Kai Arne Kvale12 mål i 2013
Sverre Melby11 mål i 2013
Ole Eirik Syversen5 mål i 2013
Ingen mål registrert
 

FK Vang - Snertingdal: 7-1 (3-1)

PUBLISERT 9. august 2013

Tveit stadion kunstgras 9 august kl 19.30.
Dommar: Svein Erik Slåttsveen
Speaker: Ferie
Publikum: 10 stk.

Det var klasseforskjell på laga i kveldens flomlyskamp. FK Vang spelte sin beste kamp for året og sendte Snertingdølene heim med 7 mål i sekken. Erik Sanne og Stein Ivar Sørengen var begge nye i startelleveren, Erik med overgang frå Fagernes IL og Stein Ivar med comeback.Begge desse og resten av laget spelte opp mot sitt beste og utklassa serietoeren med fin fotball. 
FK Vang mangla blandt anna sin faste keeper i kveld, men Kai Arne Kvale mønstra med hansker og hadde ei trening i mål før oppgjeret. Kai Arne sto dei fyrste 45 minutta og Erik Martinsen sto i andre omgang, han hadde ingen trening bak seg. Begge to hadde lite å gjera, men løyste bra dei prøvene dei vart sett på.
Måla kom på denne måten:
Corner FK Vang frå venstre side ved Tor Andre Rakstad, Kasper Kjeldsen vinn hodeduellen og scorar sikkert etter 15 minutt.
Innbyttar Erik Martinsen har spelt kun 1 minutt då han får passning frå Vegard Kjøs Egge og legg ballen til venstre for Snertindal sin keeper i det 30. minutt.
Snertingdal scorar sitt mål etter corner i det 45 minutt, det var kun denne sjansa dei hadde i fyrste omgang.
FK Vang får sitt tredje mål på overtid i fyrste omgang, corner igjen frå Tor Andre Rakstad som Stein Ivar Sørengen pressar ein Snertingdøl til å score sjølvmål.
Pause.
49 min. Kai Arne Kvale med ein fin pasning til Erik Sanne som scorar meget sikkert i lengste hjørne.
55 min. Kasper Kjeldsen med passning fram til Sverre Melby som spring i frå alle og legg på til 5-1.
57 min. Sverre Melby vinn ballen tilbake etter ein duell og ordnar 6-1 på elegant vis.
64 min. Sverre Melby med pasningen til Kai Arne Kvale som scorar FK Vang sitt siste mål i toppkampen mot Snertingdal.
Meget bra i karakter til FK Vang etter denne kampen, viktig med rutinen som dei nye spelarane tilfører laget. 
Erik Sanne blir kåra til dagens FK Vang spelar, han var meget viktig med sin prat og ro. Han gjer dei rundt seg gode og er ein stor tilvekst til FK Vang.
Kasper Kjeldsen og Kai Arne Sandhaugo delte andre plassen i kåringa.

Laget: Kai Arne K, Kristoffer Kvale, Bjørnar, Kasper, Stein Ivar, Eirik, Kai Arne S, Erik S, Tor Andre, Vegard K E, Sverre og Erik M

Trening tysdag og torsdag i veka som kjem og kamp mot Bagn på fredag 16 august kl. 19.00 i Bagn.     

  

Beitostølen cup 2014

PUBLISERT 17.01.2014

FK Vang stiller med to lag på årets Beitstølen cup. Turneringa er flytta fram eit par helger i forhold til før, men mange dame og herrelag stiller opp. Les meir!

Les meir »

God Jul og Godt Nytt År

PUBLISERT 27.12.2013

FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2014 sesongen står for døra, Viva FK Vang. Dette bør feirast med salutt! FK Vang har også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin. Åpningstider: Les meir

Les meir »

Erik Sanne med i støtteapparatet

PUBLISERT 08.12.2013

Ola Rogn Tveit og Erik Sanne har ansvaret for FK Vang sitt A-lag i 2014. Erik Sanne kom til klubben i august 2013 og spelte haustsesongen i FK Vang. Klubben er meget godt tilfreds med at Erik også kjem inn i støtteapparatet.

Les meir »

Årets spelar 2013

PUBLISERT 20.10.2013

Kim Bøland vart årets spelar i FK Vang. Kim bur og jobbar i Oslo, det er ein meget stor prestasjon å vinne kåringa etter å ha spelt kun 9 kampar i årets serie. Det er tredje gongen Kim vinn denne prisen, Bøland har eit godt fotballhovud og dette i saman med tæl og innsats gjer Kim til ein særs viktig spelar for klubben.

Les meir »