Beitostølen cup
PUBLISERT 6. mars 2013
FK Vang stiller med 2 lag til helga.
FK Vang 2 er sett opp i gruppe A mot desse laga: Ø.Slidre/Rogne,
Valdres FK jr.1 og Fagernes il.
FK Vang 1 er sett opp i gruppe B mot desse laga: Drammen FK 2,
Valdres FK jr.2 og Torpa Toppfotball.
Innleiande runde for begge våre lag er fredag 25 januar.
FK Vang 2 har fyrste kamp kl. 18.22 og FK Vang 1
har sin fyrste kamp kl. 20.17.
FK Vang håper å karre seg til sluttspel som er sundag.
FK Vang stiller med desse 18 robuste karane: Jarle H, Jarle J, Anders, Kim K, Kim B, Robert, Kai A K, Kai A S, Kjell M, Thomas, Vegard E, Tord, Sverre, Tor Andre, Ole Eirik, Bjørnar, Kristoffer og Fredrik.
Resultater frå innledande runde:
FK Vang 2 - Fagernes il: 1 - 2, Sverre Melby
FK Vang 2 - Øystre Slidre/Rogne: 3 - 1, Sverre Melby 2 og Jarle
Jevne
FK Vang 2 - Valdres FK JR 1: 0 - 1
FK Vang 2 vart nr. 3 i gruppa si med 3 poeng og 4-4 i
målscore. Laget kan gå til sluttspel som eit av laga som
vart nr. 3 i gruppa si (2 stk av 6 grupper)
FK Vang 1 - Drammen FK 2: 1 - 2, Kjell Magne Kvale med scoring i
krysset
FK Vang 1 - Torpa Toppfotball: 3 -2, Robert Christensen med 2 (1 i
krysset) og Kai Arne Kvale
FK Vang 1 - Valdres FK JR 2: 1 - 1, Kai Arne Kvale
FK Vang 1 vart også nr. 3 i gruppa si med 4 poeng og 5 - 5 i
målscore. Dette laget ligg pr. no som beste 3 er lag når tre
av 7 grupper er ferdigspelt.
Om begge laga går vidare til sluttspel møtes FK Vang 1 og FK
Vang 2 på sundag kl. 11.22.
FK Vang 1 er videre til sluttspel som det beste
av 3-er laga, desse 3-er laga møtes i morgen sundag 27
januar kl. 11.20 i sluttspelet. FK Vang 1 vil mest sansynleg møte
Kolbu KK 1 som er 3 i gruppa si med 3 poeng og 6-6 i
målscore.
Hadde FK Vang 2 scora eit mål til, hadde Vang sine lag møttes som
dei beste 3-laga i sluttspelet.
Viva Vang
Beitostølen cup 2014
PUBLISERT 17.01.2014
FK Vang stiller med to lag på årets Beitstølen cup. Turneringa er flytta fram eit par helger i forhold til før, men mange dame og herrelag stiller opp. Les meir!
God Jul og Godt Nytt År
PUBLISERT 27.12.2013
FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2014 sesongen står for døra, Viva FK Vang. Dette bør feirast med salutt! FK Vang har også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin. Åpningstider: Les meir
Erik Sanne med i støtteapparatet
PUBLISERT 08.12.2013
Ola Rogn Tveit og Erik Sanne har ansvaret for FK Vang sitt A-lag i 2014. Erik Sanne kom til klubben i august 2013 og spelte haustsesongen i FK Vang. Klubben er meget godt tilfreds med at Erik også kjem inn i støtteapparatet.
Årets spelar 2013
PUBLISERT 20.10.2013
Kim Bøland vart årets spelar i FK Vang. Kim bur og jobbar i Oslo, det er ein meget stor prestasjon å vinne kåringa etter å ha spelt kun 9 kampar i årets serie. Det er tredje gongen Kim vinn denne prisen, Bøland har eit godt fotballhovud og dette i saman med tæl og innsats gjer Kim til ein særs viktig spelar for klubben.