Kai Arne Kvale11 mål i 2011
Robert Christensen8 mål i 2011
Øyvind Kjøs Egge4 mål i 2011
 

Fotballfest (1)

PUBLISERT 13. november 2011

FK Vang feiret 2011 sesongen på Tyinkrysset fjellstue i helga.
Mange av spelarane var til fjells heile helga, og fleire har vel mest sansynleg ein litt tung dag i dag.
 
Festkomiteen som i år besto av Kim B, Anders og Sverre hadde ordna eit bra opplegg.
 
Det heile starta fredagskvelden med Ola quiz, spørsmåla var stort sett frå årets sesong, men det spørsmålet som skapte mest bryderi var vel kor stor mittsirkelen på ein fotballbane er i m2. Vinnarane vart laget som besto av Kristin T, Anders, Thomas og Vegard E. 
Etter quizen kom Jon Ivar med ryggsekken sin og delte ut innhaldet med god kontroll. 14 stk fekk glede av å væra med i starten, ein del slapp taket fort, mens andre vart med litt lenger. Jon Ivar, fotograf Olav Andre og Ola var dei som trakk det lengste strået og kom på pallen. Favorittseier i denne disiplinen kan ein vel seia.

Laurdagen starta med landskampen Wales - Norge utan å skrive så mykje meir om den, etter denne vart det storskjermvisning av Engeland - Spania, der brittane trakk det lengste strået.

Festmiddagen i form av Taco med mykje tilbehør som Pedro hadde stelt istand smakte meget godt, god mat i lag med god drikke og med litt tull og tøys ved bordet er mitt i blinken for seriøse seniorar i FK Vang.

Ca kl. 22.00 var alle samla nede i festsalen der premieutdelinga for 2011 vart gjennomført. Fotograf Olav Andre dokumenterte alt på Canon Ixusen sin, synd me ikkje har film av seansen for det var mange gode takketaler.

Årets spelar i FK Vang 4. div.lag, 2011 vart: Kim Bøland med 157 stjerner. Anders Skrebergene kom på sølvplass med 122 stjerner og Øyvind Kjøs Egge på 3 plass med 112 stjerner.

Årets spelar i FK Vang 5. div,lag, 2011 vart: Tommy Enger med 90 stjerner. Kasay vart nr 2 med 34 stjerner og Even Helle kom på bronseplass med 31 stjerner.

Toppscorar i både 4 og 5. div. vart Kai Arne Kvale med 11 mål i den høgaste divisjonen, Kai Arne spelte ein kamp i 5. div der han scora 6 mål. Ole Eirik Syversen scora også 6 mål i 5. div. og delte denne prisen med mr. Kvale.

Assistkongen i 4. div. 2011: Ole Eirik Syversen med 8 assistar.
Assistkongen i 5. div. 2011: Evigunge Tommy Enger, også han med 8 assistar.

Ny pris for året var kongen av Nordlidtesten, denne testen vart gjennomført 2 gonger i løpet av sesongen. Vegad Kjøs Egge klarte 29 runder og vart årets konge, Even Helle var o,o4 runder bak og tok sølvplassen. Tommy Enger inntok også pallplass med sine 27,9 runder.

Råtassen for 2011 vart: Kai Arne Kvale med 1 direkte raudt og 2 gule kort.
FK Vang 4. div. fekk totalt kun 12 kort i løpet av sesongen 2011.

Årets mål i 4. div. 2011: Ole Eirik Syversen med frisparket i heimekampen mot Snertingdal.
Årets mål i 5. div. 2011: Even Helle med avsluttninga heime mot Breiskallen der skuddet kom klistra i vinkelen.

Innsatsprisen for 2011 gjekk til kapteinen vår: Anders Skrebergene

FK Vang gratulerer alle prisvinnarane for fotballåret 2011, og alle andre for ein vel gjennomført fest og fotballsesong. 

                 

God jul

PUBLISERT 23.12.2011

FK Vang ynskjer alle ei riktig god jul!!

Les meir »

Treninga igang

PUBLISERT 01.12.2011

Fyrste trening for 2012 sesongen er gjennomført i hallen på Beitostølen. Treninga starta med eit spelarmøte der opplegget for 4 div. 2012 vart gjennomgått.

Les meir »

Oppstart 2012 sesongen

PUBLISERT 25.11.2011

FK Vang starter treningane inne i hallen på Beitostølen helsesportsenter torsdag den 1 desember kl.18.00 - 20.00. Opplegg for 2012, nye fjes og ei god treningsøkt står på programmet denne kvelden! Servering står ikkje på agendaen, men møt opp du som kan tenke deg å spela fotball i ein klubb med spreke kara og knakande gøtt miljø!

Les meir »

FK Vang får behalde plassen

PUBLISERT 18.11.2011

FK Vang beheld plassen i 4 divisjon. Rena fekk plassen som Moelven 2 ikkje ville ha og FK Vang overtok plassen til eit av samarbeidslaga Vest Torpa-Nordre Land 2. Sldre/Røn greier heller ikkje å stille lag i 4 div. 2012 så endå ein plass er ledig.

Les meir »