Kai Arne Kvale12 mål i 2013
Sverre Melby11 mål i 2013
Ole Eirik Syversen5 mål i 2013
Ingen mål registrert
 

FK Vang - Bagn: 2-2 (2-0)

PUBLISERT 14. juni 2013

Dommar: Nils Arne Solberg, Slidre/Røn.
Speaker: Vidar Eltun.
Publikum: ca 15 stk
 
Poengdeling i lokaloppgjeret på Tveit i kveld, ikkje akkurat fortjent etter spel og sjanser men sluttresultatet vart 2-2.
FK Vang var klart best i fyrste omgang i medvinden på Tveit og hadde vel 13 cornera og 7 sjanser, men scora kun 2 mål.
I andre omgang hadde Bagn medvind og scora 2 mål på sine 4 sjanser, effektivt og enkelt.
Kampen starta som nemt med stor FK Vang dominans, heimelaget var godt dei fyrste 45 minutta og Bagn låg for det meste i eigen 16 meters sone. Cornerane ville ikkje inn i mål sjølv om det var mange av dei som omtala før.
Det gjekk 22 minutt før heimelaget fekk lønn for strevet, Kim Kveno spelar igjennom Ole Eirik Syversen som scorar lekkert. Ti minutt seinar kjem Erik Martinsen på eit raid frå sin venstreback, han tråklar seg heilt til 16 meteren der han passar til Ole Eirik Syversen som puttar sitt andre mål for kvelden. FK Vang burde ha putta fleire ballar i mål, men 2-0 til pause føltest sikkert nok.
2-0 er som kjent ei farleg leiing i fotballkampar og det fekk heimelaget føle i kveldens kamp. Bagn er fullt på høgde denne omgangen og vil mest kan det virke som. 16 minutt ut i omgangen får dei corner og banens høgaste og kansje beste spelar scorar med ei fin hedding. Kvarteret før slutt får dei frispark like utanfor 16 meteren litt på skrå. Samme spelar sett ballen direkte i mål under vår keeper som er litt uheldig i situasjonen.
FK Vang skapar fire store sjanser etter dette, men makter ikkje å score meir mål. Bagn har også eit stolpeskudd. Eg vil også gje honnør til jenta som Bagn har med i store deler av kampen.
  
Henning og Håvard får desverre ikkje speletid i dag, men får garantert speletid seinare.

Ole Eirik Syversen får bestemannsprisen på FK Vang i kveld, han er poenget framfør Anders Skrebergene. Erik Martinsen tek bronseplassen.

Laget: Jarle H, Kr. Kvale, Øyvind, Bjørnar, Erik, Fredrik, Anders Kim K, Kr. Kvien, Vegard K E, Ole Eirik, Runar, Eirik, Henning og Håvard.

Det er litt synd med mange utskiftingar pga forfall frå kamp til kamp, men lykka er att stallen er stor så det er mange og ta av. Utfordringa er samspelet som ikkje glir like enkelt når det blir så mykje endringar i laget. FK Vang skaper 13 sjanser mot Bagn sine 5, cornerstatistikken syner også 16 - 3 i heimelaget sin favør. Tala her er positive, men uttellinga er negativ. 
 
Trening i komande veke: Tysdag og torsdag kl. 19.30


       

Beitostølen cup 2014

PUBLISERT 17.01.2014

FK Vang stiller med to lag på årets Beitstølen cup. Turneringa er flytta fram eit par helger i forhold til før, men mange dame og herrelag stiller opp. Les meir!

Les meir »

God Jul og Godt Nytt År

PUBLISERT 27.12.2013

FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2014 sesongen står for døra, Viva FK Vang. Dette bør feirast med salutt! FK Vang har også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin. Åpningstider: Les meir

Les meir »

Erik Sanne med i støtteapparatet

PUBLISERT 08.12.2013

Ola Rogn Tveit og Erik Sanne har ansvaret for FK Vang sitt A-lag i 2014. Erik Sanne kom til klubben i august 2013 og spelte haustsesongen i FK Vang. Klubben er meget godt tilfreds med at Erik også kjem inn i støtteapparatet.

Les meir »

Årets spelar 2013

PUBLISERT 20.10.2013

Kim Bøland vart årets spelar i FK Vang. Kim bur og jobbar i Oslo, det er ein meget stor prestasjon å vinne kåringa etter å ha spelt kun 9 kampar i årets serie. Det er tredje gongen Kim vinn denne prisen, Bøland har eit godt fotballhovud og dette i saman med tæl og innsats gjer Kim til ein særs viktig spelar for klubben.

Les meir »