Sverre Melby14 mål i 2012
Kasper Kjeldsen11 mål i 2012
Kim Kveno9 mål i 2012
 

FK Vang 1 til kvartfinale

PUBLISERT 27. januar 2013

FK Vang 1 kom til kvartfinala i årets Beitostølen Cup.

Kolbu KK vart slått 3-1 i 16 dels finala, Totenlaget hadde lada godt opp laurdagskvelden og måtte sjå seg utslått av eit delvis hanglande FK Vang.
Målscorara var Kai Arne Kvale 2 og Fredrik Paulsrud.

Vegard braut 30 km i NM laurdag for å bli med FK Vang i dag. Godt at Vegard vart med, då ein av våre ikkje dukka opp.

Valdres FK JR 1 var motstandar i kvartfinala, juniorane var gode utover i kampen og vannt fortjent til slutt. 
Valdres FK JR 1 har til tider så store primadonnanykker at det går utover laget, men dette var lagt vekk i kampen mot oss og det var bra for dei.
FK Vang spelte jamnt med dei lenge, over halve kampen var det 0-0 og rimeleg underholdande men det rakna litt på slutten for tungpusta Vangs spelara. 
FK Vang er godt nøygde med helga med tanke på treningstimar i forhold til mange av motstandarane våre.
Vegard Kjøs Egge får bilde på nettsia etter prioriteringa av fotball med FK Vang i dag og det nydelege nedtaket og nesten fulltreff mot Valdres buret i sluttminutta.

Treningar framover blir fredagar kl. 20.15 i B.S.cup hallen.

 

Motstandere 2013

PUBLISERT 20.02.2013

FK Vang møter Varde i fyrste seriekampen fredag 3 mai kl. 19.30 på Tveit stadion. Andre lag i vår avdeling blir: Snertingdal, Dokka SK, Ringelia, Vest Torpa 2, Bagn og Etnedal.

Les meir »

Beitostølen cup

PUBLISERT 24.01.2013

FK Vang stiller med 2 lag til helga. FK Vang 2 er sett opp i gruppe A mot desse laga: Ø.Slidre/Rogne, Valdres FK jr.1 og Fagernes il. FK Vang 1 er sett opp i gruppe B mot desse laga: Drammen FK 2, Valdres FK jr.2 og Torpa Toppfotball.

Les meir »

Tor Andre Rakstad

PUBLISERT 06.01.2013

Tor Andre blir med som trenar for FK Vang sine seniorar i 2013. Ungguten frå Heggenes har mykje fotball i seg og skal også spela for klubben. Tor Andre Rakstad og Ola Rogn Tveit deler på ansvaret og håper på ein god sesong for FK Vang.

Les meir »

Fyrverkerisalg

PUBLISERT 28.12.2012

Smellert til nyttårsfeiringa? FK Vang har også i år fyrverkeriutsalg i Elektromotasje sine kjellerlokaler på Synshagin næringspark. Utsalgsdager blir laurdag 29., sundag 30. og nyttårsaften frå kl. 10.00 til kl. 15.00. Me sjåast!

Les meir »