Kai Arne Kvale11 mål i 2011
Robert Christensen8 mål i 2011
Øyvind Kjøs Egge4 mål i 2011
 

God jul

PUBLISERT 23. desember 2011

FK Vang ynskjer alle ei riktig god jul!!
Takk til barna, foreldra, trenara, lagleiara, seniora, senioritas, suportera, dommara og sponsora, styret og dugnadsgjengen for året som er gått!

A-laget er i full gang med trening og vil ha ei trening i romjula. Hallen på helsesportsenteret er plassen, og dagen blir torsdag 29 desember kl. 17.00 - 19.00.

FK Vang vil også dette året stå for fyrverkerisalg i Vang.
Ny utsalgsplass blir på næringshagen i Vang(Synshagin) vis a vi E-verket attmed E 16.
I Elektromontasje AS sitt lokale i underetasjen blir vi å finne dei tre siste dagane før saluttane skal smelle.

Treninga igang

PUBLISERT 01.12.2011

Fyrste trening for 2012 sesongen er gjennomført i hallen på Beitostølen. Treninga starta med eit spelarmøte der opplegget for 4 div. 2012 vart gjennomgått.

Les meir »

Oppstart 2012 sesongen

PUBLISERT 25.11.2011

FK Vang starter treningane inne i hallen på Beitostølen helsesportsenter torsdag den 1 desember kl.18.00 - 20.00. Opplegg for 2012, nye fjes og ei god treningsøkt står på programmet denne kvelden! Servering står ikkje på agendaen, men møt opp du som kan tenke deg å spela fotball i ein klubb med spreke kara og knakande gøtt miljø!

Les meir »

FK Vang får behalde plassen

PUBLISERT 18.11.2011

FK Vang beheld plassen i 4 divisjon. Rena fekk plassen som Moelven 2 ikkje ville ha og FK Vang overtok plassen til eit av samarbeidslaga Vest Torpa-Nordre Land 2. Sldre/Røn greier heller ikkje å stille lag i 4 div. 2012 så endå ein plass er ledig.

Les meir »

Fotballfest (1)

PUBLISERT 13.11.2011

FK Vang feiret 2011 sesongen på Tyinkrysset fjellstue i helga. Mange av spelarane var til fjells heile helga, og fleire har vel mest sansynleg ein litt tung dag i dag.

Les meir »