Bjørnar Hermundstad, årets spelar

PUBLISERT 11. november 2012
Bjørnar vant med god margin og heva pokalen høgt etter
premieutdelinga på Beitostølen i går kveld.
Festkomiteen hadde oppgåva med å kåre årets mål i FK Vang. Bjørnar
Hermundstad fekk også denne prisen etter praktscoringa mot Dokka på
heimebane i haust.
Sitert frå heimesida etter kampen:
"Heimelaget starta friskt, Bjørnar Hermundstad fekk lade kanonen og
pressa eit langskot i krysset i motvinden på Tveit stadion, slå
den! Årets mål var superlativene i pausen, målet kom etter 3 minutt
og assisten hadde Tor Andre Rakstad."
Sverre Melby har vore ei stor offensiv kraft for FK Vang i 2012.
Sverre scora 14 mål og vart toppscorar og ikkje nok med det,
Sverre tok også assistprisen med sine 9 assistar. Oppmøteprisen
gjekk også til Sverre Melby.
Treningsvilje og prestasjonar heng ofte ihop, Sverre og
Bjørnar er eit bevis på akkurat dette.
Spelarane og klubben er godt tilfreds med å havne på 3 plass i
2012. Med tanke på satsinga til Fagernes il og Dokka bør FK
Vang væra godt tilfreds med pallplass.
Takk til alle spelarane, støtteapparatet og publikum for
sesongen 2012.
Trening for sesongen 2013 starter opp på Beitostølen fyrst i desember.
Motstandere 2013
PUBLISERT 20.02.2013
FK Vang møter Varde i fyrste seriekampen fredag 3 mai kl. 19.30 på Tveit stadion. Andre lag i vår avdeling blir: Snertingdal, Dokka SK, Ringelia, Vest Torpa 2, Bagn og Etnedal.
FK Vang 1 til kvartfinale
PUBLISERT 27.01.2013
FK Vang 1 kom til kvartfinala i årets Beitostølen Cup. Kolbu KK vart slått 3-1 i 16 dels finala, Totenlaget hadde lada godt opp laurdagskvelden og måtte sjå seg utslått av eit delvis hanglande FK Vang. Målscorara var Kai Arne Kvale 2 og Fredrik Paulsrud. Vegard Kjøs Egge styrka FK Vang i kvartfinala, Vegard braut 30 km i NM laurdag for å bli med FK Vang i dag. Godt at Vegard vart med, då ein av våre ikkje dukka opp.
Beitostølen cup
PUBLISERT 24.01.2013
FK Vang stiller med 2 lag til helga. FK Vang 2 er sett opp i gruppe A mot desse laga: Ø.Slidre/Rogne, Valdres FK jr.1 og Fagernes il. FK Vang 1 er sett opp i gruppe B mot desse laga: Drammen FK 2, Valdres FK jr.2 og Torpa Toppfotball.
Tor Andre Rakstad
PUBLISERT 06.01.2013
Tor Andre blir med som trenar for FK Vang sine seniorar i 2013. Ungguten frå Heggenes har mykje fotball i seg og skal også spela for klubben. Tor Andre Rakstad og Ola Rogn Tveit deler på ansvaret og håper på ein god sesong for FK Vang.