FK Vang - Etnedal: 3-1 (1-0)

PUBLISERT 23. august 2013
Tveit stadion kunstgras fredag 23 august kl. 19.30.
Dommar: Svenn Olav Fossholt.
Speaker: Vidar Eltun.
Publikum: ca 20 stk.
FK Vang skulle ha punktert kampen etter fyrste halvtimen, men
scora kun 1 mål på 7 rimeleg bra sjanser. Etendal var bra med siste
15 minutta av omgangen, men hadde vel kun 1 sjanse i løpet fyrste
omgangen.
Etnedal var også bra med fyrste halvtimen av andre omgang og FK
Vang hadde ein bra avsluttning på kampen og vannt fortjent.
Kampen starta som nemt med stor FK Vang dominans, og sjansene
var mange og store.
Kai Arne Kvale luktar på toppscorartittelen etter kun få
kampar i år og lykkast i det 16 minutt då han blir spelt fri på vår
venstreside og plasserar ballen frekt over ein Etnedalskeeper
som er på halvdistanse. Erik Martinsen har den
forløysande passningen. FK Vang har etter dette store sjanser
på dødballar, men får berre den eine scoringa før pause. Etnedal
har kun 1 sjanse før halvtid.
I pausa er mø enige om å gå ut å drepa kampen som det blir kalla,
men lykkast ikkje med det. Det blir stillingskrig på midtbanen utan
at dei heilt store sjansane til nokon av lagene. 20
minutt ut i omgangen lykkast Etnedal med reduseringa til 1-1 etter
ei avklaring frå vårt forsvar som blir putta utagbart til
høgre for vår gode keeper.
FK Vang gjer nokre små justeringar og mobiliserer for ein
sluttspurt, dette lykkast godt.
Erik Martinsen er flytta opp på banen og rusar fram på vår
høgrekant, han sler ballen fint på skrå ut til innbyttar
Eirik Presthegge som scorar sikkert frå ca 5 meter. Meget gode løp
og prestasjoner frå begge to gjer at FK Vang atter er i leiing
halvtimen ut i omgangen.
5 minutt seinar har FK Vang corner frå vår venstreside.
Tor Andre Rakstad sler ein perfekt corner, Kai Arne Kvale har
atter bestemt seg, han satsar perfekt og er hovudet over alle
i felten og scorar nydelig på heddinga. FK Vang har full
kontroll ut kampen og Eskil Storengen sine menn må ta vegen heim
til Etnedal med 0 poeng.
FK Vang hadde 14 stk til disposisjon i kveldens kamp og alle fekk
speletid, ungutane bankar på og klarte seg godt dei minutta dei
fekk. Eit godt tips for desse er trening og atter trening.
Erik Martinsen vart kåra til dagens mann i FK Vang, den tidlegare
ishokeyspelaren har ein fantastisk vilje og gjennombruddskraft og
var meget viktig for at FK Vang snudde kampen i sin favør det
siste kvarteret.
Kai Arne Kvale og Jarle Haugrud kom på delt sølvplass, mens Øyvind
Kjøs Egge var poenget bak dei i kåringa.
Laget: Jarle H, Kristoffer Kvale, Bjørnar, Øyvind, Erik M,
Sverre, Kai Arne S, Tor Andre, Kim K, Vegard K E, Kai Arne
K, Eirik, Vegard E og Håvard.
Trening i vekene som kjem: Tysdag og torsdag kl. 19.30
Beitostølen cup 2014
PUBLISERT 17.01.2014
FK Vang stiller med to lag på årets Beitstølen cup. Turneringa er flytta fram eit par helger i forhold til før, men mange dame og herrelag stiller opp. Les meir!
God Jul og Godt Nytt År
PUBLISERT 27.12.2013
FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2014 sesongen står for døra, Viva FK Vang. Dette bør feirast med salutt! FK Vang har også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin. Åpningstider: Les meir
Erik Sanne med i støtteapparatet
PUBLISERT 08.12.2013
Ola Rogn Tveit og Erik Sanne har ansvaret for FK Vang sitt A-lag i 2014. Erik Sanne kom til klubben i august 2013 og spelte haustsesongen i FK Vang. Klubben er meget godt tilfreds med at Erik også kjem inn i støtteapparatet.
Årets spelar 2013
PUBLISERT 20.10.2013
Kim Bøland vart årets spelar i FK Vang. Kim bur og jobbar i Oslo, det er ein meget stor prestasjon å vinne kåringa etter å ha spelt kun 9 kampar i årets serie. Det er tredje gongen Kim vinn denne prisen, Bøland har eit godt fotballhovud og dette i saman med tæl og innsats gjer Kim til ein særs viktig spelar for klubben.