Kai Arne Kvale12 mål i 2013
Sverre Melby11 mål i 2013
Ole Eirik Syversen5 mål i 2013
Ingen mål registrert
 

Dokka SK - FK Vang: 1-0 (0-0)

PUBLISERT 16. mai 2013

Dokka stadion 16 mai kl. 19.00.
Dommer: Svein Erik Slåttsveen
Publikum: ca 50 stk.

FK Vang presterer bra, men lykkast ikkje på straffe i kveld heller. Gjestene hadde kun 12 tilgjengelige til kveldens kamp, men var fullt på høgde og kansje bedre en vertene i kveldens batalje på ei bra Dokka grasmatte.

Dei fyrste 45 minutta er jamne, det er notert 2 sjanser til kvart av laga og FK Vang har ein corner meir enn heimelaget. Stillinga er 0-0 til pause og det er greit.

FK Vang er enige i pausa om å fortsatt ligge kompakt og gje Dokka lite rom, dette fungerer bra bortsett i frå scoringa til Dokka. Ein Dokkaspelar får stå heilt fri på 16 meter og prikke ballen i lengste utagbart for vår eminente keeper etter ca 50 minutt.

Laget frå Valdres er på høgget og skaper ein del sjanser utover, men lykkast ikkje med avsluttningane. Sverre får ein passning frå Tor Andre og er fri litt til venste for mål, Sverre skyt og ballen råkar ein Dokkaspelar og går i mål. Dommaren bles for ein meget tvilsom offside på Sverre, dette skjer mitt i omgangen
Erik Pettersen blir sett fram på vår venstreside på mittbanen og blir spelt igjennom. Han blir felt innanfor 16 og Slåttsveen bles korrekt 11 meter når ca 10 minutt gjennstår av kampen. Straffa blir desverre redda av ein god Dokka keeper som gjer retur ut i feltet som ein FK Vangspelar bles høgt over mål. Straffeskyttaren vår blir rent ned av ein Dokkaspelar og skada etter straffa, ein real knock out er vel rett utrykk. Dommaren burde ha blåst ny straffe i denne situasjonen etter vår meining.  Kampen ebbar ut med seier til heimelaget, men gjestene burde også i denne kampen reist heim med poeng.

Synd med sjukdom, skader og andre forfall på sentrale spelara i FK Vang som måtte stå over kveldens kamp.
FK Vang har prestert bra alle kampane så langt i år, det er synd og meget ufortjent at laget har kun 3 poeng. Litt utur til nå, men dette vil garantert snu om laget fortsett på samme måten.
Ros til alle spelarane etter kveldens kamp, alle står på! 
Vegard Kjøs Egge vart atter kåra til FK Vang sin beste spelar tett fulgt av broren Øyvind, Jarle Haugrud fekk også pallplass som tredje best i kåringa.

Laget: Jarle H, Kristoffer, Øyvind, Bjørnar, Erik, Petter, Tor Andre, Kai Arne S, Kim B, Vegard K E, Sverre og Vegard E

Treningar i vekene som kjem bli tysdagar og torsdagar kl. 19.30 

Kampen mot Bagn fredag 24 mai blir utsatt til fredag 14 juni kl. 19.30

    

Beitostølen cup 2014

PUBLISERT 17.01.2014

FK Vang stiller med to lag på årets Beitstølen cup. Turneringa er flytta fram eit par helger i forhold til før, men mange dame og herrelag stiller opp. Les meir!

Les meir »

God Jul og Godt Nytt År

PUBLISERT 27.12.2013

FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2014 sesongen står for døra, Viva FK Vang. Dette bør feirast med salutt! FK Vang har også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin. Åpningstider: Les meir

Les meir »

Erik Sanne med i støtteapparatet

PUBLISERT 08.12.2013

Ola Rogn Tveit og Erik Sanne har ansvaret for FK Vang sitt A-lag i 2014. Erik Sanne kom til klubben i august 2013 og spelte haustsesongen i FK Vang. Klubben er meget godt tilfreds med at Erik også kjem inn i støtteapparatet.

Les meir »

Årets spelar 2013

PUBLISERT 20.10.2013

Kim Bøland vart årets spelar i FK Vang. Kim bur og jobbar i Oslo, det er ein meget stor prestasjon å vinne kåringa etter å ha spelt kun 9 kampar i årets serie. Det er tredje gongen Kim vinn denne prisen, Bøland har eit godt fotballhovud og dette i saman med tæl og innsats gjer Kim til ein særs viktig spelar for klubben.

Les meir »