Tor Andre Rakstad
PUBLISERT 6. mars 2013
Tor Andre blir med som trenar for FK Vang sine seniorar i
2013.
Ungguten frå Heggenes har mykje fotball i seg og skal også spela
for klubben.
Tor Andre Rakstad og Ola Rogn Tveit deler på ansvaret og håper på
ein god sesong for FK Vang.
Beitostølen Cup er fyrste utfordringa i slutten av denne
månaden.
Beitostølen cup 2014
PUBLISERT 17.01.2014
FK Vang stiller med to lag på årets Beitstølen cup. Turneringa er flytta fram eit par helger i forhold til før, men mange dame og herrelag stiller opp. Les meir!
God Jul og Godt Nytt År
PUBLISERT 27.12.2013
FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2014 sesongen står for døra, Viva FK Vang. Dette bør feirast med salutt! FK Vang har også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin. Åpningstider: Les meir
Erik Sanne med i støtteapparatet
PUBLISERT 08.12.2013
Ola Rogn Tveit og Erik Sanne har ansvaret for FK Vang sitt A-lag i 2014. Erik Sanne kom til klubben i august 2013 og spelte haustsesongen i FK Vang. Klubben er meget godt tilfreds med at Erik også kjem inn i støtteapparatet.
Årets spelar 2013
PUBLISERT 20.10.2013
Kim Bøland vart årets spelar i FK Vang. Kim bur og jobbar i Oslo, det er ein meget stor prestasjon å vinne kåringa etter å ha spelt kun 9 kampar i årets serie. Det er tredje gongen Kim vinn denne prisen, Bøland har eit godt fotballhovud og dette i saman med tæl og innsats gjer Kim til ein særs viktig spelar for klubben.