5-1, 67 min. Sverre Melby (Ole Eirik Syversen)

 
Trening neste veke: Måndag kl. 19.30 (Kamp borte mot Snertingdal onsdag kl. 19.00)

    

 

Beitostølen cup 2014

PUBLISERT 17.01.2014

FK Vang stiller med to lag på årets Beitstølen cup. Turneringa er flytta fram eit par helger i forhold til før, men mange dame og herrelag stiller opp. Les meir!

Les meir »

God Jul og Godt Nytt År

PUBLISERT 27.12.2013

FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2014 sesongen står for døra, Viva FK Vang. Dette bør feirast med salutt! FK Vang har også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin. Åpningstider: Les meir

Les meir »

Erik Sanne med i støtteapparatet

PUBLISERT 08.12.2013

Ola Rogn Tveit og Erik Sanne har ansvaret for FK Vang sitt A-lag i 2014. Erik Sanne kom til klubben i august 2013 og spelte haustsesongen i FK Vang. Klubben er meget godt tilfreds med at Erik også kjem inn i støtteapparatet.

Les meir »

Årets spelar 2013

PUBLISERT 20.10.2013

Kim Bøland vart årets spelar i FK Vang. Kim bur og jobbar i Oslo, det er ein meget stor prestasjon å vinne kåringa etter å ha spelt kun 9 kampar i årets serie. Det er tredje gongen Kim vinn denne prisen, Bøland har eit godt fotballhovud og dette i saman med tæl og innsats gjer Kim til ein særs viktig spelar for klubben.

Les meir »